Gå til innhold
Arkivverket

[#66404] Peder Andersen på Berset i Fræna, kven var foreldra hans


Gjest Anne Huse
 Del

Recommended Posts

Gjest Anne Huse

I eit skifte frå 1757 på Husøya etter Kari Andersdt. er Peder Andersen på Berset nemnd som bror. Han er død, men har 4 barn - Jacob, Mads, Peder og Kirsten. Formyndarar er Jens Olsen Hustad og Hans Nilsen Husøy. Kari har også søstra Ingri Andersdt. som bor på Husøya, gift med Nils Hansen.Mvh Anne Huse

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helge Bjerkevoll

Det er skifte etter Anders Madsen Heggdal i 1724.Myndige barn som er nevnt da er Knut, Reiert, Peder, Ingrid og Kari.En Mads er død før 1724.Kilde, Midsund I Johan Julnes.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne Huse

Takkar for tipsa. Det verkar slett ikkje usannsynleg at dette tipset er rett. Her har vi i så fall Knut som vart verande på Heggdal, Peder som kom til Berset, Ingri og Kari som kom til Husøya. Og på Ona var der ein los Reier Andersen, nemd i 1733, 1735, 1737 og 1745. Då har vi heile søskenflokken. Mvh. Anne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Olav Kleppen

Det ser ut som om John og Helge har funne løysinga her.No veit ikkje eg kor kjend du er med dei lokale tilhøva i det området som Berset (i dag skrive som Bergset) høyrer til, Anne. Eg vil berre seie at det verkar nokså irrelevant, ja beint fram meiningslaust, å trekkje namnet 'Fræna' inn her. I allefall når det gjeld slektstilhøve på 1700-talet.Berset er, og har alltid vore, ein del av Bud sokn i Bud prestegjeld, og var tidlegare ein i krins i Bud herad. Det var først ved kommunesamanslåinga fom. 1. januar 1964 at kommunane Bud, Hustad og Fræna kom saman i ei sams administrativ eining. Og som på grunn av ei regjeringskrise hausten 1963 og 'kokelimonke' frå lokalpolitikarar frå gamle Fræna herad, fekk namnet Fræna. Innstillinga både frå Schei-komiteen og den førre komunalministeren var at namnet på den nye storkommunen skulle vera Bud.Namnet Fræna har altså kun relevans for dette området som namn på den kommuneskipinga som kom til i 1964. Og det var først ved at dåverande Vågø sokn i Agerø prestegjeld vart eige prestegjeld ved kgl.res. 22.9.1859, at namnet Fræna vart teke i bruk.Dette berre til orientering :-)Mvh. Bjørn Olav

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne Huse

Takk for orienteringa, Bjørn. Eg skal gjerne innrømme at eg ikkje er så veldig godt kjent i det området som no er Fræna kommune, kva gardar kirkebøkene for Bud/Bud- Bud/Hustad - Indre Fræna - Ytre Fræna - Vågøy dekker.Elles berører dette noko som er viktig for oss som driv med 'bygde-bøker'. Eg vil gjerne at resultatet skal bli slik at det blir enkelt å finne fram i. Difor må både gards- og kommune-namn vere med når det gjeld kvar folk kom frå og kvar dei vart av. Eg vil tru at garden Bergset vil bli skrive om i ei av bygdebøkene for Fræna Kommune.Min kommune, Sandøy, var heller ikkje uberørt av Schei-komiteen. Ein del av sunnmørs-kommunen Haram vart overført til Sandøy. Å bli innb. i Sandøy var ille nok, men det verste var å bli gjort til romsdalingar. Og kva vi blir i framtida, veit vel ingen.Uansett stikkord, så fekk eg i alle høve godt napp. Mvh. Anne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.