Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut Bryn

[#67160] Kjell Pedersen Friis (d.ca.1740) fra Nordfjord

Recommended Posts

Gjest Knut Bryn

I 1708 kom det en kar til Årdal i Indre Sogn som het Kjell (Kitel) Pedersen. Ved en anledning omtales han med Friis som etternavn og andre ganger kalles han 'Kittel Pedersen Norfior'.Kjell arbeidet en stund som gruvearbeider ved Årdal Kobberverk, men i 1714 ble han forpakter av Midttun som var verksgården i Årdal. Han giftet seg med Synnøve Jonsdatter Holseter og fikk i alle fall to barn med henne: Thomas (f.1715) og Torstein (f.1717).Flere forhold tyder på at Kjell og Synnøve flyttet til Bergen da driften ved Årdal Kobberverk tok slutt i 1734, men jeg har ikke funnet dem igjen der foreløpig. Synnøve er i et skifte sagt å bo som enke i Bergen i 1745.Kjenner noen til en familie som brukte etternavnet Friis i Nordfjord på slutten av 1600-tallet eller begynnelsen av 1700-tallet? Kjenner noen til hvordan det gikk med Synnøve og de to sønnene etter 1745?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Friis-ætta var knytt til handelsstaden Rugsund i Davik i 160 år, men kom ikkje til Rugsund før i 1728. Det var Thomas Nielsson Friis, ein presteson frå Vanylven, som kjøpte gjestverarstaden i Rugsund. No kjenner eg ikkje til Friisætta lenger tilbake, men det kan vere vert å sjekke den. Ellers var namnet Kjell svært uvanleg i Nordfjord på den tida. Eg finn riktignok ein Kjell Erikson som var 11 år ved manntalet i 1701 - nettopp i Rugsund. Så var det ein Kjell Mogenson på Rygg i Gloppen som var brukar der i 1640-åra og utover, men der er ikkje Kjell-namnet ført vidare med det eg veit,(Kjell Mogenson er ein av mine forfedrer).Mvh Harald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Legg inn ein kopi frå NRK sitt fylkesleksikon:Thomas Nielsson Friis (1675–1745) Presteson frå Vanylven, busett på Nordfjordeid og i Rugsund. Handelsmann og jordeigar.Publisert 03.02.2006 09:07.Han hadde drive øltapperi på Nordfjordeid frå 1703 før han kjøpte handelsstaden Rugsund i 1728. Gjennom mora arva han store eigedomar på Myklebust og Alsaker i Eid. Han vart ættefar til den rike Friis-ætta, som også kom til å rå over handelssetet i Rugsund i 160 år, og dessutan eigde store jordeigedomar på Kvalheim, Almenning, Fagerlid, Totland, Hjelmeland, Sande på Sunnmøre, Skorpa, Ytre -Hauge, Marøyna og Sandvik i Gulen.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg får lyst til å legge inn eit innlegg til, sjølv om grunnlaget er tynt. Har tenkt litt på namnet Kjell i ulike utgåver, som det finnes så få av. Ser at yngste sonen som er nemnd har fått namnet Torstein, og eg tenker då på Torkjell som i ulike variantar er meir vanleg i Nordfjord enn Kjell (Kjell ser ut til å ha vore ein del brukt i Sogn og området rundt Voss). Kan då Kjell (Kitel) her være avkorting for Torkjell.Eit søk gir treff i Selje: Torchild Pedersen f. 8/5 1687 Lenke Far hans er Peder Bersvendson (62 år i 1701) frå garden Aarewiig (No Årvik). Eit søk i Fylkesarkivet gir muleg mor: Giertrud Hansdtr. (Ein Peder Bersvendson giftar seg med denne i 1685 i Selje).Vanylven og Selje har hatt forholdsvis stor 'utveksling' opp gjennom tidene, og det opne spørsmålet blir då om enten mor eller far til denne Torchild kan ha tilknytning til Friisslekta i Vanylven. Torchild er ikkje å finne i Selje MT 1701. Heller ikkje i Eid eller Kinn (Bremanger). Eg finn han ikkje reg. som død i 1687-1701 i Selje i Fylkesarkivet. Så vidt eg kan sjå, var det ikkje MT i Vanylven i 1701, i alle fall ikkje som ligg i digitalarkivet. Kan han ha vore der? Alderen ser i alle fall ut til å kunne høve med han i Årdal.Gards og ættesoga for Selje burde kanskje gje svar på dette. Eg har hatt ho på utlån for ikkje så lenge sidan, men dessverre levert den inn at.Som sagt, tynt grunnlag, men eg legg det inn, så slepp eg å tenke meir på det.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Mange takk til Harald og Egil for nyttige opplysninger om Friis-slekta på Rugsund og om 'stamfaren' Thomas Nilsen Friis. Hvis det er denne familien Kjell Pedersen Friis kommer fra, så har vel kanskje Thomas hatt en bror (eller kanskje svoger) som het Peder? Dessverre har jeg ikke funnet noen kilder som forteller noe om at Vanylven-presten Nils Thomassen Friis hadde flere barn enn denne Thomas som kom til Rugsund, - men det er vel likevel godt mulig.Teorien til Egil om at Kjell (Kittel) kanskje kan være en kortversjon av Torkild, er jo interessant, men jeg har ikke så mye tro på den. Jeg har i alle fall ikke sett dette tidligere, - og Torkild var ikke et ukjent navnt i Årdal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Knut.Ja, eg var klar over at den var tynn.Tok eit søk på Google, og kom over ein diskusjon på DIS om Friisslekta/-ene som har pågått i fleire år.Ut frå denne diskusjonen, så ser det ut som om Thomas Nilsen Friis si tante, Elsebe Thomasdtr. Friis gifta seg med ein Peder Erichsen ca. 1645-50 i Verdal. Peder døde i Verdal 1670. Elsebe gifta seg igjen, og flytta seinare til Moldeområdet der ho døde i 1707.Kjell er ikkje nemnd i denne diskusjonen, men dersom denne Peder er Kjell sin far, så bør Kjell være fødd i Verdal 1645-1670 (ut frå giftemålet, er det truleg nærmare 1670).Eg legg ved ein link til denne diskusjonen LenkeTilnamnet Norfior er framleis litt forvirrande, men han kan kanskje ha budd på Eid hos søskenbarnet ei stund før han reiste til Årdal, og at dette har vore nok til at han har fått dette tilnamnet.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Trur eg må trekke attende det forrige innlegget mitt. Kom over arveskiftet etter Elsebe, og der er ikkje Kjell nemnd. (2. avsnitt) LenkeKanskje du kan finne andre innfalsvinklar til Friisnamnet i diskusjonen på DIS.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Prøver meg igjen eg. (Har no sånt å gjere på mens eg venter på ei avklaring frå arkivforumet).Denne gangen trur eg det ser litt betre ut. Eg trur at eg har funne Thomas Kittelsen f. 1715.Her er fødselen hans (den har du kanskje frå før).[url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap&personpostnr=136205&merk=136205>LenkeSå finn eg ein Thomas Kittelsen i Bergen som far. Han er då gift med Groe Erichsdtr. Lenke Lenke Lenke Lenke LenkeSå finn eg ein Thomas Kittelsen død 1758 Lenke og Groe Erichsdtr. død 59 år gamal i 1774. LenkeEg lette etter ekteskap i digitalarkivet for å sjå om det kunne finnast ei kobling til Årdal, utan å få treff. Sånn sett er det ikkje særleg dokumentasjon i dette.Eit søk i fylkesarkivet gav derimot treff (går ikkje å legge link til desse). Dei gifta seg i Lærdal 30. okt. 1740. I fylkesarkivet er dei oppført med fødestad og bustad lik Lærdal Prestegjeld. (Eg er usikker på om Årdal var eige prestegjeld i dei tider, evt. kor mykje vekt vi skal legge på opplysningar om fødestad. Kan ikkje hugse at dette var oppgitt i kirkebøker ellers på dei tide.)Tar og eit søk på fødde i fylkesarkivet. Får då opp Kari Thomasdtr f. 25. febr. 1741 i Årdal. Far er Husmann Thomas Kietels.Legg ved ein link til fylkesarkivet dersom du ikkje har denne frå før(vel databasetenester, dersom du ikkje får denne opp direkte).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Mange takk for letingen din, Egil. Noe av dette hadde jeg fra før, men du har også funnet en del nytt. Det nyttigste var kanskje begravelsen av Gro Eriksdatter. Der står det jo nemlig alder, og da føler jeg meg rimelig sikker på hvem hun var.Ellers kan jeg nevne at de dataene fra kirkebøkene for Lærdal som ligger på nettet, så langt fra er komplette. Derfor er det ikke noe overraskende over at du hadde problemer med å finne alt der. Jeg har imidlertid skrevet av originalen for det aktuelle tidsrommet, og kan opplyse om at Thomas og Gro ble trolovet i Årdal krk. den 18.10.1739 og giftet seg vel ett år senere (30.10.1740) samme sted. De fikk ett barn i Årdal (dpt. 25.2.1741) og flyttet så til Bergen og fikk der i alle fall 6 barn. Iflg. et skifte fra 1745 bodde mor til Thomas da som enke i Bergen. Kanskje bodde hun da hos sin sønn og svigerdatter der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.