Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#66410] Anne og Berte Absalonsdtr Sundhordvik - Kinn

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Dei var døtre av Absalon Nilsen Sundhordvik og Anne Sofie Kristoffersdtr. Absalon og Anne Sofie fekk 8 barn fram til 1882. Av dei har eg funne 6 igjen i FT 1900. Anne og Berta har eg ikkje funne.Far dør i 1901. 3 av barna døde 1901-1910 (den eine av desse er Markus som eg har omtalt i tidlegare sak: [url="http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=66215&sok=&nr=6&antinnlegg=5&startnr=&antall=&spraak=#anker>Lenke ). Når mor dør i 1923, er fem av barna i live. Dvs. at Anne og Berta må være i live då.Anne er fødd Anne Bergitte Absalonsdtr - Sundhordvik 6. mars 1874. (nr. 4) LenkeBerte er fødd Berte Aleksandrine Absalonsdtr - Sundhordvik i 16. nov. 1876 (nr. 1)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Kan dette vere den Anne du leiter etter? LenkeDet står rett nok at ho er fødd i 73, men eitt års feil er jo heilt normalt i folketeljingane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Kan virke lovande. Finn ingen annan Anne Absalomsdtr fødd Kinn 1873, og Anne og Anna blir det mykje veksla mellom. Veit du noko meir om ho, ekteskap spesielt?mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Det dør en Anna Absolonsen i Flora i 1942, men dessverre står det ikke når hun er født:Anna Absalonsen død 1942 Hun er gravlagt på gravplassen på Kinn felt 01 rekke 42 gravnr 99

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Til (3): Nei, eg veit dessverre ingenting om henne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

OK, men takk for hjelpa Torodd og Arnfrid. Eg skal kikke nærmare på denne/desse. Dersom den i nr. 4 og 5 er den same, så har ho sikkert ikkje gifta seg.Eg tar gjerne imot fleire tips.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Når det er så sent som 1942 kan du ta kontakt med kirkevergen, det blir vel Florø, og så vil de kunne svare på evt pårørende, kanskje også når og hvor hun var født.A

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Godt tips. Det skal eg gjere.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Jeg har latt meg fortelle at der flyttet noen til Høysettunet, men der var også en plass som hette Absolonstunet i Florøområdet. Min kilde bor i Naustdal.Mvh.Birger Forsmo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for tipset Birger.Høgsettunet var ukjent, men kan skjekkast ut, nokon som veit kor det ligg.Absolonstunet er eg litt usikker på, då Absalon døde 1901 på Sunnarvik, og ikkje har budd på Floralandet, men takk for tipset. Det er vel lite truleg at tunet blei oppkalla etter etternamnet til Anna, men i fornamsnemning.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Min kilde er født Sunnarvik!Mvh.Birger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Beklager Birger, men det kan hende eg misforstod deg. Florøområdet er jo eit relativt begrep.Dette Absalonstunet kan då ligge i eller i nærleiken av Sunnarvik? Dersom det er garden til Absalon, så blei den overteken av mannen til yngste dattera til Absalon, etter at begge gutane var døde.Absalon var på 1800-talet eit forholdsvis vanleg namn i Sogn og Fjordane, men så vidt eg ser, var det meir sjeldant brukt ellers i landet. I FT 1900 er det oppgitt fem-seks personar med namn Absalon på gardane i nærleiken av Sunnarvik, som er fødde første halvdel av 1800-talet. Det kan difor være fleire kandidater som har gitt namn til tunet. Eg skal kikke nærmare på dette. Takk for tipset igjen.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for det. Godt å få noko på Berte og, for det har vore vanskeleg å finne gode kandidater for ho. Anne har eg funne/fått nokre kandidater på, sjølv om det har vore vanskeleg å finne bekreftande spor.Eg trur dette kan være ein god kandidat for Berte. Eg har gått gjennom kirkebøkene for Kinn fødd 1876-78, og det er kun ei anna som har Berte-lignande namn, og det er ikkje nokon grunn til at ho skulle ha etternamn Nilsen.Er det nokon som veit noko meir om denne. Kunne og vore interessant å vist kva skule ho gjekk på.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin H. Skibenes

Trur det er Anne B. som flyttar her,(høgre side, nr 14): Lenke (ser ut som det står 'ved Xania')

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Det har du rett i. godt jobba. Dette må være rett. Eg har ikkje lett etter flytta etter 1900, sidan eg ikkje har funne ho i FT 1900. No kan jo dette være den same som er omtala i innlegg 2. Xania må vel bety Kristiania (Meget kreativt).Det står noko frammom, men eg klarer ikkje å tyde det. Attestane er sendt 110503. Kan det være i samband med ekteskap?Eg har nokre registrerte begravelser i Flora kommune som eg arbeider med. Eg fortset med det, då vi ikkje kan utelukke at ho flytta tilbake.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Høysettunet må vel vere Høyset i Holsen eller Hukset i Naustdal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Og Xiania er ei vanleg forkorting for Christiania - Kristiania.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Eller kanskje rettare Xania.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for innlegga Harald.Eg er i full gang med å pløye kirkebøkene for Oslo etter ekteskap med brur frå Kinn. Det er ein del kirker å velge mellom, men vi får ta tida til hjelp, og håpe på treff.Trur vi kan konkludere med at begge jentene havna i Oslo, men om dei flytta vidare derifrå blir vel ei utfordring å evt. finne ut av.Eg og stussa litt over dette Høysetnamnet. Ikkje noko stadnamn som eg veit om i Flora, men eg forstod det slik at Høysettunet skulle ligge i Flora kommune. Då er det vel mest truleg eit veldig lokalt namn, som ikkje er almenn kjent, eller så er det nokon som flytta til Flora, og tatt med seg namnet. Eg tenkte i utgangspunktet på Høyset i Jølster, men det kan sjølvsagt være andre stadar i frå.Først og fremst no konsentrerer eg meg om å finne ekteskap i Oslo, og avklare gravene som kan være aktuelle i Flora. Grava i innlegg 4 trur eg vi kan utelukke ut frå dei signala eg har fått, men eg venter på ei endeleg avklaring av dette. Eg har og ei anna grav som eg held på å avklare på gravplassen i Stavang.Eg tar sjølvsagt mot gode tips om dei to jentene, og evt. etterkommarar av dei.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Jeg undres på om dette kan være den som søkes?Anne Bergitte Andersdatter tj ug Tjenestegjente. Kreaturstel 1877 Naustdal NB Mvh.Birger Forsmo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for tipset Birger. Ho her har eg sett på før, men ho har feil farsnamn, og er fødd i Naustdal.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.