Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Leif Øren

[#66376] Skifte etter Søren Sjurson Solheim, Førde

Recommended Posts

Gjest Leif Øren

Er det mogeleg å få opplyst kven som er nemnde i skiftet etter:Søren Sjurson Solheim, Førde, Sunnfjord. Protokoll 4b(1730 - 1732) side 335b.Mvh.Leif Øren

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Dato 2. nov. 1731, enke Johanne Nielsdatter og barna Lars S. 15 og Guri S., 18, fra ekteskapet med enken, og fra hans første ekteskap: Siver S., 36 år, 'seigler udenlands', Ole, 30, Erich, 24, marj, 43 ugift, og Barbro, 33, ugift.Boet eide 1 pund smør i Sollem.Som enkens lagverge står 'hendes sønn' Gierdt Friborg som lagverge. Han var og formynder for Guri.Ole Solem var verge for broren Lars, og ivartok broren Sivers arv.Som verge for Mari står Madtz Bierchedalen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leif Øren

Mange takk for nyttige opplysningar. Eg trur Ole Sørenson var far til Søren Olsson Svarthumle.Mvh. Leif Øren

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjarne Øyra

Dette heng vel ikkje i hop med det som seinare står i innlegg 66550 ? Det er vel den siste teorien som er mest sannsynleg ?mvh Bjarne Øyra, Naustdal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leif Øren

Det er heilt rett. Eg tok feil når eg trudde at Ole Sørenson Solheim var far til Søren Olson Svarthumle. Eg orsakar dersom det har skipa ugreie.Eg er vidare usikker på om Solheimsgarden til Ole Sørenson, er i Naustdal, eller om det er ein annan Solheimsgard i Førde.Mvh. Leif Øren

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjarne Øyra

Friborg og Bjørkedalen tyder på at det er Solheim i Solheimsdalen - no Førde.Min interesse for Søren Olsen Svarthumle og andre i Svarthumle, Agledal og Langedal er fordi at eg har ein teori om ein Ole Bendiksen som bl.a. var fadder til Søren si dotter Sofie i 1777. [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11532&idx_id=11532&uid=ny&idx_side=-421>LenkeTeorien er at Ole Bendiksen er son til Bendik Larsen Midtbø seinare Floren, og dermed syskenbarnet til Søren O.Ole Bediksen vart seinare g.m. ei Synneve Nielsdtr som truleg er ho som var fadder på Søren O. Svarthumle si dotter Elie då ho vart døypt i Naustdal i 1780. LenkeOle og Synneve busette seg seinare i Høydalen, og flytte omkring 1818 Standal der to av døtrene då var gift.Kjenner du noko til Bendix Ørens datter Anne Catharina døpt 7/9-1760. Fadr: Ole Hopen, Abraham Osen, Malene Osen, Brithe Iversdtr, Elie Hopen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leif Øren

Det er ingen haldepunkt for at Anna Catharina Bendixdotter var fødd på garden Øren i Eikefjordsdalen. Fadrane høver vel best med ein gard i Høydalsfjorden. Det må nemnast at garden Osen i allefall ein gong, er nemnd som Osøren i kyrkjebøkene. Eit bruk under garden Solheim/Midtbø i Nordalsfjorden er også nemnd som Øren.Eg undrar meg på om Bendik Larsson flytta litt rundt i prestegjeldet. Kan det være den same Bendix Larsen som i 1768 i Hellevikja blei forlova med Ingebor Andersdotter Endestad? Seinare same året blei dei gifte på Flora. Hellevikja er i same område som Osen og Hopen. Eg veit ikkje kven Ingebor var dotter til.Ein Bendik Larsson f. 1708 på Skei i Naustdal er nemnd på garden Veiesund i 1787, jf. Florasoga s. 173. Truleg er det han som døydde der i 1793 88 år gamal, og kanskje er Ingjeber som døydde der i 1794 78 år gamal, kona hans. På same garden budde Anne Bendiksdotter f. ca. 1756. Truleg er det henne det er skifte etter i 1806.Eit spørsmål. Veit du kven Synneve Nielsdtr. var dotter til?Mvh. Leif Øren

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.