Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#67347] Lesja - bygdebokoppslag eller lokal kunnskap - Amundstad/Bäckström?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Frans Gustav Konrad Gustafsson Bäckström, kjend som Gustav Bäckström, fødd i Härnösand, Västerbottens län i Sverige 5.11.1879, gifte seg første gongen i Odda 13.1.1912 med Brita Larsdotter Alme, fødd i Hafslo i Sogn 13.1.1874. Frans var smed og jarnbanearbeidar, og etter korte opphald i Odda og i Åmli, Aust-Agder, busette dei seg visstnok i 1914 på AMUNDSTAD i LESJA der Brita døydde 7.5.1915.Gustav gifte seg att (dato og stad ukjende) med ei Lovisa som skal vera fødd i Gulen 12.3.1876. Ho er oppgfjevi vera avlidi på Lesja 17.9.1946, medan Gustav Bäckström skal vera avliden i Grong 17.6.1954.Gustav Bäckström fekk to søner; den yngste Sigurd, voks opp i Sogn og har etterslekt der. Den eldste var:* Lars Gustav Bernhard, kjend som Gustav Bäckström Jr, fødd i Åmli i Aust-Agder 3.2.1913, døydde på Lesja 2.12.2003. Han skal ha gift seg på Lesja 9.3.1938 (finn ikkje i klokkarboki for Lesja sokn!) med Helene Pedersdotter Holmseth, fødd i Trysil 3.11.1910. Ho døydde på Lesja 29.7.1977. Gustav var anleggsarbeidar, og han og Helene budde på Lesja. Dei fekk ei dotter som døydde ung.Eg har følgjande spørsmål om denne huslyden, som eg vonar kan løysast gjennom ei bygdebok eller lokal kunnskap:* Dato og stad for vigsli til Frans Gustav Bäckström og andre kona Lovisè?* Fleire opplysningar om Lovise? - fullt namn?* Kvar på Lesja budde Frans Gustav og andre kona Lovise?* Stadfesting av vigsli til sonen Lars Gustav Bäckström og kona Helene?* Kvar på Lesja budde Lars Gustav og kona Helene?Eg vonar at einkvan kan hjelpa meg med desse spørsmåli og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Sandbu

Hei Lars,Eg kan ikkje hjelpe deg med desse spørsmåla, men legg inn det lille som står om familien i Bygdabok for Lesja, band 2, side 499 under Ommundstad:Konrad Bäckström frå Hernösand, Sverige, g.m. Brita Larsd. Moane f. i Hafslo i Sogn, 1864-1915. Dei budde her da Brita døydde, og da Lars Gustav vart konf. i 1926. Konrad var smed og anleggsarbeidar. Barn: 1. Lars Gustav, 1913, f. i Åmli, Aust-Agder, sjå Lyngtun, her (43-1) 2. Sigurd, 1914, bur i Sogndal. Konrad reiste frå bygda.Frå same band, side 508 under Lyngtun:Lyngtun ligg 50m ovafor riksvegen, og berre nokre meter frå hafella mot jordet til Vesl-Avdem.Lars Gustav K. Bäckström frå Ommundstad, her (14-4b), 1913, g. 1943 m. Helene P. Holmseth frå Fredly, Lesjaverk s. (18-1), (1910-77). Lars Gustav har vore anleggsarbeidar og tjørebrennar. Helene var kokke ved Lesja Ysteri, på Aura-anlegget og Nordlandsbana. Barn: Ingvild 1945-1945.Frå band 1, side 567 under Fredly som er frådelt Torsplassen:Petter Olsen Holmseth, 1879-1962, g. 1910 m. Helene Olaussdtr. Smestad, 1891-1961, båe frå Trysil. Dei bygde heimen. Han arbeidde ved jernbana. Barn: 1. Helene, 1910, sjå Lyngtun, Åsen (43-1), 2. Margit f. 1911, 3. Odd f. 1918, 4. Olaf f. 1919, 5. Per f. 1921, 6. Inga f. 1923, 7. Ingar f. 1925 og 8. Gerd Odny f. 1927.Vonar noko kan vera av interesse her. Aud.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.