Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anne Huse

[#67759] Ønsker oppl. om Peder Danielsen på Skarset, fødd på Orten ca. 1700

Recommended Posts

Gjest Anne Huse

Peder Danielsen døydde i 1782. Han er i skiftet oppgitt å ha 5 barn: Daniel, Ole, Anne, Marit og Eli.I skifte etter Anne Monsdt. på Skarset i 1754 er barna Daniel og Anne nemnt å vere hennar datterbarn.Ut frå dette må Peder ha vore gift 2 gonger, fått Daniel og Anne i 1. ekteskap(med datter til Anne Monsdt.) og dei 3 siste i 2. ekteskap.Er det nokon som har oppl. om Peder sine 2 koner ? Mvh Anne Huse

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling O. Hagerup

Sjå tema 62940, m.a. innlegg 53.Første kona, Marit Ottesdatter, døydde ca 1734 (skifte 13.11.1734 på Skarset). I dette ekteskapet var to born, Daniel og Anne. Om kone nr. 2, Kari Olsd., veit eg ikkje anna enn at det i dette ekteskapet var 6 born fødde i tida 1741-1750, og at ho levde enno 1762. (Ekstraskattemanntalet 1762 nemner desse som busette på garden: Daniel Pedersen, sjølveigar, ugift, dreng Ole Pedersen, piker: Ane Pedersdatter og Eli Pedersdatter. Foreldre: Peder Danielsen, Kari Olsdtr.)Har du fleire opplysningar om opphavet til Peder Danielsen enn det som går fram av tema 62940 innlegg 50-54?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Mange takk for oppl. Peder, fødd på Orten ca. 1700(han er ikkje med i 1701 manntalet) var son til Eli Stenersdt. og Daniel Pedersen på Orten. Eli var mest truleg frå Sandøya, dotter til Stener Olsen. Daniel var frå Orten, son til Peder Knutsen. Daniel hadde ma broren Peder på Husøya. Dessutasn er der nemnd ei søster Helge som visstnok skal vere gift/busett på Hoem. Mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×