Gå til innhold
Arkivverket

[#67101] Gjestevisitt på Dale i Gloppen - og så?


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

God dag til Einar Rygg og andre gloppe-interesserte som les dette!Peder Larsson Bolset og Marte Eriksdtr Sandene budde på Dale i Breim på 1770-talet. Dei hadde borna Marte 1765, Lars 1768, Eli 1770, Marte 1773, og Erik 1776.Ingen av borna er konfirmerte i Breim, og eg finn ikkje nokon frå familien i 1801.Nokon som har vore borti dei?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Hei Aase.Satt og såg litt på denne i går, utan å komme nokon veg. Første tanken som slo meg, når eg såg på aktuelle kandidater for dei ulike personane, er at det ser ut til å kunne være ei stor overvekt på Østlandet, som kan tyde på at familien har reist over fjellet.Ut frå aktuelle kandidater (og det er mange av dei), kan det og sjå ut som om familien ikkje bur saman i 1801, og det er vel og rimeleg ut frå barna sin alder. Dei kan sjølvsagt ha fått andre barn etter 1776, som bur saman med foreldra. Muleg og at enten Peder eller mor Marte er død. Ein god del kandidater som enten er enke/-mann eller gjengift. Alderen til Barna, tyder på at foreldra må være 55 .Dette har du sikkert sett sjølv og, og det fører deg ikkje så mykje lenger.Det som gjer saka noko vanskeleg, er at vi ikkje veit alderen på Peder og mor Marte. Står det ingen ting i Bygdeboka til Gloppen om dette?Kanskje kan det være lurt å ta ein kikk til Jølster likevel, då ikkje FT 1801, men bygdeboka for Jølster. Bolsetnamnet må ha ein tilknytning til garden Bolset på Jølster. Peder Larsen burde då være omtalt der, og kanskje Marte og.Dersom du ikkje har bygdeboka for Jølster, så er det sikkert andre på Brukarforum som har. Nokon som kan slå opp?mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Når det gjeld alderen til Marte veit eg at ho har sysken som er fødde i perioden frå 1746 til 1753. Ekteskapet er inngått i 1764 - sett at ho er 24 då, for å ta eit tal; då kjem vi til 1740.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Einar Karstein Rygg

Hei Aase! Har vore oppteken med reg. og kontroll av gravminna,difor oversett di utfordring. Har gått til kladden min og sett at eg ikkje har påstått at Peder Larsson kom frå Bolset i Jølster. Derimot har eg i kladden at Eirik Larsson på Berentplassen på Sandane kanskje kom frå Jølster(men det er ikkje kome med i Bygdeboka). Bolset-namnet har så kome med dottera Marte då ho vart g.m.Peder Larsson Dale. Kvar det vart av huslyden har eg ikkje hatt midlar og kapasiten til å røkja etter. Vi har no mykje meir materiale enn eg hadde då arbeidet med bygdebøkene pågjekk og tida var knapp og folk masa. Hugsar eg sa til ein at vi ventar berre på at du døyr så vi får deg med fullt ut. Ser ayt eg har notert at bygdeboka for Innvik Stryn b.II, s.411 Nr.5 Solberg nemner ein Peder Dale frå Breim som tok opp plassen. Kanskje ein tanke å sjå på. Mvh Einar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Dette var interessant Einar. Eg var innom biblioteket ein tur igjen (har snart fast plass) i dag, og tok ein kjapp kikk i bygdeboka for Jølster. Den går dessverre kun tilbake til 1801, så der var det ikkje så mykje av interesse. Joleik si 'Soga om Jølst' tar for seg perioden før, utan å være så veldig detaljert.Fann ingenting om denne Peder Larsson, men fann andre med Larssonnamn. Det som eg då trudde kunne være eldre brødre av Peder, kan då være far til Marte. Eg finn ein Eirk Larsson som forlovar seg med Maje Knudsdtr. Fyglastrande (Fugle på Jølster) i 1738. Jens Larsson kan då være bror hans, som overtok heimegården, medan Eirk kanskje flytta til Sandane.Dersom Marte er datter av desse, kan ein fødselsår kring 1740 stemme.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.