Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#68716] Ingri Styrkårsdtr. f. Voss 1792, flytta til Kinn 1816. Kor blei ho av?

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

I 1816 flytta 4 unge mennesker frå Voss til Bremanger i Kinn. Dette var dei nygifte Niels Nielsen Berge f. 1786 og Anna Hermundsdtr. Hest f. 1789, Ingri Styrkårsdtr Grineland f. 1792 (som var datter av Niels og Anna sitt søskenbarn, Ingebjørg Brynjulvsdtr Mugås) og Aase Brynjulvsdtr Fenne f. ca 1791.Niels og Anna får to barn i Bremanger; Herman 1816 og Inger 1818. Inger dør truleg dei første åra. Niels dør i 1820 og det kan sjå ut som om Anna flyttar tilbake til Voss, før ho flytar til Askvoll som tenestejente i 1827 (det står oppført at ho kjem frå Voss når ho flytar til Askvoll) og giftar seg der i 1829. Det er muleg at Herman bur i Bremanger fram til 1832, då han blir forrent med mora i Askvoll, og blir seinare gift der.Aase Brynjulvsdtr. blir gift i Bremanger med Waldemar Christensen i 1819 (Niels Nielsen er forlovar) og dei får i alle fall to barn 1820 og 1827 og blir buande på Igland i Bremanger.Ingri Styrkårsdtr. (Storkårsdtr) har eg ikkje funne att etter at ho flytta frå Voss. Eg her lett i Kinn, Voss og Askvoll, men kan sjølvsagt ha oversett noko.Eg reknar med at alle fire i utgangspunktet budde på Garden Rise, som var eigd av ein annan Vossing; Torbjørn Person, etter at dei kom til Bremanger. Dersom det er rett, at Anna Hermundsdtr. reiste frå Bremanger etter at Niels døde, kan Ingri ha følgt med.Er det nokon som kjenner til Ingri sin vidare lagnad, eller klarer å finne henne, så set eg pris på eit innlegg.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hilde Rossing

En kandidat? Ingeri Størksdatter dåp 83 Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 13 (1836-1851), Fødte og døpte 1837, side 6. Permanent sidelenke: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hilde Rossing

Dette er vel henne og fam i 1801?Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Hilde og takk for innlegga. Det er rett familie du har i 1801. Dei flytta sikkert til Grindeland etter 1801.Når det gjeld dåpen i innlegg 2, så er eg litt usikker. Den er i 1937, og Ingri ville då vært 45 år. Sjølvsagt ikkje utelukkande det, men .... Ser og at Ingri som er nemnd her, er frå Tøhn. I 1801 bur det ein Størk Larsen på Tøhn. Ingri står ikkje oppført her, men ho kan være fødd etter 1801 (eg har ikkje fått sjekka dette).Eg kom på at mor til Ingri (Ingebjørg Brynjulvsdtr Mugås) sannsynlegvis har dødd etter 1817, men eg har ikkje funne gravferda hennar. Dersom nokon finn den, eller skifte etter ho, så kan det for så vidt hjelpe i jakta på Ingri.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Norodd Hagenson

Ingeri Styrksd Nedre Tøn f. 1811 er datter av Styrk Larsson Tøn g 1798 m Barbrå Hallesd Ringheim. Kindem kaller henne Ingjerd, men det står Ingeri i kirkeboka ved dåpen 1811. Lenke Barbrå giftet seg på ny 1829 m enkemann Lars Olson Kvåle.Legg merke til opplysningen i kirkeboka 1837 (innlegg 2): 'Angivet af Pigens Stedfader Lars Olsen Qvale'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for at du sjekka ut dette Norodd. Då han vi stryke ho som kandidat.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hilde Rossing

Hei Egil,Bra du fikk oppklart at den Ingeri ikke var din. Jeg har lett litt histen og pisten etter rett dame, men har nok ikke mye å bidra med her.Ser ut som hun er født på Grindeland og at de har flyttet til Afdahl innen 1801.Da kan hun jo ha kalt seg Afdahl også. Legger inn dåpen,ca midt på høyre sidePermanent sidelenke: LenkeLykke til!Mvh Hilde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin H. Skibenes

Kan det vera ho som blir gift på Askøy i 1821? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Tusen takk Elin. Ser ut som om dette må være den rette, sjølv om namnet ikkje stemmer heilt, men må vel ligge innanfor vanlege variasjonar. (Litt rart at eg ikkje har funne denne før, men no når eg til og med veit kva namn ho står registrert med, så får eg den ikkje fram ved å søke i 'alle databaser')Eg har sjekke FT 1801 på Voss, og det er ingen andre der som er aktuelle kandidatar. Har og sjekka på heile landet i 1801, og det er kun på Voss at Grindeland er brukt som gardsnamn.Dessverre er det ikkje register for innflytte til Askøy i aktuelt tidsrom, slik at vi ikkje kan finne ut når ho kom dit, og evt. om ho kom via Voss. Det får no så være.Litt rart dette med Afdahl i 1801. Når søstra hennar blir døypt i 1796 står dei oppført med Grindeland og likeså når broren blir døypt i 1802. Men i 1801 står familien altså reg. på Afdahl. ??? Tja, det får vel så være det òg. Dei kan vel ha flytta litt fram og tilbake.Igjen - Tusen takk for hjelpa, denne har eg leita etter ei stund. Eg får leite etter evt. barnedåpar og gravferd i Askøymvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.