Gå til innhold
Arkivverket

[#69217] Ein floke på Hestenes i Gloppen


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Eg veit at det er mange som har slekt i Gloppen og som har granska mykje på slekta si. Derfor håpar eg at ein eller annan sit med svaret på følgjande:Eg har spurt i Arkivforum om innhaldet i skiftet etter Else Olsdtr Åsebø i 1789. Yngve Nedrebø svarer:'Dato 5. mai 1789. Hun hadde fem brødre og tre søstre: Abraham Olsen, ugift, Anders O. Hyenes, Ole O. Hestenes, Jørghen Olsen, Jacob Olsen Hopland, Marte Olsdatter, 52, ugift, Ragnilde Olsdatter, 48, ugift, og Synneve Olsdatter, 32, ugift'.Bygdeboka for Gloppen plasserer desse som born av Ola Filippusson Lote og Eli Steffendtr Hope på Hestenes. Ulempen er berre at Ola døyr på Hestenes i 1739, og at Eli ut frå alderen ved død i 1748 måtte vere omlag 50 år då ho gifte seg med Ola i 1728.Vi må dermed sjå oss om etter andre foreldre. Ingen av borna er døypte i Gloppen f.o.m. 1739 - nokre er eldre og dei bøkene har eg ikkje gått gjennom. Ingen er konfirmerte heller, bortsett frå ein Anders Olsson Hestenes i 1753 - kanskje han?Er det nokon som har kunnskap å dele med meg her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Bare et lite tips. Søker du på FS finner du at en Ole Andersen i Gloppen har sønnene Abraham, Anders og Ole i den rekkefølgen i årene 1730 - 32.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Du er kanskje inne på noko der! Dette er Ola Andersson Devik, frå Lote - eg har ikkje tenkt tanken at der kan vere ein samanheng der, men når eg ser nøyare etter, har han fleire born som har høvelege namn!Eg må studere han litt nærmare, takk for tipset så langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Her er det eg har på Ola Andersson Lote:Gift 1728 med Kari Abrahamtr Devik.1728 - ei dotter Anne, død 1729.1730 - sonen Abraham. Lagnaden hans er ukjend, og han kan dermed passe godt som bror til Else i 1789.1731 - sonen Anders. Dette høver godt med fødselsåret til Anders Olsson Hyenes, bror til Else i 1789.1732 - sonen Ola. Kan passe med Ola Olsson Hestenes, bror til Else i 1789.1734 - dottera Marte. Ho er nokre få år for gammal til å vere syster til Else i 1789, men ho kan ha døydd lita og blitt erstatta med ei ny Marte i den kyrkjeboklause perioden.1736-38: Presten i Gloppen fører ikkje kyrkjebøker. Dei har mest sannsynleg eit barn eller 2 i denne perioden. Det kan for eksempel hende dei har fått ein Jørgen?1742 - dei har no flytta til Kvitenes og får dottera Synnøve. Ho er konfirmert i 1766 under namnet Synnøve Olsdtr Devik. Namnet passar med skiftet frå 1789, men alderen gjer det ikkje - ho burde heller vore fødd rundt 1757.1744 - sonen Jakob fødd i Kviteneset. Passar så nokolunde i alder med Jakob Olsson Hopland, bror til Else i 1789.Så finn eg ikkje fleire born. Det som då eventuelt manglar, er Else sjølv, som bør vere fødd rundtom 1739. Kyrkjebokføringa startar i mars 1739, så det er ikkje umuleg at ho er blant dei som ikkje kom med der.Til sist manglar også Ragnhild Olsdtr, som bør vere fødd rundtom 1740-41. På den tida var Ola og Kari på flyttefot frå Devik til Kvitenes (nabogardar) og har kanskje gjort ein omveg til eit anna prestegjeld?Som ein ser er det mykje som kan passe her, men den endelege lenka manglar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.