Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Helga Kallevik

[#66809] Oppslag i US Census Kallevig/Kalevik

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Hei!Kan nokon med abonement på Ancestry slå opp desse to personane for meg:1. All Minnesota Territorial and State Censuses, 1849-1905: 1895 Matis Kallevig abt 1860.Dette er truleg min oldefar som budde ca. 10 år i Kandiyohi Co. MN, før han kom tilbake til Norge ca. 1898. Lurer på om der er fleire opplysninger tilgjengeleg her?2.US Census 1930: Ole Kalevik city, Valley, MT abt 1878 Står fleire ooplysninger om han i originalpapira? Det hadde vore kjekt å funne ut om her er meir tilgjengeleg info om desse to.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Peter Wiborg

Hei, jeg har ikke noe abo., men 1895 tellingen viser at han bor i Kandiyohi county. Det er forøvrig 36 personer som heter Kallevig i Kandiyohi i 1895-tellingen.Når det gjelder Ole Kalevik i 1930-tellingen for Valley, Montana, så er han født i Norge. Han er også den eneste Kalevik i Valley county, så det virker som at han bor alene...Forøvrig har Johannes (51) & Kari (41) Kallevig disse barna i census-1900 for Kandiyohi, MN:Birthe J Kallevig 17Johannes Kallevig 16Andreas Kallevig 13Caroline Kallevig 11Peder Kallevig 9Christian Kallevig 7Mathias O Kallevig 6Ole Kallevig 4Agate O Kallevig 2Lorence B Kallevig 11 mnd//Jan Peter

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Takk skal du ha for informasjonen!Eg har ein god del info om dei personane du fann i 1895 teljinga. Dette er oldefar min sin bror Johannes Kallevik/Kallevig og familie, Johannes var f. 1849 i Norge; Moterhamn (Finnås). Kona Kari kom frå Sveio. Dei eldste barna er født i Norge.I tillegg var der to brødre til som emigrerte Elisa Kallevig f. 1857 og Ole Kallevig f. 1866. Alle desse budde i Kandiyohi county MN. Her har eg god oversikt over etterkommere (Brødrene hadde alle mellom 7 og 11 barn). Etterkommere laga ei slektsbok i 1987 med etterkommere etter alle desse. Den boka har eg også.Det eg no leiter etter er spor i kjelder frå den tida oldefar også budde i Minnesota ca. 1887-1898. Han heitte Mathias Kallevik/Kallevig og var f. 1859.I tillegg var der ein Ole Kallevik/Kalevik, nevø av desse som reiste over. Eg lurte difor på om det kunne vera han eg fann i Valley MT i 1930.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Peter Wiborg

Det er en Ole Olssen Kalvik (27) som ankommer New York 30. mars 1904 med skipet Oceanic. Han skulle til en Knut Kalvik i Hannaford, Griggs county, Nord Dakota.Dette kan være Knut m/fam i Griggs, ND i 1910 tellingen:Knute Kaevid 38Torbey Kaevid 46Olaf Kaevid 18Milda Kaevid 12//Jan Peter

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Peter Wiborg

Iflg 'Emigranter fra Bergen 1874-1930' så er denne Ole Olsen Kalvik fra Bruvik, og født i 1887. Dermed skulle han ha vært 17 år, og ikke 27 som det står i manifestet hos Ellis Island.Han er på besøk hjemme i Norge 1909, men da heter han Ole Johannesen Kalvik... Alder, fødtsted Bruvik og destinasjon Hannaford ND er det samme...Jan Peter

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei Igjen!Takk for info, desverre rur eg at dette er ein annan Kallevik familie.Stavemåten på etternamnet i vår slekt i USA har veksla mellom Kallevik (dagens Norske stavemåte), Kallevig(også nytta i gamle Norske kyrkjebøker) og Kalevik. Dei fleste i USA nyttar Kallevig.Slekta i USA idag er etterkommer etter brødrene Johannes Mathiasson Kallevik f. 1849, Elias M. Kallevig f. 1857 og Ole M. Kallevig f. 1866. F. i Moster / Finnås, (Bømlo, Hordaland). Etterkommere etter desse har eg altså rimeleg kontroll på.Den eg no prøver å leite etter info om er Ole Severin (Olson/Jørgenson) Kallevig. Han var uekte son til søster til desse Kallevik brødrene.I kyrkjeboka for Finnås f. 1878 finn eg han under døpte: f. 9. mai 1878 og døpt 20. mai: Ole Severin, uekte barn av Ole Jørgenson Grønås og Synneva Gurine Mathiasdatter Kallevig.Har info om at han nytta Kallevig namnet i USA og døde rundt 1950. Men søkjer meir info her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Line Osberg Eide

1900 United States Federal CensusName: Olson O Kallevig Home in 1900: Lake Andrew, Kandiyohi, Minnesota Age: 22 Birth Date: May 1878 Birthplace: Norway Race: White Ethnicity: American Gender: Male Immigration Year: 1893 Relationship to head-of-house: Servant Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Marital Status: Single Residence : Lake Andrew Township, Kandiyohi, MinnesotaHousehold Members: Name Age Syvert Christenson 27 Cary Christenson 32 Newel Harrin Christenson 2 Othelia Clara Christenson 11/12 Karen Stensoth 75 Sophia Maren Stensoth 42 Olson O Kallevig 22

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Line Osberg Eide

1930 United States Federal CensusName: Ole Kalevik Home in 1930: School District 19, Valley, Montana Age: 52 Estimated Birth Year: abt 1878 Birthplace: Norway Relation to Head of House: Head Race: WhiteHousehold Members: Name Age Ole Kalevik 52Ole er farmer og imm 1893.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Line Osberg Eide

Minnesota Territorial and State Censuses, 1849-1905Name: Kallevig Census Date: 1895 County: Kandiyohi Locality: Arctander Birth Location: Norway Gender: Male Estimated Birth Year: abt 1878 Race: White Line: 6 Roll: V290_72Står Ole 17 år på image. Er sammen med flere andre med samme etternavn, bl a Matis. Imaget er dårlig, og vanskelig å lese.Matis er 35 år, vært 8 år i USA, 3 år på dette stedet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Takk skal du ha Hanne Line!Dette er nok rett person. Onklane hans Johannes, Elias, Ole samt min oldefar Mathias budde alle i Kandiyohi county. Dei har nok skaffa jobb til nevøen sin hos naboar / kjenninger då han kom over i 1893. Det stemmer med at han var busett i KAndiyohi county i census 1900.F. år og immigrasjons-årstal tilseier vel også at det er same person du har funne att i Valley, Montana i 1930. Skulle likt å funne ut kor han døde.Lurer også på om der er meir info om Matis Kallevig (innlegg 1)i Minnesota Territorial and State Censuses, 1849-1905: 1895 Matis Kallevig abt 1860, (rett f. år var 1859). Skulle gjerne visst td. imm. år.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Line Osberg Eide

I 1895 bor Ole og Matis sammen med (eller i nærheten) av Johannes og hans familie, en Ole Kallevig 27 år med kone og 1 barn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Takk skal du ha igjen Hanne Line!Her gjekk visst innlegga om einannan så svaret kom før spørsmålet. Då veit eg i allefall sånn nokolunde kva tid oldefar reiste over.Er det nokon som veit korleis ein kan finne ut når nokon reiser andre vegen? Veit at Oldefar Matias kom heim og gifte seg i byrjinga av 1898 i Sveio. Eldste barnet (min farfar) vart fødd i 1899 i Sveio, Norge.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Ja, dette stemmer heilt perfekt. Flott! Eg har vore på staden dei budde. Historien seier at oldefar Matias og den yngre broren Ole hadde farm saman i Spicer, Kandiyohi co. MN og at dei selde farmen då oldefar reite tilbake til Norge. Det står framleis eit lite gamalt hus att frå den tida (truleg uthus) og på andre sida av hovud vegen står huset Johannes og familien bur i. I alle høve gjorde det det for 10 år sidan då eg var der.Har ikkje tidlegare hatt noko skriftleg dokumentasjon på denne nevøen som også heitte Ole, berre muntleg overlevering om at der skulle vera ein Ole Kallevik til som var uekte son til søster deira. Og dette stemmer jo heilt med det du har funne her. Det stemmer også med fødselen hans i 1878 i den scanna kyrkjeboka for Finnås. Takk skal du ha!mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

HEi!Då er det nok rett mann eg har funne her med ein liten trykkfeil i etternamnet: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=0105EMIG&gardpostnr=137&merk=137#ovre>LenkeMykje mulig at han også var heimom ein tur i 1895 og reiste tilbake samtidig med at den siste broren Elias m/ familie emigrerte, her er f. året sett til 1860, rett skal vera 1859:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×