Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Leif Øren

[#66550] Skifte Høydal, Kinn, Sunnfjord

Recommended Posts

Gjest Leif Øren

Er det mogeleg å få opplyst kven som er nemnde i skiftet etter:Daniel Olsen Høidal, Brandsøy, Sunnfjord. Protokoll 12a(1812 - 1817) side 112b.Eg har tidlegare fått kopi av skiftebrevet, men har problemer med å tolke skrifta.Mvh. Leif Øren

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Dato 2. mai 1815, enke Marte Olsdatter og arvinger: søstersønn Søren Simonsen Agledal, søstersønn Morten Simonsen Løkebøe, brordatter Olina Sørensdatter, g.m. Knud Pedersen Tønnevig, brordatter Synneve Sørensdatter g.m. Simon Olsen Grøndahl, Elie Sørensdatter, g.m. Nils Olsen Florøen, brordatter Kari Sørensdatter, g.m. Mads Sørensen Ramsdal, brordatter Sophie Sørensdatter, g.m. Christian Østensen Berge, brordatter Anne Sørensdatter, 22, og fullmyndig brorsønn Absalon Sørensen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leif Øren

Mang takk for god hjelp. Ut frå dette skiftet kan det ikkje være tvil om at Søren Olson Svarthumle, nemnd i blant anna tema 66496, var frå nabogarden Agledal.Mvh. Leif Øren

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løkkebø

Forstår jeg det da riktig at Daniel Olsen Høidal er bror av Abelu Olsdatter, trolig født på Skei, død på Agledal i 1791. Gift med Simon Olsen, født på Kalland, død på Agledal 1814.Abelu var datter av Olav Larsen, født på Skei, død Agledal 1775 og Synneve Danielsdatter, født på Agledal i 1702 og død Agledal 1770.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leif Øren

Kyrkjebøkene er dårlege når det gjeld døypte i Agledal. Dette kan skuldast at Agledal som høyrer til Kinn delvis sokna til Naustdal (Førde), og soleis fall mellom to stolar.Som eg har sagt så kan det ikkje være tvil om at Abelu Olsdotter Agledal, Daniel Olsson Høydal og Søren Olsson Svarthumle er syskjen. Eg trur også at dei mest sannsynleg er barna til Ole Larsson (1702-1775) og Synneve Danielsdotter Agledal (1702-1770) gifte 24.6.1733. Søren Olsson var fødd i 1736 (ut frå alder når han døydde i 1790) og namna på barna hans passer med dette.Det som kan skiple dette er eit anna ektepar som blei vigde i Agledal 23.1.1736. Nemleg Ole Andersson og Mari Danielsdotter. Mari var enkje etter 2 tidlegare ekteskap med Ellef Torstenson Steindal (vigd 5.10.1721) og med Steffen Janson Steindal (vigd 28.6.1727). Truleg hadde ho 3 barn desse. Om ho hadde barn med Ole Andersson veit eg ikkje. Eg veit heller ikkje om dei budde i Agledalen. Det ein kan legge merkje til at det 7.9.1735 blei døypt ein Søren Olsson i Standalen, som truleg er feilskreve for Steindal, då dette er innskreve i kyrkjeboka for Førde (Standalen høyrer til Kinn, medan Steindal høyrde til Førde).Det er mogeleg at skiftet etter Abelone Olsdotter Agledal og Anders Olsson Eikevoll kan opplyse meir om dette. Anders Olsson Eikevoll var frå Agledal og blei i 1768 gift med enkja Alis Larsdotter Eikevoll. Eg trur ikkje Anders hadde barn.Til skiftet etter Daniel Olsson Høydal må eg elles legge til at Tønnevig truleg er Fanevik, Simon Olsson Gøndahl (i Nordalsfjord) er truleg Simon Halvorson Grøndal og Christian Østensen Berge er truleg Christian Erikson Berget (i Naustdal).Mvh. Leif Øren

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løkkebø

Skiftet etter Abelu har jeg her hjemme. Men det er ikke lett å tyde for en som er utrenet på den type skrift. Men det er datert 8 juli 1791. Abelu Olsdatter Agledal. Leser også manden Simen Olsen Agledal.Når det gjelder arvinger leser jeg i alle fall Søren Simonsen, myndig 20 år og Morten Simonsen, 16 år. Dette skulle jo stemme med arvingene i innlegg 1.I utlodningen synes jeg å lese at Simon Olsen Agledal får 44-3-6, Søren Simonsen 22-1-11 og Morten Simonsen 22-1-11. Boets beholdning var så langt jeg kan se på 89-0-12. Jeg har i kirkebøkene funnet Abelu og Simon med flere barn, Ole født 1772, Lars født 1779 og Ole født 1779. Disse må da imidlertid ha gått bort som barn.Ved dåpen til Ole i 1772 har jeg registert Søren Svarthumle som fadder. De andre er Martin Sæterlie, Absalon Langedal, Alis Olsdatter Endestad og Ingeborg Gadden?Ved dåpen til Morten Simonsen i 1775 har jeg notert følgende som faddere: Faddere ved dåp: Halvor Langedal, Nils Langedal, Ole Arnesen Svarthumble, Karie Madsdatter Hafstad og Johanna Johannesdatter Svarthumble.Ved dåpen til Lars i 1779 har jeg notert Faddere: Elleve Olsen ??remmesviig, Suir Olsen Kalland, Rasmus Ullestad, Søren Svarthumble, Morten Sætterlie, Ole Absolon Langedahl, Synneve Monsdatter Fremmesvig, Pernille Arnesdatter Langedahl og Dorthe Siursdatter Langedahl. Vet ikke om dette var til noe hjelp men......Har en del skifter her som jeg har kopiert., men hva hjelper det når man ikke klarer å lese di,-)Lars

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leif Øren

På side 520 'I Soga om Flora' av Albert Joleik, står det at det 4.8.1744 blei tinglyst bygsleseddel på 1 pd. Agledal til Olav Larsson Skeid. Han var gifte med Synneve Danielsdotter Agledal.Vidare står det at i 1770 blei det tinglyst bygsleseddel på 1 pd. Agledal til Simon Olavson. Han var frå Kalland og var gift med Abelone Olsdotter Agledal.At dottera med svigersonen overtok ein gard var vel vanleg i dei dagar som det er i dag, og sannsynleggjer at Abelone var dotter til Olav Larsson.Av faddrane som er nemnde, var truleg Søren Svarthumle bror til Abelone Olsdotter Agledal og Absalon Langedal var truleg farbror til Abelone. Halvor Langedal var sonen til Mari Danielsdotter Agledal, som truleg var tante til Abelone. Ellev Frammarsvik var vel bror til Simon Olsson. Mange av faddrane elles er frå nabogardane Langedal, Sæterli og Svarthumle.Mvh.Leif Øren

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.