Gå til innhold
Arkivverket

[#68408] Ole Haldorson Tvinde,Voss.


Gjest Nils Tore Leivdal
 Del

Recommended Posts

Gjest Nils Tore Leivdal

Ole Haldorson Tvinde f.1849.d.1941. Gift med Marit Olsdotter Hjelkrem f.1851.d.1931. Dei busette seg i heimbygda hennar,garden Jelkrem i noverande Gjemnes kommune,Nordmøre. Kva gard på Voss ætta Ole Haldorson Tvinde frå? Skodespelaren Lars Tvinde vitja han,så dei var kanskje i slekt? Det er fortalt i usikker tradisjon at Ole hadde 3 brør som busette seg i distriktet her: 1. Ole gift og busett på Frøya.Småbrukar og emisær. 2.Nils Hagen vart småbrukar på Kvennværet,Hitra.Gift 2 gonger,først med Olava,deretter med systera hennar,Marie. 3. Andres. Etter nokre år på Nordmøre drog han til Amerika. Han skulle vera stor og sterk famntakar! Etternamna Hagen og Skjeldehagen har vore nytta om desse karane. Eg har leita litt i Vossabøkene utan å ha kome til botns i ætteopphavet og familien til Ole Haldorson.Han kom hit som skreppehandlar,bygde seg heim og var dugande handverkar og møbelsnikkar. Han og Marit fekk 6 barn.(Som dreng på hotell Liland,Bulken i gymnasåra 1960-63,veit eg kvar plassen Skjeldehagen låg. Eg trur husa der no er borte.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug R. Petit

Kan det være han du finner her i ft 1865: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=17&filnamn=f61235&gardpostnr=284&personpostnr=1996#nedre>LenkeI så tilfelle var han født 5/3-1849 og døpt 8/4-1849. N° 64: Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 16 (1849-1863), Fødte og døpte 1849, side 5. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeFS oppgir han som gift med Marit Olsdtr Hjelkrem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

I Vossaboka står fylgjande: Leiddalsmod'n: a. Halldor Knutson frå Lunde f. 1803, g. m. Ragnhild Olavsdr. og døydde 1889. Born: Knut f. 1843, budde på Tvinno, Olav f. 1848, Anders f. 1856.Visst du greier å finne giftarmålet mellom Ole og Marit, vil det vel vise seg om dette er rett mann.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Javisst har du funne giftarmålet, Kjellaug. Men då er vel saka grei. Ole var son til Halldor Knutsson og Ragnhild Olsdtr. Oppvoksen på Leiddalsmod'n.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Nils Tore - trur du blandar litt i fyrste innlegget ditt? Ole Haldorsen hadde iallefall 2 brør. Knut som vart busett på Tvinne og Anders, som eg ikkje har sjekka opp.Den Nils Hagen som vart gift med Olava og så med Kornelia Maria Kristoffersdtr, er son til Lars Ols og Dønaat Mikkelsdtr i Skjeldehagen. Denne Nils hadde iallefall ein bror, Ole Larsen.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nils Tore Leivdal

Til Marianne og Kjellaug: Mange takk for opplysningane. Tradisjonen i slekta har blanda desse vossagutane som brør. Identifiseringa av Ole Haldorson er no bra nok til bruk i Gjemnesw bygdebok.Det hadde likevel vore interessant og hatt greie på lagnaden til alle syskena til Ole Haldorson.Helsing Nils Tore.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Knut Haldorsen vart gift to gonger seier Vossaboka. Eg kopierer litt av det som står om Tvinno: 'David Person Hefte kjøpte bruket i 1865 av Fleischers ervingar. Han var f. 1804, g. 1834 med Marta Brynjulvsdr. Skjerveggen og døydde 1887. Han var skulelærar ei tid i Borstrondi og hadde døtterne Anna og Gjertrud. Anna var fødd 1835, g. 1868 med Knut Halldorson Leiddal f. 1843. Han var g. 2. 1883 med enkja Eli Jørgensdr. Leiddal. Knut hadde med Anna fire born (a-d) og med Eli tri born (e-g): a. David f. 1870, b. Ragnhild f. 1869, c. Marta f. 1872, d. Maria f. 1878, e. Rannveig, gift 1903 med skomakar Olav Brynjulvson Mestad, f. Jørgen f. 1884, g. 1909 med Dortea Herlaugsdr., g. Lars f. 1886 som er skodespelar i Det norske Teater. Ved skifte etter David Person i 1888 vart garden lagd til dottersonen David Knutson for 3200 kronor. Han let garden i 1909 for same pris til systerdotter si, Anna Knutsdr. f. 1896, g. 1918 med snikkar Johannes Olavson Dukstad'.Her er han på Tvinde i 1900: LenkeAltså var Ole onkel til skodespelaren Lars Tvinde, f i 1886. Skysskar Knut Øysteinson Høyland er min morfar!Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Det var også ei syster, Ragnhild, fødd ca 1847. Ho vart gift i 1877 med oldefaren min, Øystein/Østen Larsen frå Nordre Land, busett på Leiddal. Her er dei i 1900-teljinga: Lenke(Litt artig dette - ved å hjelpe deg, finn eg at det var skrivefeil i mitt eige slektstre).Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nils Tore Leivdal

Til Marianne. Ja,sjølv om dei to årstala ein no har, ikkje stemmer ,- må dette ganske sikkert vere 'vår' Anders som emigrerar. Det var fint at slektskapen med Lars Tvinde kom fram! Helsing Nils Tore.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.