Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Egil Russøy

[#69000] Når blei FT 1801 gjennomført?

Recommended Posts

Guest Egil Russøy

Ei lita problemsstilling som eg har lurt på ei stund. Eg ser at enkelte endringar som har skjedd i løpet av 1801 er komne med i tellinga, andre ikkje. f. eks. fødsel, sivilstatus.Er opplysningane i FT 1801 knytt til eit spesielt skjæringspunkt (dato) for heile landet, eller er det situasjonen den dagen folketellinga blei gjort dei ulike standane som er grunnlaget for det som blei registrert.Dersom det er ulike registreringstidspunkt rundt om i landet, finnes det oversikt over dette, og er det muleg å få opplyst tidspunkt for registreringa i Førde, Kinn, Voss og Bergen?mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Yngve Nedrebø

Folketellingen i 1801 ble gjennomført søndag 1. februar:'Folketeljinga 1801 har med rette ry for å vera solid og påliteleg. Ho vart teken opp søndag 1. februar 1801 og er basert på fullstendige personlister. Tabellkontoret, den statistiske avdelinga i Rentekammeret i København, førebudde teljinga og bearbeidde resultata. Folketeljinga vart teken opp av sokneprestane på landet med hjelp av kyrkjesongarane og skolelærarane. I byane vart arbeidet leia av magistraten og utført av rodemeistrane. Listene i byane er fylte ut etter husnummer.'

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Egil Russøy

Takk for tilbakemeldinga. Det var oppklarande. Då blir det slik at f.eks. barn som er fødde før 1. februar 1801, er med i tellinga, medan dei som blei fødde seinare på året, ikkje er det.mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Yngve Nedrebø

Ingen født etter 1. februar 1801 skal være med i tellingen. Jeg er ikke sikker på om alle som er født like før tellingsdatoen er kommet med.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Egil Russøy

Det har du sikkert rett i, for eg kan ikkje hukse å ha sett nokon stå oppført utan namn, så personar som ikkje var døypte før 1. februar, er sikkert ikkje med.mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.