Gå til innhold
Arkivverket

[#66380] søker informasjon om Abraham Hanson Torheim/Gjesdal i Nordfjord


Gjest Ole marius Lien
 Del

Recommended Posts

Gjest Ole marius Lien

Er på leiting etter Abraham Hanson og kvar han kom i fra, Leitar og etter informasjon om kona til Chrestaphore sonen hans.Legg ved det eg har av opplysningar om dei og håpar at det er nokon her som har komt over desse navna..Informasjon om Abraham Hanson:I følge Jacob Aaland, bygdebok for Davik, budde Abraham Hanson i 1690 på bruk no 2 på Ytre Torheim (Eid/Davik) I folketellinga i 1701 var han 41 år og budde på Ytre Torheim. Han må han flytta fra Torheim. Var det då Abraham Hanson som vart brukar i Gjesdal, Davik og fekk bygsel der 07.07.1730? Abraham Gjesdal var gravlagd 13.07.1749, 97 år gammal. Eg trur han var gift fleire gangar, men vår ættemor var nok siste kona Christi Christensdatter, fødd ca 1674 frå Vik i Ålfoten, Davik. Christi døyde i Lida, Davik 15.04.1758. Sonen Chrestaphor budde då der.I stiftsamtmannens arkiv, Gloppen kompani i 1734 finn vi frå Ytre Torheim m.a. Simon Abrahamson 29 år ( brukar i Gjesdal) og Chrestaphor Abrahamson 23 år. (Kristoffer) Eg leitar og etter foreldra til Abraham Hanson og kvar han kom i frå?Chrestaphor Abrahamson ca 1711 – 1790. Han fann vi i nokre militære rullar i fogdearkivet. I 1740 var han i rulle for Gloppen kompani. Han var då frå garden Torheim i Ålfoten og fødd i 1711. Han var bondesønn, ugift og budde då på garden Lund i Eid. I følge pantebok for Nordfjord, 6 folie 51; Skjøte fra Anne Paulsdatter Glad til ærlige og mandhaftige soldat Christopher Abrahamson og hans tilkommende hustrue på Lien i Davigen…. Datert 31.03.1746Chrestaphore gifta seg den 19.06.1746 med Cathrine Ellingsdatter ib. Vitner var Jens Pedersen Færestrand og Iver Iversen GjesdalSidan Iver Iversen Gjesdal er vitne for Chrestaphore er det godt mulig at det er faren Abraham Hanson som flytte til Gjesdal.Har ikkje funne Cathrine Ellingsdatter nokon plass og finn heller ingen samanheng med vitnet Jens Pederse Færestrand (Vågsøy) veit heller ikkje kva skikken var før med hensyn til vitner, var det slekt eller bekjente som var vanleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Arnfrid Mæland

hei,En dame kontaktet meg i dag pr telefon ang denne saken, men jeg må si at jeg aner ikke hvem Abraham Hansen kan være. Har kikket gjennom Glad-boken, men finner ikke noe der.Kan det være noen skifter eller andre tinglysningsdokumenter som kan kaste lys over saken?Mvh Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Her er skifte etter Abraham Hansen Gjesdal i 1733. Her er nemnd kona Cristi, og ein son Simon og ei dotter Dorthe, det eg kan sjå. Det er også nemnd ei Dorthe Andersdtr her, og eg er usikker på korleis ho kjem inn i bildet. Litt vanskeleg å lese dette i farten, men det kan sjå ut som det er dei to Dorthe-ane som blir tilgodesett i skiftet, og Simon er vel då kanskje oppført som verge for søstra? Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7 , 1731-1734, oppb: Statsarkivet i Bergen.Merknader: Register bak i protokollen.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24224/315>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24224/315Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Etter ein ny gjennomgang av skifte, så ser det ut som om skiftet omhandler både Abraham Hansen og Kona Cristi Cristensdtr. Skifte må då være gjort i ein annan samanheng enn vedkommandes død.mvh egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole marius Lien

HeiEtter det som eg har fått vete i skifte så er det eit konkursbo etter Abraham og Christi. Og der kun tilgodesatt middel blir betalt ut. ( ifølge Aalndsboka for Davik så var Abraham fri bykslepengar då han overtok fordi gården var vannstelt av forige eigar. Han overtok i 1730. Og i 1734 er sonen Simon Abrahamson brukar. I skifte blir Dorthe Abrahamsdatter tilgodesatt etter moren. Vist til skiftebrev 1697. (dette skifte finst ikkje lenger) Denne piken Dorthe Andersdatter veit eg ingen ting om.Ole Marius

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole marius Lien

Hei ArnfridEg reknar med det var Annbjørg du snakka med. Ho er vel den som har mest greie på vår slekt. Sidan skifte etter Dorte Abrahamsdatters mor frå 1697 er borte så er det vanskelig og finne ut kva mora heiter.Sone Chrestaphore kjøpte gården Lien i Davik av Ane Glad i 1746. Og han fekk 4 born, Abraham og Christi og 2 som heite Ane men dei døde unge. Så Annbjørg hadde ein teori at han då hadde kalla opp atte etter Ane Glad..Det er og mulig at eine broren til Chrstaphore vart gift på Færestrand, Ein Simon Abrahamson er gift der ute (fødd 1715)Simon sin Svigerfar var vitne for Chrestaphore då han gifte seg. Den andre vitne var Iver Iverson Geisdal. Han var gift med ei Kari Abrahamsdatter Geisdal, (mulig ho var datter av Abraham og Christi)Ole Marius

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole marius Lien

Etter det som eg skjønnar av skifte så er Dorte frå eit anna ekteskap, og kvar Dorte Andersdatter kjem inn veit eg ikkje. Men det kan jo vere at Christi hadde ho før ho gifte seg med Abraham.. Her er eit lite utdrag av skifte som eg har fått oversett.Fyrst skifte etter Abraham Hanson Gjesdal datert 12.09.1733. Det var ikkje noko vanleg dødsbo men ett oppbudsbo ( konkursbo) Det var Abraham Hanson og hustru Christi Christendatter (Vik) som sjølve begjerte det avholdt. Det framgår av dette skiftet at kun prioritert gjeld tilgodesettast. Fyrst eldste dattera Dorthe Abrahamsdatter for til gode arv etter mora, skifte brev 17.09.1697. Til formyndar for henne broren Simen Abrahamson likeledast får pigen Dorthe Andersdatter ein andel, for henne er Abraham Hanson formyndar, skifte er datert 23.10.1719. For Dorthe Andersdatter blei Ivar Gjesdal formyndar. Ivar var gift med Kari Abrahamsdatter. Fleire som fekk utbetalt gjeld var Moren (sahl avdød!!!) Hans Glad, Iver Gjesdal, Christopher Abrahamson o.s.v. Det overnemte skiftet 1697 og 1719 er ikkje og finne, men Abraham har vore gift før han blei gift med Christ Christendatter Vik. rulle.mantall 1724 for Eid (stift…. No 1885) fann ein ikkje Abraham Hanson verken på Torheim eller Gjesdal, men på Mørkeset (Sørland) Mørcheset Abraham Hanson ikkje alder (over 60 år som var grensa) Sønene Hans Abrahamson 26 heime og gift. Christen Abrahamson 15, tjener i Stad skiber. Simen Abrahamson 12 hjemme, Christopher Abrahamson 10, Simen Abrahamson 7, hjemme.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.