Gå til innhold
Arkivverket

[#66749] Tydehjelp, krk.bok for Rødøy(Meløy)


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Det gjeld nr.1 av jordfesta kv.kjønn nesten heilt nede på venstre side, like over konfirmantane.Martha Andersdtr. 32 år, kva dato vart ho jordfesta? Eg forstod ikkje dette, det står krk.årets begynnelse rundt 6.s.et. Trinitatis?LenkeVenleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Helge Angell

Marta vart jordfest på den sundagen du nemner, som dette året var 8. juli. Eg har støytt på same 'forvirringa' i andre stader i kyrkjebøkene for Meløy når det gjeld inndelinga av kyrkjeåret. Det ser ut til at denne presten i alle høve rekna kyrkjeåret frå ein av dei fyrste sundagane i Trefaldigheit (post Trinitatis). Eg veit ikkje kor han hadde det frå. Så vidt eg veit, har det heile tida vore vanleg at det nye kyrkjeåret byrjar med advent. Kanskje nokon annan har ei forklaring?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hmm, ja det var litt forskjellig i Meløy, ein av dei prestane som kom seinare har gjort det vanskeleg for slektsforskarar ved å la vera å føra inn fleire/mange døde.Takk iallfall :-))Venleg helsing Mariann. PS:er du frå Helgelandskysten? bestefar(frå Meløy) er skriven Hans Kristian Angell ved dåpen :-) Innbillar meg at det var ein eller annan populær person som vart oppkalla.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Prøver meg med ei ny tydeoppgåve: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?urnread_imagesize=gigant&info=topp&hode=nei&show=51&uid=18280&js=j>LenkeKvar er det Karen (omtrent midt på sida, 'rute' nr.5)er fødd og kva tid?Eg lurar også på om den Karen Nielsdtr. som giftar seg her (det fyrste ekteskapet i 1799): Lenkeer den same Karen som er boren til dåpen 1773?Her er Lars og Karen i 1801, det kan jo sjå ut som ho er f.10 år før, men meinar å hugsa at eg har leita etter henne, utan å finna, ein gong før.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Helge Angell

1)Dom. XIV [12. september] Var GudsTieneste paa Meløe Døbt Niels Christensen af Ezøen Sit Barn Nafl. Karen.2) Nei, ho som gifte seg i 1799, var dotter til Nils Jonsen Åbotsvik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei og tusen takk for hjelpa!!Veit du noko meir om den Karen som gifta seg med Lars Olsen Aspnesset?Kvar/kva tid født, veit du det?Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Mariann Stokken

Kva dato gifta Ole Arntsen og Elen Pedersdtr seg?Eg har notert 02.12.1796, men eg synst det ser feil ut no.Det ser ut som det er seinare i desember 1796, men er det nokon som veit?LenkeVenleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Helge Angell

Til innlegg 3 (har eg svart på spørsmålet før? Er det innlegg som no manglar i tråden?): Nei, men far min var frå Meløy og ein av tippoldrefedrane mine var Hans Kristian Angell på Øvre-Valle i Meløy(1785-1845). Til innlegg 7: Karen var født 1763 som dotter til Nils Jonsen Åbotsvik (f. omlag 1721) og Kirsten Larsdtr Tjong (f. omlag 1724). Nils var son til Jon Andersen Åbotsvik og Anne Larsdtr. Kirsten var dotter til Lars Larsen Tjong øvre og Sara Nilsdtr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei Olav :-) Nei, du har ikkje svart på spørsmålet mitt i (3) før no, men det er heilt greit :-)Men svaret på spørsmålet om Karen Nilsdtr. det har eg fått(lurar på om eg laga eit eige tema om henne og Lars, hugsar ikkje), men ikkje kva tid ho døydde, har du det og?Venleg helsing Mariann. PS:mamma er frå vakre, fantastiske, sjåverdige Meløy :-) Eg er utruleg stolt av å vera halvt Meløyfjerding :-)))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.