Gå til innhold
Arkivverket

[#67468] Maurits Mattsson Rasch, sokneprest i Rødøy 1612 - 1645


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Maurits Madsson Rasch, sokneprest i Rødøy 1612 - 1648.Om denne presten star det ganske utførleg I Dahl (2000), men sidan ein del interessante opplysningar ikkje er teke med av Dahl, så skal eg her supplera litt. Opplysningane er henta frå PHT 2. B. s. 169 ff. I ein fotnote er det også vist til Norske samlingar II s. 493 – 504. (J. Fritzner) som staden der utdrag først ble trykt frå Mauritz sin bok. M.a. hadde boka vært i eiga til Hans Grøn Bull, sokneprest i Kvernes på Nordmøre.Eg tek berre med opplysningar som ikkje står i Dahl (2001). Opplysningane er ikkje i kronologisk rekkjefølgje.Først skal eg opplysa om kva Jon Todal hadde skreve i boka. Han fortalde at verfaren, H. Maurits Matsson Rask døydde om kvelden den 7. april 1645 og vart gravlagd den 21. april i Rødøy kyrkje framfor alteret. Det var H. Jens Torkildsson som held likpreika.Den 26. Nov. 1648 døydde kona til Jon, Kirstin Mauritsdotter og vidare at den 30. mars 1652 døydde vermora Guren Olufsdotter i Flatøya etter å ha budd der berre ca ½ år.Maurits sjølv fortel m.a. at han kom til Helsingørs skole 12. Mai 1585.Vidare at hausten 1595 vart Karen, dotter til H. Hans (i Bodø) født og i oktober 1612 døydde ho. I 1615 om hausten vart Jens Durup sin son, Jens født og året etter, om hausten 1616 vart dotra til Jens Durup født. Ho heitte Johanna. I 1619 ved St. Hans-leite vart dotter til Jens Durup, Anna født.Om det ikkje kjem særskilde ønsker om det, skal eg ikkje trøytta med å ramsa op foreldre og besteforeldre til Naurits.Denne borgarmeisteren i Oslo som var Maurits sin nære slektning heitte Erik Olufsson (Småsvein). I året 1600 vart Maurits gift med Guren Olufsdotter.Maurits fortel at han ”satte min dotter, Kirstine Mauritsdotter, til Borgermester i Bergen, Vilken Tormodsson” (Eg er ikkje heilt sikker på kva dette betyr, men kanskje han sette henne der til opplæring?) Same år kom Johanna Andersdotter til velb. Knut Stensson. (Kven var dette?) Han fortel at både faren og mora, samt 3 systre , Lisebeth, Karene og Kirstine, døydde alle saman i pestilens i år 1600. I 1603 segla broren, Peder Matsson til Tyskland og døydde der.Den 8. Des. 1624 døydde Knut Hansson i Øiesund i Melø fjerding og ligg gravlagd i Melø kyrkje. (Kven var det?)År 1614 vart Jens Durup og ”min syster”, Siscille Matsdotter vigde. Bryllupet stod den 30. november

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Jeg har ikke funnet så mye informasjon om de navnene du har satt spørsmålstegn etter, men på denne nettsiden [url="http://home.online.no/~hbbrun/selvaer.htm>http://home.online.no/~hbbrun/selvaer.htm har jeg funnet en del informasjon om Jens Durup, som bodde på Svelvær på begynnelsen av 1600-tallet.Svelvær er den nordligste øya i Træna kommune, og Durup var en meget velstående odelseier med 26 vog i Nordland og 6 spann smør i Trøndelag. Durup var skipper og satt med jektebruk og satt også med 4-5 husmenn på Svelvær. I 1624 byttet Durup til seg Selvær og Dørvær, som var kronens eiendom, mot tre gårder i Gildeskål.Durups anseelse vises også ved at han i 1/9 1618 nevnes som fadder i Bodø kirke for lensherren Frants Kaas's søn Claus; de andre faddere var lagmann Jørgen Staur, presten Mauritz Rasch i Rødøy, fogd i Lofoten Anders Kare og Arne Olufsøn i Steigen. Jens Durup døde i 1639, og da overtok sønnen Jens og drev videre med fiskeoppkjøp og frakt.I 1645 bestod husholdet til Jens Durup av 13 personer over 12 år. Men like etter fikk han problemer og fraktfarten ble innstilt. I 1646 ble han utsatt for 'stor sjøskade'.Durup døde allerede i 1650 og etterlot seg visstnok ingen myndige livsarvinger. Hans søster og hennes barn arvet Dørvær mens Selvær ble kjøpt av sognepresten i Saltdal, Hr. Oluf Lauridsen Wangberg. Jens' søster byttet snart til seg en tredjedel av Selvær for to tredjedeler av DørværHer står det litt om Mauritz i Norske Rigsregistranter, bind 5, s. 250

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trond Aakvik

Sogneprest Rasch er presentert i en artikkel i boka 'Røtter i Rødøy' av undertegnede. Boka bestilles ved taakvi@online.noMvh Trond Aakvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Grethe Flood for interessante supplerande opplysningar om Jens Durup.Jens har også så vidt vore litt debattert i tråden om Lund i Steigen. I innlegg (133) i den debatten opplyser Johs H. Hammer at Jens Durup skøyta til Frantz Kaas, 18. juni 1625, 2 våg i Mårnes, 1,5 våg i Fjære i Folda, 2,5 våg i Godøy. Dette at Jens Durup åtte 2 våger i Mårnes kan kanskje vera interessant, men det er vanskeleg å få tak i korleis han eventuelt kunne vera i ætt med andre av dei som åtte i denne store garden første halvdel av 1600-talet.I innlegg (153) i den nemnde debatten om Lund opplyser Leif Johannessen, med skattematrikkelen frå 1647 som kjelde om følgjande eigarar av Mårnes:1. Torkild Jensson på Lund, 4 våger2. Synnøve , enkje på Hjertøy, 3 våger3. Steffen i Misvær, ½ våg4. Christen Christophersson på Horningdal (Horsdal) 4,5 våger5. Kongen 2 våger.Her ser vi ei tydeleg todeling, nemleg dei to førstnemnde, Torkild og Synnøve (søsken) som eigar av halvparten, dvs 7 våger. Vi ser også at samla så eig dei tre sistnemnde eigarane like mykje, nemleg 7 våger. Om vi ser for oss at dei 2 vågene som kom frå Jens Durup er dei same to som i 1647 er hamna hos kongen, så kan den andre halvparten av Mårnes også vera eigd av nære slektningar.Parten til Jens Torkildsson og Synnøve kom frå far deira, Jens (Eriksson?), slik at han då eventuelt åtte halvparten av Mårnes kring 1620.Det kunne då også vera slektskap mellom både Jens (Eriksson), Jens Durup og dei andre to nemnde personane.Det er vanskeleg å sjå føre seg at Jens Durup kunne ha fått dette godset med kona si, for ho var jo like dansk som Maurits Rasch (Hallandsfar). Difor må helst godset til Jens koma frå hans eigne forfedrar el. mødrer.Det er sikkert sume som meinar at dette avsporar tråden, men tanken var å drøfta nettverket rundt Rødøypresten, Maurits Madtsson, og alle innfallsvinklar her er like velkomne.I første innlegget mitt gløymde eg å opplysa om at den nemnde dotter til Maurits, Kirsten vart send til Bergen i 1629.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I 1974 gav Bodø Bygdeboknemnd ut eit lite hefte, kalla Fra Bodø i dansketida. Forfattar var Terje Gudbrandson. Det var kanskje under arbeidet med bygdeboka at ein ville gje ein prøve på kva som var samla av opplysningar. Gudbrandson har tydeleg vore oppteken av nettopp dette med eigedomstilhøve og slik er det mange slike opplysningar å finna. På s. 128 nemner forfattaren at Jens Durup makeskifta 1/2 våg i Seivåg i Bodø med kongen, men han seier ikkje kva år. Derimot opplyser Gudbrandson at i 1610 åtte Jens Eriksson i Steigen også 1/2 våg i Seivåg. Det kan naturlegvis vera den same halve våga det er snakk om, men det kan og vera at Jens Durup og Jens Eriksson åtte like mykje kvar i Seivåg. Til liks med det som eg peikar på i forrige innlegg, så kan dette indikera slektsskap mellom dei to Jensane. Det var elles Claus Brockenhuus som åtte mesteparten i Seivåg kring 1625, dvs. 5 1/3 våg.Den same kjelda opplyser også at Jens Eriksson eigde 1 våg i Ytter-Hernes. medan Peder Hansson Schønnebøl i 1625 (arvingane) eigde 1,5 våg i Hernes. 4 våger av Hernes tilhøyrde 'de Gallers Gods udi Norge'. Sjå NRR IX 1648 - 49, s. 401 ff).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg skal gå litt tilbake til den nemnde boka for å ta med dei næraste forfedrane til Maurits. Det kan jo seia litt om attkallinga i barneflokken hans.Maurits Madtsson Rasch (Hallandsfar) f. 1574 i Halland (Norehalland) i Fjere Herreds Fogderi i Onsale sogn. 2. Mats Mortensson, pastor i Onsale prestegjeld3. Johanna Mauritsdotter4. Morten Andersson5. Bente Jensdotter6. Maurits Jensson Rasch, Pastor i Tøle, m.m. Prost over søndr og nordre Halland. (Det er vel difor Maurits vert kalla Hallandsfar)7. Lisebeth Jonsdotter født i Varberg i Halland.I innlegg (4) skriv eg at Kirstine Mauritsdotter (Rasch) (Vel kona til Jon Nilsson Todal) kom til Bergen i 1629. Det rette skal vera 1639 i august.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Johannessen

Iht. matrikkelen av 1647 eier enken etter Maurits Rasch 3 våg i Gjærøy. Av personer som kan ha tilhørt ”nettverket”, nevnes:Jens Durup (jr.) eier 3 våg i Selvær og 1 våg i Dørvær. Dessuten bygsler han 1 våg 1 pd. i Husøy og en liten part i Sanna, Træna.De som betaler skipperskatt i gjeldet er:Rødøy: Sølfast Segelfior (Segelfore) Hanns Nesøen Jenns Selvær (Jens Durup)Lurøy: Pouell Onøen (Paul Hartviksen) Olluff Luerøe (Oluf Mechelborg) Erich Quarøen (antakelig sønn av Jens Eriksen, Indre Kvarøy) Pouell Nesøen (Paul Torkelsen) Jenns Tonnes (Jens Henriksen, gift med Elisabeth Christensdatter, enken etter en Paul, trolig Paul Evensen)Meløy: Peder Spilderen (visstnok Peder Jonsen fra Herøy, gift med enken etter Melchior Mosvold)Lensmenn er: Hanns på Sleipnes, Rødøy (Hans Andersen) Niels på Hestmoen i Lurøy, Laurids som bygsler Søer Walle (4 våg ½ pd.) i Meløy (Lars Rokkertsen)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Leif for nyttig innspel.Sidan Jens Durup d.y eig i Selvær og Dørvær, så må ein kanskje gå ut frå at Jens d.e. også åtte i desse gardane?Den Jens Eriksson (indre Kvarøy) som du nemner må vel vera ein annan enn Jens Eriksson i Steigen.Er det elles nokon som kjenner til kva som eventuelt er trykt av odelsskattemanntal,(eldre enn 1647) for Rødøy og omegn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johs H Hammer

Finn, jeg vil primært mane til noe forsiktighet mht konklusjoner som følge av samtidig eierskap i gårder. Mellom 1600 og 1650 foregikk det mange eiendomstransaksjoner som er dokumentert i Nordnorsk diplommateriale av Audun Dybdahl.Nå vedkommer det ikke denne tråden direkte, men jeg kan nevne at Birgitte Nilsdatter, kona til Jon Benkestok, i 1599 arvet 29,5 vog fisk i Nordland, i hovedsak i Rødøy. En del av dette finnes omtalt i nevnte diplommateriale, pantsatt eller solgt av Jons barn. Annet kan være solgt av Birgitte, for senere å bli solgt av tidligere kjøper. F eks eide Birgitte 7 våger i Storvik. Maurits kjøpte tydelig nok i 1618 2 våg der av Anders Benkestok, for i 1626? å gi to våg der til Frantz Kaas.Av det gods Jon Benkestok etterlot seg, var relativt mye solgt allerede ca 1630. Det er opptil flere av de navn som forekommer i det nevnte diplommaterialet som kan ha interesse for de som er opptatt av Benkestok-slekta.Når det gjelder Jens Durup, fant ikke jeg noen holdepunkter for noe slektskap med Jens Eriksen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Johs, så langt eg kan sjå, så er det ikkje trekt ein einaste konklusjon i denne debatten så langt vedrørande slektsskap på grunnlag av sameige i gardar. Det betyr sjølvsagt ikkje at mulegheita skal avskrivast utan å undersøkja tilhøva skikkeleg. Slik som no, så var det heller ikkje den gongen berre å avhenda odelsjord til kven som helst. Jorda skulle først bydast fram til dei næraste i odelsrekkja og sidan til fjernare odelsarvingar. Om ingen av desse var interessert, så kunne kjøparar utanom odelsrekkja verta aktuelle. Odelsarvingar kunne også lysa pengemangel og på den måten forlengja tidsrommet odelen skulle gjelda for eiga slekt. Ved makeskifte derimot kunne odelsjord gå ut av ei slekt, men berre på den måten at ho vart erstatta av tilsvarande jord i andre gardar. Kongen derimot skulle ha dobbelt opp ved makeskifte. Som du sikkert veit, så galdt andre reglar for avhending av kjøpegods. Det er nettopp dette som gjer odelsskattemanntala frå denne tida så interessante.Når det galdt Maurits, så er det svært tvilsamt om han sjølv åtte odelsjord i Rødøy eller andre stadar i Nord-Noreg. Kona hans derimot kunne ha arva litt slik jord, utan at eg så langt har sett hevda at så var tilfelle. Likevel har det vel langt på veg vore gissa at denne kona måtte ha hatt odel til Mørkved på Hedemarken, då det har vore vanskeleg og sett for seg andre måtar Jon Nilsson Todal kunne ha slik odel å avhenda i 1650-åra.Vi ser at Jens Durup får syster til Maurits til ektemake, truleg heller ikkje tilfeldig. Vidare ser vi at eldste sonen til Jens Durup også får namnet Jens, ein sterk indikasjon på at Jens Durup hadde Jensson som patrynomikon. Ja, om det verkar lite sannsynleg, så kunne faktisk Jens Durup vera ein eldre bror til Torkild Jensson, men med anna mor.Uansett, så er slektskrinsen og nettverket kring Maurits og familien såpass interessant at den bør undersøkjast så godt det let seg gjera.Elles undrast eg litt på dette nordnorske diplommaterialet til Audun Dybdahl, - er det ei trykt bok som er å få kjøpt eller er det ei samling ved eit av arkiva?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johs H Hammer

Finn, jeg mente bare å minne deg på dette. Ikke å angripe noe som helst.Referansen er slik: Dybdahl, Audun: Nordnorsk diplommateriale, Håløygminne, hefte 1, 1983, 64. årgang, s 300 ff.Jeg holder det for trolig at Guren Olsdatter var odelsberettiget til Mørkved gods i Hedmark. Det er argumentert for i Lund-debatten. Noe avgjørende bevis er vel ikke framsatt.Når det gjelder transaksjoner Mauritz Rasch er involvert i, det jeg har oversikt over, nevnt i det refererte diplommateriale, så er det slik:19.1.1618 pantsetter Jon Benkestoks sønn, Christoffer, 2,5 pundsleie i Ner-Valla til Mauritz. Trolig var dette arv etter Christoffers mor.3.12.1618 pantsatte Jons sønn Anders 2 våg i Storvik til Maurits. Jeg antar at dette likeså er arv etter Birgitte. Dette ga nok Mauritz videre til Frantz Kaas ca 1626.18.1.1619 skjøtte Karen Andersdatter, enke etter en Jakob Johansen, 1,5 våg i Godøynes til Mauritz. (Dette er forhåpentligvis ikke den samme Jakob som Jakob Årsen på Mårnes som den 16.12.1622 skjøtte 3 våger i Godøynes til Frantz Kaas.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Johannessen

Uten at det har større betydning her, var pantebrevet i ”Neder Walle” på 1 våg 2 ½ pund (1 Vog fisk og half tredie pund Fisk).Det er ikke spor etter disse 1 våg 2 ½ pund i ”Søer Walle” i 1647. Denne gården på totalt 4 våg ½ pund eies av Kongen, samt Rødøe prestebol 5 pd. ”Nord Walle” på 5 våg, som i dag ligger i Gildeskål, er derimot splittet på hele 5 eiere: Geble Gebber 1 v 2 pd., Oluff (prest?) 2 ½ pd., Iffuer 2 ½ pd, Her Stephan 2 ½ pd., Christopher Husta 2 ½ pd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til både Johs og Leif for nye innspel. Det hadde vore ein stor fordel om eg hadde meir tid eg kunne bruke på dette temaet, men det vart smått om det nett no.Vil berre opplysa om at eg fekk boka til Trond Åkvik om ymse i Rødøy i dag og der var mykje spanande å lesa, både frå nyare historie og frå gamalt. eg vil absolutt tilrå å kjøpa boka, - ho var billeg og.Elles fann eg hovudutdraget frå det Hr. Mauritz Rasch har notert om ymse i Nordland og særleg i Rødøy (Norske Samlinger B II Christiania 1860) utlagd på nettet Lenke Samlinger&printsec=frontcover&source=bl&ots=VWljxgud_o&sig=nflRYpPpv2MRBy4A6bcmQmUP0_M&hl=en&ei=Z9OlSfWoOtrG-Qa7mZ2GBQ&sa=X&oi=book_result&resnum=2&ct=result#PPA493,M1Eg vil tru dette er spanande lesnad for alle som er interessert i Nord-Norsk historie kring år 1600.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I utdraget av skiftebrevet etter Jon Trondsson Benkestok til Meløy går det fram at borna arva eit jordegods på 33 våger fisk, medan mora arva 29,5 våger. På kvart av borna vart det 3,5 våg 0,5 pund fisk av dette. Det går fram at mora arva 1,5 våg i Sør-Valle (det same som 1 våg 1,5 pund) Enten var landskylda auka med 1 pund eller så må Kristoffer Jonsson ha kjøpt til ein liten part. Om heile garden var på 4,5 våg og Birgitte Nilsdotter eigde 1,5 våg av dette så utgjorde dette nøyaktig 1/3 av garden kva ein no kan utleia av dette?Elles var det ikkje slik at Kristoffer selde Sør-Valle til Maurits. Derimot var det eit pantebrev han utstedte. Vidare går det fram av dette pantebrevet at Kristoffer tenkte å flytte til Trondheim og av den grunn sa han også opp bygsla på garden. Det var til St.Hans 1618 at han lyste garden garden ledig for ny bygselnmann. Dette må vel tolkast slik at Kristoffer budde på Sør-Valle før han flytte til Trondheim.Korleis dette pantet gjekk over til kongen er vel greitt nok å skjøna, og truleg gjekk det frå Maurits til lensherre Kaas og så vidare til kongen då Kaas døydde i 1637. Det går fram i Hasselberg & Dahl (1999) at enkja etter Kaas, Anne Clausdotter Hundermark måtte avstå heile jordegodset til Kaas på 122 våger fisk til krona for å dekkja gjeld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I innlegg (1) spør eg kven denne 'velboren' Knut Stensson som Maurits nemner i 1639 kunne vera. Dette måtte sjølvsagt vera den lensherre som etterfølgde Frants Kaas. Denne Knut Steensson kalla seg til Stensgård og kom til Salten først i desember 1638. Knut bodde først på Bodøgård, men flytte seinare til Inndyr (1642). Det gjekk ikkje særleg betre med Knut Steensson enn med føremannen. Også Knut mista lenet på grunn av rot i rekneskapa.Knut var ugift då han kom som lensmann til Salten, men det er noko uvisst kven denne Johanna Andersdotter var som Maurits nemner. Kan hende var det ei av Maurits eiga slekt som skulle styra med huset til Knut Steensson. I følgje Hasselberg & Dahl (1999), så hadde Knut med seg ei elskarinne då han kom til Bodø. Ho heitte Mette Karsteinsdotter og ho fødde Knut fleire born. Han ville gjerne gifte med henne, men dåverande sokneprest i Bodø, Hans Lauritsson Blix var ikkje innstilt på det. Striden vart løyst ved at Knut fekk kongeleg løyve til giftarmålet i 1644.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I 'studentmatriklane' for Københavns Universitet er det nemnd ein Jacob Jensson Durup som student i 1580 (Sjå Lars Ove sine nettsider). Om denne Jacob Durup står det at vart prest i Hobro, men det står ikke kor lenge han var prest der.Vi kan jo tenkja oss eit scanario der denne Jacob vart forflytta til Rødøy som huskapelan for Peder Ellingsson Oxe. Vidare kan vi tenkja oss at Jacob fekk ei dotter til Peder som sin ektemake og at desse to fekk sonen, Jens Durup i lag. I tilfelle Peder Ellingsson eventuelt hadde berre denne eine dotra, så ville Jens Durup vera arving til eventuelt gods etter Peder Ellingsson (Oxe). Det kan forklara korleis Jens hadde vorte eigar av såpass mykje jordegods som han var.Når Her Jacob Jensson Durup ikkje synest å vera nemnd i kjelder frå Rødøyområdet på denne tida, så kan det vera at både han og mor til Jens døydde ganske tidleg og vidare at Jens vart oppfostra hos den eventuelle morfaren, Her Peder Ellingsson (Oxe). Etter det eg kan sjå, så kan eit slikt scenario som her skissert vera fullt muleg ut frå kronologien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johs H Hammer

Finn, ad (16). Ja, Hans Lauritsen Blix fikk 'forvist' Knut Steensen til Inndyr. Ikke Frantz Kaas, som jeg kom i skade for å skrive i Lund-debatten. Terje Gudbrandsen tolker dette også litt som posisjonering ad makt i Bodin.Ad (17). Dette blir ganske 'friskt' - for ikke å skrive mer direkte. Jens Durup hadde omfattende eiendom, det er kjent. Alan Hutchinson skriver i Disse tider - disse slekter, side 74: 'Hvor Durup kom fra vites ikke, men som handelsfolk slo familien seg ned i Selvær og ble et tyngdepunkt i områdets økonomiske liv gjennom hele den første halvdelen av 1600-tallet. Trolig var det gjennom forretningene at de samlet godset'.Vi har sett at Frantz Kaas slo under seg 122 våg i Nordland på ikke veldig mange år. Jeg tror Hutchinsons forklaring er et godt sted å starte fra.Ellers har jo Tore H Vigerust skrevet noe om etterkommerne etter Torleiv Erlingsson, i Benkestokk-rapporten.Jeg har sett noe nærmere på arven etter Jon Benkestok. Bygdebøkene for Meløy gjør ganske god rede for forholdene som angår Meløy. Av det Berit arvet der, ser det ut som hun maks kan ha solgt ca 3 av ca 8 våg. Når det gjelder det hun arvet utenfor Rødøy, har jeg ikke god oversikt. Men jeg vil tro at av de 7 våg hun arvet i Storvik, så har hun eller barna solgt en hel del. Da Anne Hundermark i 1641 avhendet det store godset, så omfattet dette 10,5 våg i Storvik, fordelt på 7 navn. Jeg klarer ikke å plassere noen av disse navnene, men muligens er en Helle Nilsen og en Steffen Nilsen barn av Nils Paulsen. Han eide 2,5 våg i Storvik i 1631, som tilsvarer det de avhendet senere.Ellers har jeg merket meg at en Kirsten Eriksdatter, salig Peder Ellingsens og hennes medarvinger, 21.4.1623 i Lurøy skjøtte over 1 våg av Storvik. Den siste opplysningen kan jo vise seg å være svært så interessant her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Ja, kan hende er gissingane mine friske Johs, men kva er det eigentleg du og Hutchinson legg i botnen når de hevdar at Jens Durup hadde 'erverva' eigedomane sine ved forretningar. Eg går då ut frå at odelsskattemanntala for områda er sjekka ut og at Jens Durup ikkje står oppført i desse. Er han eigar av odelsgods må han sjølvsagt ha gifta seg til det eller alternativt ha arva det. Han var neppe så gammal i åra mellom 1610 og 1620 at han sjølv kunne ha oppnådd odel til kjøpegods. Elles synest eg kjøpegodsteorien verkar litt søkt også fordi Jen Durup åtte gods i Trøndelag. Det måtte då vera svært upraktisk å administrera gods langt nord i Nordland samtidig med gods i Trøndelag? Om godset var arva vert det naturlegvis noko anna, for då låg ikkje foretningsideen bak.Elles trur eg det er best å halda godskjøpa til Frantz Kaas utanom. Han hadde heilt andre reiskap enn Jens Durup rådde over for å sikra seg gods som var til sal, eventuelt til pantsetting.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johs H Hammer

Finn, jeg har nøyd meg med å vise til Hutchinson. Jeg har ikke sjekket særlig mye ad Jens Durup. Men jeg sjekket han ut som mulig far til Torkel Jensen ;-)Jusen er vel 'litt rar' på den måten at en gyldig posisjon (f eks odelsrett) kan etableres ved unnlatelse etter noe tid (kanskje 30 år) ved at de odelsberettigede nettopp unnlater å framsette odelskrav.Når Maurits Rasch ca 1626 gir Frants Kaas 2 vågsleier i Storvik, så vet vi med ganske stor sikkerhet at han ikke var i nærheten av å ha odel her. Det er svært sannsynlig dette var de 2 våg Anders Benkestok hadde pantsatt til Maurits 3.12.1618.Poenget mitt er bare at vi ikke må overtolke det faktum at Maurits Rasch står oppført som giver av 2 våg i Storvik i listen over odelsbrev på Inndyr gård og det unnderliggende gods. Det var nok odel på store deler av Storvik. Men jeg vil tro det i 1626 var Benkestokene som hadde odel på det meste i Storvik. De unnlot å framsette odelskrav. Grunnen synes opplagt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Når det gjeld Storvik og det dømet du nemner der, så var det nok pantet Maurits Rasch selde vidare til Frants Kaas, - ingenting anna. Men det er rett som du skriv at om ingen melde seg som kjøpar innan 30 år, eventuelt melde pengemangel, så vart garden odelen til ei ny ætt etter eit slik tidsrom (frå 1604).Elles hadde eg ein lengre samtale med Alan Hutshinson i dag ettermiddag, og om eg ikkje misforstod så var det dei vanlege skattelistene i lensrekneskapen som var gjennomgått, og der stod Jens Durup oppført frå ca 1610.Det verka ikkje som om Hutchinson hadde kjennskap til odelsskattemanntala frå ca 1615 og 1625. For å kontrollera at det var kjøpegods Durup var eigar av må ein sjekka ut om han står i desse sistnemnde manntala. Står han oppført der, så må han enten ha fått godset med den første kona si, dvs gjennom felles born. Eller så må Jens sjølv ha arva godset sitt frå ein av foreldra event. begge.Dette betyr då at gissinga mi kan vera like rett som gissinga til Hutchinson.Elles lurar eg på kva som gjer at du er sikker på at Jens Durup ikkje var far til Torkild m.fl.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johs H Hammer

Finn, Innførselen i 'Odelsbrev på Inndyr gård og det underliggende gods' er gjengitt slik av Audun Dybdahl: '11. Herhos finnes hr. Mauritz' brev at han har forært velbårne Frantz Kaas 2 våger fisk i Storvik. Dat. Rødøy prestegård den 10. november 1662(): 1626?'1662 er jo opplagt feil.Kontakt med Hutchinson er nok nyttig. Han har jo arbeidet grundig med historia til Rødøy og omland.Mht Jens Durup, så ser jeg at jeg ekskluderte han i en periode hvor jeg trodde Torkel Jensen var sønn til Gjertrud Guttormsdatter og en Jens. Denne Jens måtte være død før Peder Andersen.Nå har jeg i grunnen ganske god tro på at det var Jens Eriksen som var far til Torkel Jensen og Synnøve Jensdatter, slik det er argumentert for i Lund-debatten. Men helt sikker i saken er jeg ikke.Jens Durup var det nok neppe. Jens Durup's sønn Jens er jo kjent. Likeså at Jens jr. hadde en søster, som arvet Jens jr.Den Kirsten jeg nevnte i (18) var kona til presten Peder Ellingsen. Dette gjør det nærliggende å knytte Storvik til slekten Oxe. Verken Peder eller Kirsten var vel ætling av Trond Benkestok. Det er nærliggende å tro at Peder vær ætling av Peder Torleivsson. Han kan ha hatt en part av Storvik. Men det blir jo en smule gjetning det også.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.