Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#67105] Johannes Lauritsson (Galte) (Galtung) og slektskapen med Kristoffer Tronds

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Eg meinar å ha sett i ei orginalkjelde at den nemnde Johannes var systerson til Kristoffer Trondsson (admiralen), men hugsar ikkje kvar. Har funne litt om dette både i debattar her på forumet og på ymse andre nettsider m.a. denne; LenkeSidan eg har lite greie på dette frå før, har eg litt problem med å skilja mellom fiksjon og fakta her. Er det nokon som har oversikt over forskningsstatus vedrørande spørsmålet om denne slektsskapen som vert hevda i innleiinga. Vidare undrast eg kor Mattsonane kjem inn i biletet vedrørande dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin Galtung Lihaug

Ifølge min farfars bok 'Galtungslekten i fortid og nutid' er det Asgaut Steinnes som kommer med denne opplysningen:Steinnes, Asgaut. 'Mats-sønene og ætta deira.' NST 8 (1942): 305-349.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Ove Wangensteen

Kan det stå noe om dette i det jeg publiserte 29 januar ( Galtungernes ældste Historie indtil 1660)?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Opplysningen hos Steinnes i NST 8 (1942) s 329 om at Johannes Lauritsen var Kristoffer Trondsens nevø kommmer fra APB; 7. mars 1567: 'Paa Denne dag kom til slotted Johan Laurensson fød paa Seim, Christofer Trondsons søstersøn som fylgede Henno Christofer Trondsens søn ind vdi Suerrige, Sigis Enno at haffue sat sig fore stundom at ville drage til Danmarck, oc gifte sig der med en eddel jomfrw, Matz Stensons dotter, stundom at ville til Tyskland oc Frankerige, men er dog paa det siste dragen ind vdi Suerrige, huad aarsage der til verit haffuer ved mand icke, Dog gaar her rychte, at han schulde hafue giort sig saadan orsage ligeruis som han skulde werit wdsend aff klerkeried och adelen her vdi Norrige i denne farlige krigshandel at han paa theris vegne skullde klage huad vndertryckelse elendighed oc armod, de skulde lide her i rigit aff wolsmendt, oc hafuer hand bekommit kong Eriks breff aff Suerrige til alle fogederi her vdi Bergensticht at de skulle gaa hannom til hande, oc hauer sent forne karl hid med prented breffue til adelen, oc der höes hauer han oc nogle breffue screffuit til sine maage, slegtinger och wenner, Saa høris hand saare ille for saadanne gerninger, aff alle mand, baade indlensk och vdlensk, oc de som hand haffuer screffuit til een part haue giord sin eed for Erich Rosenkrantz oc andre gode mend at de ere frie och w.skyldige vdi saadan w.troskab, oc ville scrifue kong Erich til att han hauer løgit paa dem, oc det aldrig kom i deris sin heller tancke, oc at han maa straffis for saadan w.troskab'Anbefaler:Vår felles slektshistorie av Odd HandegårdAbsalon Pedersen Beyer, søkbar på dokumetasjonsprosjektet og som digital bok her på DA.NST 8 (1942) Steinnes.Tingbøker på DA.Diplomer på Gandalff

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til alle for nyttig informasjon.Den artikkelen som Lars Ove viste til gjorde at eg fann att kvar eg hadde lese i ei originalkjelde at Johannes var Kristoffer sin søsterson. Det var nettopp det avsnittet som Arnfrid siterer eg tenkte på. Eg går ut frå at Absalon er så nær ei originalkjelde som det går an å koma i dette tilfellet.Arnfrid, kva er Gandalff? Eg går ut frå at du meinar noko anna enn DN. Kan du leggja inn ei lenkje kanskje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kurt Østbye

Christopher Trondson og Anna Fartegnsdtr. d.y. (mor til Johannes) var vel halvsøsken ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Arnfrid for lenka!Den opplysninga som Kurt kjem med i innlegg (7) er kanskje godt kjend for andre, men ukjend for meg. Kven var da foreldra til denne Anna og kva er kjeldene for opplysningane? Eg veit ikkje om du (Kurt el. andre) har sett innom debatten om Ursin-ætta frå Lofoten. Der er m.a. ein Fartein Mattsson m.fl.nemnd i samband med eit skrin. Vitna til opninga av dette skrinet ser ut til å kunne ha vore av same ætt som Kristoffer.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kurt Østbye

På Roger Fossums slektssider(Lenke Matssoneng.aspfinner vi følgende:Sitat:Fartegn Matsson var, i følge Velde, gift to ganger. Med sin første hustru, Karen Koll, hadde han ei datter (Anna ?) som var gift med Laurits Johannessen på Valen.Kilder:Berge Velde: Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter. 1957Henning Sollied og R.P. Sollied: «Losna-ætten», NST, bd. I. 1927-28.Odd Handagård: Vår felles slektshistorie.Sitat slutt.Om Karen Koll skriver Fossum:Sitat:I sitt første ekteskap er han gift med Karen Koll (Cold) (jfr. NST. bind 8) til Nessa, Nedstrand i Tysvær. Hun var først gift med Trond Sigurdson til Seim, i Kvinnherad, altså far til Admiral og sjørøver Kristoffer Trondson.Sitat slutt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Kurt for desse opplysningane.Eg får ikkje lenka di til å verka, men det ser altså ut til å vera semje om at ein Trond har vore gift med ei Karen og at dei hadde sonen Kristoffer Tronds. Trond døydde og Karen gifte seg på nytt med Fartegn Mattsson. I det siste ekteskapet vart så ei dotter født, Anna (?) Fartegnsdotter. Den siste vart så gift med Laurits Johannesson (Galte) på Valen. Slik kunne Absalon kalla son til Laurits og Anna, Johannes (Galte) for søstersonen til Kristoffer Trondsson.Samanhengen kan då vera slik.Denne Trond hadde ikkje Sigurdsson som patronymikon, men Engelbregtsson og Trond var bror til erkebiskopen. Trond døydde ganske ung, men hadde minst to born med Karen, nemleg;1. Eline Trondsdotter til Lund (Steigen) som vart gift med Guttorm Dalesson frå Frang på Stange, Hedemark. Dei hadde følgjande tre born som er kjende; a) Gjertrud, b) Karen og c) Olav. (Karen er truleg oppkalla etter mormor si Karen Kold el Kolden, medan Gjertrud helst er oppkalla etter farmora frå Stange)2. Kristoffer Trondsson til Seim som var erkebiskopens mest betrudde mann i tida før reformasjonen. Seinare admiral m.m. Kristoffer hadde mange born.Sidan Trond døydde såpass ung, så er han ikkje direkte kjeldebelagt, men Eline er kalla brordotter til erkebiskopen og om Kristoffer seier ei tysk kjelde at han var blotsvervandt med erkebiskopen. Ei teikning av våpenet til Eline viser at det er svært likt erkebiskop Olav sitt våpen. Kristoffer sitt våpen var likevel heilt ulikt dette.Det er ymse som tyder på at erkebiskop Olav E. vart verge for Kristoffer då Trond døydde. I alle fall er jordegodset til Kristoffer innført i jordeboka til erkebiskopen, medan regneskapen for 1536 viser at stefar til Kristoffer, Farteign Mattsson det året betalte jordskyld, på 3 huder(truleg av Seim) til erkebiskopen.Medan Kristoffer fekk arvegodset sitt utlagd i Hardanger, så fekk systra Eline godset sitt utlagd i Steigen i Nord-Noreg. Hypotesa mi er vidare at Ivar Trondsson (morfar til erkebiskopen) gjennom farmora, Adalis Erlingsdotter arva både gamalt Bjarkøygods og gamalt Giskegods i tillegg til mykje anna gods både på Vestlandet og på Austlandet. Det er difor ikkje noko merkeleg i at Eline sitt gods var lokalisert til Steigen, medan Kristoffers gods låg i Hardanger. Når den tidlegare Krummedikeeigedomen, Guntveit i Jondal var blant dei eigedomane som Kristoffer arva, så kom det av at også jordegodset til Ingeborg Erlingsdotter (g. Galle)(truleg farmorsyster til Ivar m.fl.) til slutt hamna hos Ivar i Aspa og hos broren, Arne på Husby, dette på grunn av ei rettarbot frå 1313.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Hei Finn,antar at du husker denne debatten LenkeMvh Arnfrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk for nyttig tips Arnfrid, men denne debatten gjekk for det meste før eg byrja å delta her. Men eg har nok vore inne og lest ein del avsnitt her tidlegare. Det er kanskje dei seglteikningane som Arne Kvitrud presenterer som i sin tid har gjeve Kristoffer Trondsson tilnamnet, Rustung?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.