Gå til innhold
Arkivverket

[#68235] Fredrik Sivertsen f. 1763 i Oppland flytta til Sandøy i Romsdal før 1791


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

I FT1801 Lenke står nemnt Fredrik Sivertsen Brunvold, 29 år (f. ca. 1773) g. m. Elen Olsdatter (Alvestad).I same husstand står faren Sivert Ingebrigtsen, 79 år, enkemann.I militærrullen står oppført Fredrik Sivertsen, f. 1763 i Oppland. Det skil m.a.o. 10 år.Når dei kom til Romsdal veit eg ikkje. Heller ikkje kvar i Oppland dei kom frå, men første gong eg ser at Fredrik opptrer i kjeldene på Brunvoll er 1791. Då er han fadder til naboens barn. Kan årsaken til at dei måtte flytte vere Storofsen?Eg skulle setje stor pris på om nokon kunne hjelpe meg med kvar i Oppland Fredrik var født og kven mora var?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kirsti Rye

Hei.Her er en kandidat fra Lesja.Frederich Med far Siver født 17 oktober 1766, venstre side.På høyre side ser vi en vigsel mellom Siver Engebretsen og Guri Frederichsdatter Rolstad.Kildeinformasjon: Oppland fylke, Lesja, Ministerialbok nr. 2 (1732-1776), Kronologisk liste 1766, side 556-557. Permanent sidelenke: Lenkemvh Kirsti

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Dette ser lovande ut - hjerteleg takk!!Eg har leita etter desse i fleire år no utan hell. Det var takka vere Anne, ein av dei to forfattarane av bygdeboka for Sandøy som fann han i militærrullane med fødestad Oppland for meg. Elles hadde eg vel leita i kyrkjebøkene for Møre og Romsdal framleis. Utruleg kor hjelpsomme folk er!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Takk!Dette vert berre betre og betre! Takk Arnfinn K. Kanskje det står meir i bygdebøkene for Lesja om denne familiens røtter?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Joda, alt som det med overkommeleg innsats var råd å finne ut om dei i 'før-internett-alderen' skal vere å finne i bygdebøkene (som du kan låne inn gjennom folkebiblioteket). Syver f. 1731 var frå Nørdre Tynnøl, så for å finne han treng du bd. 2 (1992).Her er familieinformasjonen i bygdeboka:Guri Fredriksd. frå Rolstaddalen (35-1), 1745-?, g. 1766 m. Syver Engebrets. frå Nørdre Tynnøl (5-7), 1731-?. Dei budde i Rolstaddalen (35-2a) frå dei gifta seg til dei kom hit. Barn:1. Fredrik, 1766-?, iflg. kompanirulla 1789 hadde han flytt til Romsdalen i 1784.2. Marit, 1769-?, elles ukjent.3. Engebret, 1771-?, elles ukjent.4. Jon, 1775-?, elles ukjent.5. Syver, 1778-?, elles ukjent.6. Marit, 1782-?, elles ukjent.Vi veit ikkje meir om familien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Dette vart reine julaftan! Takk for at du tok deg bryderiet med denne opplistinga.Ser bygdeboka mangler nokre opplysningar om når dei døydde:Manden Sivert Jngebrits. Marøe gravlagt 15/9 1803 Fredrik Sivertsen gravlagt nr. 20 1838 - 79 år gl. på Hustad. Permanent sidelenke: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.