Gå til innhold
Arkivverket

[#67222] Etterkommere etter Erik Nilssen Fonn, gift 7.10.1810 med Gunnille Olsdatter?


Gjest Birger Forsmo
 Del

Recommended Posts

Gjest Birger Forsmo

Er det noen som kan fortelle meg hva tid denne Erik Nilssen Fonn ble født?Takker hjertelig for all mulig fortsatt hjelp!Med vennlig hilsenBirger Forsmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Hei igjen Birger.Kjedeleg å måtte gje seg utan å finne denne Erik Nilssen Fonn. Trur eg har han.Her er eit forslag til Erik Nilsen i 1801. [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f18011431&gardpostnr=64&personpostnr=1356&merk=1356#ovre>Lenke Ikkje heilt sikker på denne, men den virkar lovande. Har ikkje funne denne Erik Nilsen igjen i FT 1825 på Jølster.Endå meir lovande funn i kirkeboka for Helgheim sokn i Jølster 1782 (nr. 2 på venstre side) Permanent bildelenke: Lenke Les det til å stå den 18. august døypt Erich - Niels og Agathe Fond (du huksar sikkert dei to Agate-jentene til Erich).Då må far til Erich være han som er omtalt i bygdeboka for Fonn som Nils Johanneson f. 1740, gift med Ågote Andersdtr. f. 1750. Broren til Erich - Johannes Nilsson f. ca. 1775, gift med Olina Kolbeinsdtr. tar over garden etter foreldra, og det er oversikt over etterkommarar av han i bygdeboka.---- Når det gjeld Jens, så har eg ikkje så mykje om han dessverre. (Bygdeboka omtaler for det meste broren Elling og etterkommarane hans). Jens er i 1801 5 år. Finn han truleg i FT 1825 på Klakegg i Jølster

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Birger Forsmo

Hjertelig takk, Egil Russøy! Jeg tror sannelig at du har funnet den rette familien! Og at han kan være født 18.8.1782 høres ikke urimelig ut siden Gunnhild var født i 1784. For meg er det umulig å tyde disse 'kråketærne' i de gamle kirkebøkene. Jeg har ikke funnet Erik i Folketellingene. Siden oppkalling var vanlig så synes det å være logisk at Erik oppkaller datteren etter sin mor.Med vennlig hilsenBirger Forsmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Då kan eg ta litt om anane til Nils Johanneson.I digitalarkivet finn eg han gift i 1776 Lenke Agate kjem frå Helgheim i Jølster.I 1735 giftar ein Johannes Nilsen Fond seg med Cecilie Knudsdtr. frå Bevring (Befring i Jølster). Dette må være foreldra til Nils.Finn ingen før dette som kan være far til Johannes Nilsen igjen på Fonn, heller ikkje i MT 1701.Sjekkar bygdeboka: 1735 Johannes Nilson Fonnen fekk skjøyte på jorda 1 pund, som faren Nils Johanson hadde på bygsel .... (Nils Johanson må då være far til Johannes Nilsen). I 1721 er det tinglese bygselssetel til Nils (må være den same Nils) på 1 pund.1784 død Johannes Nilsen 75 år (skulle då være fødd ca. 1699).1797 død Cecilie Knudsdtr 94 år (skulle då være fødd ca. 1703)I MT 1801 finn eg ein Johannes Nilsen 2 år på garden Ripe (Jølster). Han er yngst av fire brødre. Far er ikkje nemnd, men Karen Gundersdtr. må være enka hans. (I utg.p. var det kun menn som blei telte i 1701, men gjenlevande enker blei nemnde). Lite truleg at denne er den rette, då faren hans skulle være i live i 1735. Søker på 1 og 3 år, men finn ingen andre aktuelle i Jølster. Truleg er då Johannes Nilsen fødd ein annan stad.Oppsummert: Erik Nilsen f. Fonn 1782.Far: Nils Johannesen f. Fonn 1740, gift med Agathe Andreasdtr. f. Helgheim 1750.Far: Johannes Nilsen f. ukjent ca 1699, gift med Cecilie Knudsdtr f. ca. 1703 Befring?Far: Nils Johannesen f ???Skal sjekke opp Agate Andersdtr. og Cecilie Knudsdtr. seinare.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Birger Forsmo

Takk for det, Egil Russøy! Erik Nilsen Fonn ble - som jeg har skrevet før - gift 7.10.1810 i Jølster med Gunnhild Olsdatter, født i 1784 på Nordre navnløs, Jølster. Hun var datter til Ola Andersen og Britha Ellingsdatter Veiteberg. Det kan nok være Nils Johannesen f. Fonn 1740, gift med Agathe Andreasdtr. f. Helgheim 1750 som er foreldrene til Erik Nilsen.Med vennlig hilsenBirger Forsmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Då skal eg ta for meg Agathe. Interessante namn i hennar anar og.Agathe Andersdtr. blei fødd 1750 på Helgheim. Døypt 1751 Permanent bildelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509680085.jpg>Lenke Fadrane var frå Helgheim/Huus og Myklebust. Søker etter ekteskap for høvelege foreldre. Finn ingen Anders frå Helgheim som giftar seg på høveleg tidspunkt, men finn Anders Knudsen frå Myklebust, som i 1745 giftar seg med Gjertrud Eriksdtr frå Helgheim.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Birger Forsmo

HJertelig takk for det, Egil Russøy! Først vil jeg fortelle at nå har jeg funnet et av barna til Erik Nilsen Fonn, Ole Eriksen, f. 14.1.1811, død i Førde 21.12.1884. Han var altså gift med Brita Torsteinsdatter, f. 1812 på Hafstad, Førde, Sogn og Fjordane. Flott at du nevner skifter, for da må det kunne gå an å finne etterkommere nevnt i skuftet.Med vennlig hilsenBirger Forsmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Birger Forsmo

Nå har jeg også funnet en datter av Ole Eriksen: Throne Olsdatter døper en sønn, hvor bl.a. Ole Eriksen og Agate Nilsd. er faddere.Mvh.Birger Forsmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Flott, då håpar eg det er Nils Olai du har funne. (Barna og ein del barnebarn av Ole Eriksen er oppgitt i innlegg 21).Ser at du har fått opplysningar om skifte etter Knut Johannesen frå Yngve. Eg har funne opplysningar om skifte etter kona hans Agate Olavsdtr. i 1761. Ho var då gift med Anders Andersson. Dei hadde felles barn: Kari Andersdtr. som var gift med Anders Olavson Versdalin (Dvergsdalen?). I tillegg er det oppgitt hennar tidlegare barn: Anders Knutson Helgjeim, Knut Andersson Myklebost (Sjå nedanfor), Marte Knutsdotter gift med Gunnar Rasmesson Sunde, Mildrid Knutsdotter 43 år 'Sygelig og mangler paa forstand', johane ugift 40 år, Agate Knutsdtr. 36 år på Myklebost.I tillegg er det oppgitt ein artig bemerkning: Ekkjemannen vitna at dei tvo stjupborna (stebarna) hans som var gifte (dvs. Anders og Marte) fekk so mykje i brullaupsutflutning at da vart ikkje jamnad i bue åt dei andre. Skifteretten rekna no i frå deim 9 og 3 dl.Når det gjeld Johannes Knutson som ikkje er nemnd i skifte, så er han død i 1759 på garden Åsen i Jølster. Enka hans heitte Helga Olavsdtr. og dei hadde barna Anders som budde på Åsen, Knut i Årdalen, Olav på Myklebost, Marte som var var gift med Knut Person Strand, Sygnilde gift med Anders Rognaldson Sande (Sunde?), Mildrid ugift over 30 år, Brite over 20 år.Eg har og funne 'pigen' Agate Knutsdtr død 1787 62 år gamal og 'pigen' Johane Knutsdtr. død 1789 68 år. Desse blei då tydelegvis ikkje gifte.I 1777 er det skifte etter Marte Knutsdtr. Sunde. (Sunde i Jølster). Det er ikkje oppgitt nokon barn, og dei var difor truleg barnlause. Det er nemnd ei Marte Gunnarsdtr Sunde, som Gunnar hadde frå tidlegare ekteskap, som får utbetalt løn for 13 år. I tillegg til enkemannen Gunnar Rasmussen Sunde er søskena til Marte oppgitt som arvingar. Her kjem og forklaringa på denne Knut Andersson Myklebust. Han er halvbror hennar, slik at Agate Olavsdtr må ha vore gift før. Johannes Knutson er og oppført som halvbror, og det betyr at Knut Johannesen må ha vore gift før. Her kjem og nye opplysningar om barna til Johannes Knutson: Anders og Knut bur på Åsen, Olav er død, og har etterlete seg barna Olav 16, Åse 20. Marte er framleis gift med Knut Strand og Sygnilde med Anders Sunde. Mildrid er no gift med Olav Ordalin (Årdalen) og Britte gift med Knut Håheim. I tillegg er det oppgitt ei Helga gift med per Hus, men dette må være enka etter Johannes.Eg har og lett etter skifte etter Andreas Knutson eller Gjertrud Eriksdtr, for å sjå om Agate Andreasdtr hadde søsken, men eg har ikkje funne dette. Det er nemnd ein steson til Andreas Knutson (Eirk Hansson) som dør 1781, så Gjertrud må ha vore gift før. Gjertrud dør som sagt i 1789. Kanskje Yngve har oversikt over skifte hennar.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Birger Forsmo

Hei! 'Du verden' her her var det kommet mye stoff. Hjertelig takk skal du ha Egil Russøy! Den som jeg fant varThrone Gunnhild Olsdatter, datter til Ole Eriksen, født 1840 i Førde, gift med Rasmus Andreas Nilsen. De fikk en sønn, Nils Olai Rasmussen, født 1865. Nå skal jeg gå gjennom det du Egil la ut.Med vennlig hilsenBirger Forsmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Birger Forsmo

Glemte å si at det var skifte etter Knut Johannessen og gjenlevende enke Agate Olsdatter jeg fikk. Barna var Johannes, Anders, Maite, Mildrid, Johanne og Agate.Mvh.Birger Forsmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Lunde

Hei. Her var det masse interessant å sjå, og kansje kan eg vere til litt hjelp.I innlegg nr.21 er her ein feil. Agate Eriksdatter og Nils Andersen hadde to barn, Erikka og Andreas, men dødsår for Andreas er nok ikkje rett. Det rette er 26/12 1946. Han var gift med Johanne Gunnhild Kristiansdatter Kvamme, f.1867 d. 1954 .Dei budde på Kronborg på Bruland og hadde ti barn, derav ein som døde som liten. Mvh. Odd, ein av etterkommerane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Då ser det ut som om det har sneke seg inn ein feil til i bygdeboka for Førde. Eg har sjekka bygdeboka igjen, og det står veterleg at han døde i 1883. Bra du oppklarte dette Odd, og eg trur eg har funne grunnlaget for feilen.Når Andreas Nikolai blir konfirmert i 1882 har han flytta til Kronborg. [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=kf14321881&gardpostnr=77&personpostnr=230&merk=230#ovre>Lenke. Same år blir Andreas Olai Nilsen f. 1866 på Teigen konfirmert på Skeid. Det dør ein Andreas Nilsen på Skeid i 1883, men dette er nok sistnemnde Permanent bildelenke: LenkeHar også funne brulløpet til Andreas Nikolai.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.