Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Arnfrid Mæland

[#66607] HO; ønsker oppslag Tysnes: Hammerhaug og Onarheim

Recommended Posts

Gjest Arnfrid Mæland

Hei,Margrethe Paulsdatter fra Sørtveit i Strandvik, Fusa, skal ha vært gm Sjur Nilsen på Hammerhaug i Tysnes. Her er de i 1865 [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61223&personpostnr=3492&merk=3492>Lenke og vi ser at de har to voksne hjemmeboende døtre, Kristine og Marta. Margrethe dør i 1878 Lenke Kristine kan være den jeg finner på Onarheim i 1900

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling Utne

I Tysnes 4 E.B.Drange s. 829 står:Sjur Nilsson Hamarhaug (1810-99) vart g. I. 1833 m. Anna Knutsdtr. Elsåker br.2. (1809-35), g. II. 1836 m. Margrete Paulsdtr. Sørtveit, Strandvik (1805-78). Sjur overtok halve farsjorda ved skøyte i 1832, resten i 1837. Han var smed og snikkar, og på 1860-talet åtte han ei jakt som lasta 250 tønner. Born (Margrete og Sjur): 1. Kassiana b. Elsåker br.2. 2. Nils f. 1839, utv. til Amerika, budde 1899 i St. Paul, Minn. 3. Marta Margrete (1842-46) 4. Kristiana b. Onarheim br.4. 5. Marta Margrete, sjå nf.Gitle Torbjørnson Hatletveit, Strandvik (1828- 1922) vart g. 1868 m. Marta Margrete Sjursdtr. Hamarhaug (1846-90) og g. II. 1893 m. enkja Magdela Pedersdtr. Kilen, f Mundheim i Strandebarm (1854-1919). Marta og Gitle fekk først skøyte på br.2. i 1868, sidan og på br.1. i 1872. Han hadde ei lita jakt som heitte «Tvende Søstre» saman med verbroren Ola Elsåker. Born (Marta og Gitle): 1. Sivert (1870-76), omkom ved kollsiglinga med Elsåker- jakta. 2. Jette Margrete f. d. 1874 3. Severine Margrete f. 1876 vart g. 1894 m. Hans Samsonson Håvik, Kvinnherad, gardbr. Hå-vik. Son deira overtok sidan ættegarden på Hamar- haug. 4. Torbjørn (1878-1955), dreiv garden etter foreldra. 5. Jette Margrete f. 1883 vart g. 1906 m. Nils Johan Samsonson Håvik, Kvinn-herad. Dei b. Håvik der han var fiskar og brislingagent. Ho dreiv handel og hadde telefonstasjon. Magdela og Gitle si dotter: 1. Marta Pauline f. 1895.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Her er Gitle med sin 2. kone i 1900 på Hammerhaug Lenke2 av barna han hadde med Marta Margrete bor der også; Torbjørn og Jette.A

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling Utne

Til (3):E.B. Drange: Tysnes 4 s. 561Ola Kristenson Alsaker (1838-1911) vart g. 1863 m. Kassianna Sjursdtr. Nera-Hamarhaug (1838-1923). Dei fekk utlagt garden med part i sag og laksevåg i skifte etter bror hans 1863. Kort tidetter bygde dei nytt hus på bruket (gamlastovo i dag). Men søre enden er eldre. Noko seinare bygde dei eit nytt hus, eit 2 høgds hus i «sveitserstil», som var på moten då («nyahuset»). Det var omlag 1885-90. Kring 1890 bygde dei ny løa. Dei sette både hus og gard godt i stand. I 1898 fekk Ola skøyte på Rasmus Onarheim sin 1/3-part i saga i Onarheimselvo, så han åtte i alt 2/3-partar. Dette har sidan fylgd bruket. Åra 1900-1902 åtte Kassiana og Kristen også det andre bruket på Elsåker.«Krissens-Ola'n» på Elsåker var ein kar med mange jarn i elden og hadde til ei kvar tid mykje folk i arbeid i ulike verksemder. Han var noteigar, sag-brukseigar, hadde kvernbruk, var skipsreidar og jakteskipper. Han var aksjonær i Hardangerske D/S. Han bygde ei jakt på 200 tønner på Elsåker i 1856. Sidan var han ein av dei første tysnesingane som byrja kjøpa fisk på Nordland. Kan hende heitte jakta «Søstrene», og medeigar var i så fall verbroren Gitle Hamarhaug. Tidlegare hadde det gått på sildahan-del. Midt på 1870-talet fekk Ola bygd jakta «Alsaker» (700 tønner) ved Elsåkersjødn, i lag med Gitle Hamarhaug. Det var barnsøl hos Kassiana og Ola ein søndag omlag då jakta var ferdig og nyrigga (1876). Og på ettermiddagen i firetida fann dei ut at dei skulle ta prøveturen. Det var vestavind og maksver, men ein del kastevindar ned frå fjellet. På jakta var det lasta ombord salt for sommartur. Tønnene låg på dekk, til liks med all kjettinger og mykje anna. Nede i rommet var jakta mest skålande tom. Det var dei som nemnde på at ho kjendest noko ustø. Og berre komne litt utpå var ulukka ute. Jakta kollsiglde. 8 av 28 menneske ombord omkom. To av dei overlevande fekk skade og mein som dei aldri kom over og døydde noko seinare. Mest alt vakse mann-folk var ombord, så det var få i land som kunne berga dei forliste. Både Kristen og grannen Jens mista 2 born og kvar si tenestejente. Gitle Hamarhaug mista ein liten son dei aldri fann att. Den eldste omkomne var kårmannen «Nils-Ola» på Onarheim.Det var ein sorgens dag på Onarheim, den største ulukka i manns minne. «Jensa- Todleiv'en» på Onarheim dikta ei vise om hendinga. Første laurdagen etter ulukkessundagen vart 7 menneske ført til jorda frå Onarheimskyrkjo. «Alsaker» vart seld til Bodø noko ut på 1880- talet. Då fekk Krissens-Ola'n bygd jakta «Kassiana» (500 tønner), som han førte sjølv. Ho vart seld kring 1890 til Hans Rolse. Ei skøyta «Karoline» vart ført av plassmannen Johannes Elsåkerneset. Det var og ei skøyta til. I 1888 fekk Ola Elsåker bygd ei stor jakt «Jarlø» på Nerhus. Ho var 6-700 tønner og ein storsiglar, stødig og god i all slags ver. Ho vart ført av Rasmus Kletta.På 1890-talet skal Krissens-Ola'n saman med Mass Seløyo og Jens (Tollef J. ?) Onarheim ha kosta byggjinga av fleire fartøy på Seløyo. Eit fartøy, ei jakt på 330 tønner, vart truleg seld til Åse- karane på Reksteren. Ole K. Alsaker var i heradstyret på 188O-90-talet. Han var i forstanderskapet for banken 1889-1911, i bankstyret 1894-96 og 1900-11 og han vart nytta som skjønns- og utskiftingsmann. Onarheim telefonstasjon var visst hos Krissensfolkje første tida, kring 1900.Born: 1. Kristian (1864-76), kom vekk under kollsiglinga. 2. Marta Margrete b. Flatåker br. 2. 3. Anna Marta f. d. 1869, lagt i helav mora. 4. Sivert (1871-76), omkom under kollsiglinga. 5. Karl Olai, sjå nf. 6. Anna Maria f. d. 1876 7. Kristen Severin f. 1880 d. o. 1965, skipsførar i utanriksfart, g. m. Hilda Høye, Haugesund, b. Haugesund, åtte farsjorda ei tid, sjå og br.8. 8. Kristine Agate (1882-94), voks opp hos mostermannen Ole Knudsen på Kyrkjebakken (Onarheim) og skulle ha teke over etter han.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Tusen takk igjen Erling,Du har jo skrevet av nesten hele boken, men interessant var det.Jeg antar at Kristiana var barnløs, også fordi Kristine Agate vokste opp hos tanten og onkelen på Onarheim.Her er det jeg kommer til å legge inn i slektsboken om denne familien; Margrete Paulsdatter Eide ( 1805 √ - † 1878 √) gm Sjur Nilsen Hammerhaug (1810 √- † 1899 √) 16.10.1836 √.Bosatte: Hammerhaug, Tysnes. Barn: Kassiana (1838 - † 1923), Nils (1839 - † USA), Marta Margrete (1842 - † 1846), Kristiana (1844 - † 1903) og Marta Margrete (1846 - † 1890).Så vil jeg skrive litt om denne familien i teksten under og bl a referere til Ernst Berge Drange: 'Tysnes 4', for mer informasjon om denne familien.Igjen, tusen takk.Mvh Arnfrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling Utne

E. B. Drange: Tysnes 4 s. 505:Ole Knudsen, Kvitavollsneset, plass Neset (1837-1931) vart g. I. 1869 m. Kristianna Sjursdtr. Nera-Hamarhaug (1844-1903), g. II. 1904 m. Malena Kristine Hansdtr. Onarheim br. 5. (1867-1961). Kristianna og Ole Knudsen, som han gjekk for i dagleg-talen, eller Ola på Kyrkjebakken, fekk skøyte i 1875 av Ola Eisåker som fullmektig for verbroren Ola Onarheim. Dei kom då tlyttande hit frå eit bruk på Seløyo, der dei hadde vorte sagt ut på odel. Kort tid etter var det Kristiana og Ola flytta ned på Kyrkjebakken (kring 1880). Dei bygde ny stova, løa og eldhus. Så flytta dei ned frå Øvra Onarheim gamle-huset frå 1822. Han sette bruket godt i stand med dyrking og jordforbetring. Ole Knudsen var snikkar attåt jorda, lagde vevstolar, senger, bord, benker og anna. Ei tid arbeidde han som jaktebyggjar (1870-talet). Han vart nytta som sagmeistar og kvernmeistar. Frå før hundreårsskiftet var han kommunekasserar i 31 år, med kontorstad Kyrkjebakken til alle tider av døgnet. Han hadde og offentlege verv, sat i kommunestyre og i bankstyre (1886-94) og var nytta som skjønns- og utskiftingsmann. Misjonsarbeid låg han på hjarta. Han var i styret for Tysnes Støtteforening. Elles var han litt av ein autodidakt og særs allsidig. Han las mykje og han lærte seg engelsk (utan å ha vore til sjøss eller i Amerika), var jamvel noko borti tysken. Så spelte han fele. Ole Knudsen var «en fredens mann, et godt menneske». Siste kona Malena var 30 år yngre enn mannen. Ho dreiv som enkja i mange år, til fostersonen tok over, men ho hadde fast taus og dreng om sommaren. Sommarstid leigde ho gjerne ut husa til byfolk. Kyrkjesøndagar fekk kyrkjefolket låna uthus til å setja frå seg ting og byta på seg. Alle kjende seg heime på Kyrkjebakken. «Ola og Malena gjekk rolege og blide mellom oss, såg til rettes det som trongs. Dit kunne me koma som me var, våte eller sveitte, tyrste eller trøytte», heitte det.Ole Knudsen hadde ikkje born, men fostra fleire mest som sine eigne. Malena let mange sjuke og gamle få sine siste år på Kyrkjebakken. Såleis var Kyrkjebakken som ein gamleheim for Onarheimsokno i hennar tid. Mellom fosterborna var: Sigurd Alsaker, son av Endre Skorpen (br.3.). Karl Henz Merchant, sjå nf.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Christian Arentz

Hei, Arnfrid,Kan du fortelle oss hvem Sjur Nilsen Hamerhaugs (1810-99) foreldre var?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

og da blir foreldrene Nils Sjursen Hammerhaug og Cassi Olsdatter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Nils Sjursen i 1801 på Hammerhaug Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Kassi Olsdatter i 1801 på Rusaas i Strandvik Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin H. Skibenes

Niels og Cassi blei gift i Os i 1807: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.