Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#69333] John Thoresen Gjødingen - Almenningen i Lom, gift 1843 - opphav til han og kona?

Recommended Posts

Gjest Aud Sandbu

Hei Lars,Dette er Skjåk, og dermed ikkje så endefram å finne ut or.Eg er likevel rimeleg sikker på at denne John var son til Tore Olsen Aanstad søre gm Synne Johnsdtr. Tråstad. Han vart døypt frå Aanstad 25. januar 1810: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9242&idx_id=9242&uid=ny&idx_side=-30>LenkeGiftarmålet til Tore og Synne 1. april 1805, høgre side: LenkeForutan John, hadde dei borna Ole f. 1805, Magnhild f. 1807, Ole f. 1812, Peder f. 1814, Anne f. 1817 og Ole f. 1820.Samtlege av borna vart døypte frå Aanstad, men berre den eldste, Ole f. 1805 vart konfirmert frå der i 1819. Magnhild og dei av syskjena eg har sjekka, vart konfirmerte frå Tråstad; ho i 1823, John i 1825, Ole i 1827 og Peder i 1831.Mora Synne Johnsdotter fall frå alt i 1832, og vart gravlagt frå Tråstad: LenkeEin kan såleis rekna som svært sannsynleg at foreldra til John var gardfolk på Aanstad søre frå dei gifta seg og til ein gong mellom 1820 og 1823, då dei fløtte til Tråstad. John var altså født på Aanstad, og hadde ein del av framveksten der, men kom til Tråstad saman med foreldre og syskjen da han var mellom 10 og 13 år gamal.* * * * * * * * * * * *Når det gjeld Kari Trondsdotter, kona til John Toresen, er eg mindre sikker, men trur det er ho som vart døypt 27. mars 1815 i Skjåk. Foreldra var Trond Pedersen og Anne Eriksdtr. Moestuen, venstre side: LenkeDei gifta seg 22. januar 1812, og er kalla Trond Pedersen Kittilstad og Anne Eriksdtr. Schieager. Høgre side: LenkeEg har berre funne fire døtre av dette parfolket: eit daudfødt jentebarn i 1812, Kari 1813-1814, Kari f. 1815 og Anne f. 1817. Alle heimfesta til Moestuen ved dåpen. (Ved dåpen til Anne i 1817 går det fram at Moestuen var husmannsplass under Schieager: Lenke )Kari f. 1815 vart konfirmert frå Skamsar i 1830:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aud for spennande opplysningar. Sjølv om dette er nabokommunen til Luster, er eg diverre lite kjend der. Opplysningane ser greie ut, men som du seier, om Atle Brandsar kan sjå på det, so kanskje han kan forklara noko om opphavet, særleg til Kari Trondsdotter?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Hei Aud og Lars!Eg studerar for tida i Roma, så eg kan ikkje svare utfyllande på noko, sidan ættebøkene mine ligg heime. Aud ser ut til å ha funne ut av det meste.Kari Trondsdotter er nok høgst truleg den som Aud har funne fram til - dette skal eg finne meir ut om når eg kjem heim i juni. Eg ser at andre trulovaren då Kari og Jon gifta seg var Eirik Persson - kanskje ein bror til Trond Persson? Eirik Persson høyrest ut som eit Skamsar-namn, og kan kanskje forklare korleis dei gjekk frå Moastugu til Skamsar...dette vert eigentleg berre tullprat til ein finn ut kva som er rett!Takk for tiltrua, men 'Skjåk-ekspert' er vel å taka i!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Atle for kjapt innlegg. So brennhast har ikkje dette spørsmålet, so eg venter gjerne til du er attende i sommarlandet Noreg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.