Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#68955] Erich Olsen Svanøe f. ca. 1780, opphav og lagnad

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Eg har funne Erich Olsen på Svanøy i Kinn Prestegjeld. Han er tilflytta dit, men eg veit ikkje kvar i frå han kom, eller når han kom. Eg har funne han første gang 1818 på Svanøy, men han kan være komen før. I 1824 flyttar han frå Svanøy til Wolden prestegjeld (Volda) Det kjem då fram at han er 44 år gamal, dvs. fødd ca. 1780. Permanent bildelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620602.jpg>LenkeEg har ikkje funne registrering om han som innflytta til Volda, men eg har funne ei Synneve Olsdtr Loset? som flytta dit i 1824. Foreldra er Erich olsen og Brite Olsdtr. Ho er døypt 30. oktober 1805 i Søvde, og kom frå Wandelv (Vanylven). Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (2): eg må legge til at ifl. Busetnadssoga er Erik Olsson Kalvatn 'fødd før 1.1.1770'; det tyder venteleg at han er døypt denne datoen og dermed fødd siste veka i 1769. Då skulle han vere om lag 10 år eldre enn 'din' Erik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for innlegget Ivar.Det kan då sjå ut som om Erik Olsson og Brita Olsdtr. er eit blindspor, dersom det då ikkje er ein feil i oppføringa av alder i kirkeboka for Kinn.Ved hjelp av Ole f. 1799 fann eg og Brita i FT1801 [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11519&personpostnr=1318&merk=1318>Lenke Det ser ut som om denne Erik også reiser rundt om kring, for han er ikkje hos dei.At dei bur i Selje i 1809, kan vel og høve godt i forhold til at dei har reist litt rundt om. Vanylven, der Synneve blir fødd i 1805, er nabokommune med Selje. Ole finn eg framleis på Flataker i Selje i 1865, så han har i alle fall slått seg til der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Mysteriet er løyst. Eg gjekk tilfeldig gjennom nokre gamle notat på leit etter noko anna, og der dukka det opp ei registrering om han. Erik Olsen som var på Svanøy, var opprinneleg frå Hallingdal, og flytte for ei kort stund til Rauma. (Litt merkeleg med Volda Prestegjeld, men...)Likevel, takk for hjelpa, også til de som har lett og ikkje funne noko.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Haugianarmiljøet i Volda prestegjeld var først og fremst kring Svendsengarden i Ørstavik, altså i Ørsta annekssokn, og 'grunnlagt' av Webjørn Svendsen frå Raunsgård frå Hallingdal som kom hit i 1805.Erik Olsen Svanøy som høgst truleg var knytt til det same miljøet på Svanøy, gifta seg med Guri Webjørnsdotter Svendsen (1798-1878). Vigselsdatoen har eg ikkje funne, men truleg var det ein eller annan gong i 1824 sidan han flytta til Volda prestegjeld det året.Erik var paktar i Svendsengarden i Ørstavik då han og kona fekk borna Webjørn (19.3. 1825 - 28.5. 1825) og Webjørn (12.2. 1827 - 18.2. 1827). Begge fekk altså morfaren sitt namn.Erik og Gruro må så ha flytta til haugianarmiljøet i Grytten (no Rauma kommune) i Romsdal, der Guro si yngste syster Agate budde på garden Mjelva, for der på Mjelva fekk dei sonen Ole (9.11. 1829 - 8.7. 1896 på Tingnes i Vefring).Om dei fekk fleire born i Grytten, har eg ikkje finleita etter i dei scanna kyrkjebøkene der, men ganske snart flytta Erik og Guro til Tingnes i Vefring i Sunnfjord. Der fekk dei i alle fall desse tre sønene: Lars (11.4. 1832 - 25.11. 1840), Torbjørn (f. 21.12. 1835), og ein ny Lars (31.3. 1842 - 4.8. 1865). Det er mogleg at dei fekk fleire born, og det vil ein kanskje finne ved finleiting i scanna kyrkjebøker eller i databasen 'Døypte i delar av Sogn og Fjordane 1669-1895'.Kårmannen Erik Olsen Tingnes døydde 11.6. 1861, og det står då at han vart fødd i 1781. Guro Webjørnsdtr. døydde 12.2. 1875.Med venleg helsing frå Gunnar Ellingsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Eg skreiv til sist i det førre innlegget mitt at Guro Webjørnsdotter døydde i 1875, men det skal vere 1878. Datoen 12. februar er derimot rett.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk Gunnar for innlegget, som var eit godt supplement til det eg hadde frå før.BB for Naustdal har litt opplysningar ut over det du har frå Vevring. Vebjørn (eller Torbjørn som du har skreve) var fødd i 1835, men døde i 1836. Ellers er det ikkje nemnd fleire barn, og dei to barna som var fødde i Volda, er ikkje nemnde, men det har vel si årsak i at dei døde før han flytta til Vevring.Ut frå andre opplysningar eg har funne, kan det sjå ut som om Erik kom som tenar til Svanøy frå Hallingdal i lag med Haugianaren Ole Torjusson, som flytta til Svanøy i 1804 etter at han hadde kjøpt den med hjelp av Hans Nielsen Hauge. Erik var òg predikant, og reiste mykje rundt om i landet, før han slo seg til på Vevring.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.