Gå til innhold
Arkivverket

[#67087] Hille Sofie Johansdtr? - fødd Ullaland - Naustdal 1866


Gjest Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Hille Sofie er fødd 1866 på garden Ullaland i Naustdal (Førde prestegjeld). Foreldra var ikkje gifte. Mor hennar var Rise Benedikte Olsdtr. fødd Ullaland 1840. Faren var Johan Olsson Reiakvam - Naustdal.Dåpen til Hille Sofie nr. 124: Permanent bildelenke: LenkeEtter dette har eg ikkje funne info. om verken Rise eller Hille.Han som eg trur er faren, giftar seg i 1871.Er det nokon som har opplysningar om Hille Sofie og mora Rise?mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Hei Litta. Takk for innlegga.Jenta i innlegg 2 kan virke lovande. Eg har prøvd å kryssjekke for å sjå om dette kan være andre, men ikkje funne nokon. Folketellinga du har funne er ikkje frå 1900, men frå 1891, men er like verdifull for det. Eg har ikkje funne nokon konf. i Naustdal/Førde. Truleg konf. 1881, kanskje var ho allerede då i Bergen?Når det gjeld Rise, så må eg kanskje ut frå innlegg 3 tenke nytt. Utfordringa er at det er to Rise (søstre). Den eine er fødd Rise Elisabeth 13/2 -39 og den andre Risa Benedikte 8/3 - 40. På grunn av namnegjentakinga så raskt, har eg antatt at den første døde som spebarn, utan at eg har funne dette. Bygdeboka seier heller ikkje noko om dette.Dersom det er rett at begge vaks opp, så er det vel truleg at det er ho som er fødd i 39 som du har funne. I og med at eg ikkje veit kven av dei to som då er mor til Hille, så er sånn sett denne du har funne interessant uansett. Eg skal sjekke om det kan være andre kandidater til Rise f. 37. Ein rask kinn i FT 1865 viser at det kan være ein 3-4 kandidater til denne. Eg skal sjå på det.Finn du noko meir interessant, så tar eg gjerne i mot.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Eg har sjekka ut alle Rise Olsdtr. fødd i Naustdal 1836-41. Av dei som ikkje klart kan identifiserast i FT 1900, eller er kjent at dei har flytta, sit eg at med to stykker som kan være Rise Olsdtr på Reiakvam i innlegg 3. Den eine av desse er Rise Olsdtr. som eg søker i denne saka. Direkte bevis manglar, men alt taler for at det er Rise Olsdtr f. på Storelia 1837 som er funne i innlegg 3, og ikkje den som eg søker.Samtidig har eg berre funne ein kandidat til Rise Olsdtr. Ullaland i FT 1865, og det styrker teorien om at den første av Ullaland Risene, døde i 1839-40.Spørsmålet er berre; kor er det blitt av den Rise olsdtr som eg søker. Eg har gått gjennom kirkebøkene for flytta/døde frå 1866 og fram til 1900 ein gong til, utan å finne ho. No er det nokre år som det manglar kirkebok for, så ho kan sjølvsagt finnast der.Når det gjeld Hille Sofie, så har det ikkje lykkast meg å finne ho blant konfirmerte i Bergen, slik eg hadde håpa. Funn av konfirmasjon eller ekteskap ville knytte funna til foreldra til Hille Sofie.Eg tar framleis i mot tips om Hille Sofie (Hilda Sofie?) og Rise.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Då har eg fått stadfesta at Rise ikkje er med i skifte etter faren i 1885. Der er det kun barn med kjent adresse som er med. Dei andre som ikkje er nemnde, bur i Amerika. Kan det bety at og Rise har emigrert, eller kan ho være død før 1885. Eg finn ho ikkje i kirkebøkene for Naustdal som død, og heller ikkje i emigrasjonslistene.Når det gjeld Rise si datter Hille/Hilde, så har eg ikkje kome noko lenger. Bergen kan være aktuell framleis. Bror til Rise bur i Bergen.Er det nokon som er supre på å søke opp personar 'over there', slik at eg kan få stadfesta om Rise og evt. Hille har emigrert?mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.