Gå til innhold
Arkivverket

[#68308] Kvar var ho frå, Marit Sveinsdotter i Vågå, eller Lom?, fødd ca. 1756.


Gjest Jakup Skjedsvoll
 Del

Recommended Posts

Gjest Jakup Skjedsvoll

Marit Sveinsdotter gifta seg i Vågå 15.04.1795 med enkemann Jakup Olsson. Ved folketellinga i 1801 var dei husmannsfolk utan jord på nordgard Storrvik i Vågå. Ho er da sagt å vera 44 år. Ho skulle dermed vera fødd i 1756/57. Da fyrste dottera deira vart døypt like før dei gifta seg, er det sagt at det er hennar fjerde leiermål; dei tre førre har eg ikkje funne i Vågå. Ho kan heller ikkje sjølv vera døypt i Vågå. Ettersom Storrvik ligg nær Lomsgrensa har eg vore inne på om ho kunne vera frå Lom, men eg har ikkje funne dåpen hennar der heller. Men kyrkjeboka for Lom er ikkje lett å lesa, så eg kan vel ha oversett dåpen. Kona på Storrvik der Marit og mannen var husmannsfolk, var frå Andvord i Lom, og Marit kunne kanskje ha fylgt med henne, men eg har ikkje funne henne i nærleiken av Andvord i Bygdeboka.Eg står fast. Kan eg ha oversett ho i Lom, eller kan ho vera frå ei anna bygd? Kan nokon hjelpe meg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aud Sandbu

Hei Jakup!Kvifor kan ikkje Marit Sveinsdotter vera døypt i Vågå?Eg har funne ei Marit døypt som Svend Knudsens barn i Vågå den 30. oktober (Dom. 21) 1757: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9247&idx_id=9247&uid=ny&idx_side=-57>LenkeEg trur ho kan vera dotter til denne Svend Knudsen LenkeTruleg er det han som gifta seg 1. gong med ei Berit Larsdotter den 25. juni 1757:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jakup Skjedsvoll

Ja, du kan spørja, du Aud. Sjølvsagt kan ho vera frå Vågå. Takk skal du ha!, som vanleg kan ein lite på deg. Eg er sjølvsagt litt skamfull over ikkje å ha sett dette, men eg har nå lært at eg skal gå til originalkjelda og ikkje lite for mykje på dei uautoriserte avskriftene eg så ofte brukar, av rein latskap. Eg les ikkje originalen så lett som du, og i avskrifta eg brukte, var 'Svend' tolka som 'Knud'.Nå har eg med di hjelp kome mykje lengre. Så får eg sjå litt nærare på dette; kanskje får du nye utfordringar når det lid på litt.Takk skal du ha!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.