Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut Reidar Sande

[#67691] Fagervik i Bud

Recommended Posts

Gjest Knut Reidar Sande

Eg viser til tema 62940, innlegg 35 ved Bjørn Olav, samt innlegg 27951. Der er søskena Peder Andersen Fagervik og Syneve Pedersdtr Fagervik nemnde, samt at mor deira kan vere Martha Amundsdtr Fagervik, som er i sitt 2. ekteskap. FT 1801 for Fagervik i Bud viser at 2. ektemann er Niels Nielsen, med to born i 2. ekteskap [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f18011549&gardpostnr=11&merk=11#ovre>Lenke Bjørn Olav har truleg rett i at desse folka er innflytta til Bud. Hovudrulle for Vågøy thinglag 1804 syner at Anders Pedersen f decb 1773 busett på Fagervik er fødd på Talsethaugen, og at halvbroren Elling var fødd decb 1780 på Havnesset på Tornes i Fræna. Bygdebok for Fræna II omtalar på s 280 2. ekteskap til Martha Amundsdtr. Anders Pedersen kan vere døypt her, 1.1 1774 i Bolsøy nedst i 2. spalte for drenge LenkeEg finn eit giftemål i Veøy 11.7 1765 som kan vere Marit/Martha Amundsdtr og første ektemannen, soldat Peder Andersen Lenke Sjå nedst på høgre side. Kan nokon tyde stadnamna?Syneve Pedersdtr Fagervik kan vere ho som er døypt her, i Bolsøy 1767

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

Kan gårdsnavnene være RoaldsetLien og Hunnes som ble skrevet slik for gården Hungnes, også Hungenes og Homnes).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

Eg trur Osvald har rett i at det står RoaldsetLien og Hunnes. Men er det nokon som drar kjensel på paret Peder Andersen og Marit Amundsdtr? Eg håper på gode tips.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

Er det noko feil på sidene her? Dei to forrige innlegga blir ikkje telde opp?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ragnhild Hjertvik

Hei Knut Reidar!Vet ikke om jeg har riktig Anders, men min manns tippoldemor het Ingeborg Andersdtr.Hjertvik fra Fagervik i Bud, (f.1804 d.14.04 1897).Ingeborgs foreldre: Anders Pedersen Fagervik fødti Vestnes. (?? - død des.1821) Gift med Karen Knutsdtr. Fagervik. Født i Bjørnsund 1779.Karens foreldre: Knut Hermannsen Bjørnsund (1747-1805) og Ingeborg Toresdtr. (1746-1800). mvh. Ragnhild

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ragnhild Hjertvik

Hei Knut Reidar!Vet ikke om jeg har riktig Anders, men min manns tippoldemor het Ingeborg Andersdtr.Hjertvik fra Fagervik i Bud, (f.1804 d.14.04 1897).Ingeborgs foreldre: Anders Pedersen Fagervik fødti Vestnes. (?? - død des.1821) Gift med Karen Knutsdtr. Fagervik. Født i Bjørnsund 1779.Karens foreldre: Knut Hermannsen Bjørnsund (1747-1805) og Ingeborg Toresdtr. (1746-1800). mvh. Ragnhild

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

Ja, det er desse folka. Det er foreldra til Anders Pedersen Fagervik eg spesielt tok opp, og søstera Syneve gift i Bud, fordi dei mest truleg er innflyttarar.Eg ser Julnes skriv Ingeborg Andersdtr er dotter til Anders Pedersen Fagervik. Dette vil eg sjå nærare på. Eg har borna Karen f 1811,Marta f 1814 og Andrine f 1820.Eg har notert ei dotter Berit f 1804, men eg kan ha feil namn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

Du kan ta det med ro, eg fann Ingeborg konfirmert 1819, 15 år gammal, vidare var det arveskifte etter Anders Pedersen Fagervik i 1825, der 4 døtre er nemnde, Ingeborg den eldste av dei.Men du har sikkert interesse av kor Anders Pedersen kom frå. Miliotærruller seier han var fødd i desember 1773 på Talsethaugen. Talset er vel inne i Fannefjorden. Sjå lenkene i mitt 1. innlegg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ragnhild Hjertvik

Det var Ingvars onkel Kristian som skrev slektstreet for Halbakkslekta, så jeg har ikke oversikt over hvor/hvordan han fant fødested til Anders Pedersen. Men jeg vet at onkel Kristian reiste en del rundt og bladde i div. kirkebøker, og hadde mye kontakt med Statsarkivet i Tr.heim. Så foreløbig får det bare stå at Anders var født i Vestnes, men jeg ser ikke bort i fra at Talsethaugen kan være det riktige.Morsomt at du har navn på søstrene til Ingeborg og opplysning om konfirmasjonen. De kan jeg ta med i det digitale slektstreet Tusen takk! mvh. Ragnhild

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

Først no vart eg merksam på dette temaet, ... jaja, slik kan det gå når ein ikkje held seg heime heile tida ;-)Det var interessant det du kom opp med om desse folka i Fagervika, Knut Reidar. Og dette ser jo ut til å vere høvelege kandidatar. Ein lyt vel sjå det som dokumentert at Anders Pedersen Fagervik vart fødd på Talsethagen (eller Talsethaugen som det vart kalla på den tida, iflg. Jørgen Olafsen-Holm). Og då er vi på nordsida av Skålahalvøya, eller på sørsida av Fannefjorden, om ein vil. Då ville det vel ikkje vere så underleg om foreldra, Peder og Martha, kom frå andre sida av fjorden; Roaldsetli og Hungnes. Og dei kan jo ha hatt 'ein mellomstasjon' på Årøyholmen, dersom rett Syneve er funnen.Eg har jo sjølv leita litt, mellom anna i kyrkjebøkene for Veøy, men sikkert ikkje systematisk nok. Og eg har som Kristian Hjertvik, slik Ragnhild nemner, halde Vestnes som ein alternativ opphavsstad. Hovudgrunnen til dette har vore ein tanke om at namnet Fagervik kom til Bud med desse folka. Eg kan ikkje sjå at det er nemnt i kyrkjebøkene før desse folka dukkar opp i 1797/-98/-99. Og då er det i samband med giftermålet til 3x tippoldemor, Syneve samt konfirmasjonen til halvbroren, Elling Nielsen. Og eg veit ikkje andre stader i Romsdal kor du finn namnet Fagervika, enn i Tresfjorden i noverande Vestnes kommune.Eit anna alternativ kan kanskje vere Kvernes, eg meiner eg har sett Fagervik der også.Men dette har berre vore ein tanke, noko sikkert har eg ikkje om dette.Mvh. Bjørn olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

Eg ser at Peder Aarøyholm har ein son, Anders, døypt i Bolsøy i jan. 1766. Nr. 5 nedanfrå, første side -drenger LenkeEg har ikkje klart å finne at han skulle vere død før dec. 1773 då 'vår' Anders var fødd.Mvh. Bjørn Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

I Bolsøyboka 2, s. 340, skriv Olafsen-Holm om Årøholmen. Det er ein husmannsplass under Indre Årø (Krohn-garden). I 1763 er garden eigd av den illgjetne Cammerråd Alsing. På Årøholmen er det to brukarar; Ingebrigt Jacobsøn og Peder Pedersen.Om dette er rett, så fell nok Peder Årøyholm bort som kandidat til å vere identisk med faren til Syneve Pederdtr. Kleppen og Anders Pedersen Fagervik.Mvh. Bjørn Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.