Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Per Reppen

[#69346] Stokka, Hans, Lars, Kaja. Stord - Bømlo

Recommended Posts

Gjest Per Reppen

Er de nokon som kan hjelpe meg med opplysningar om Hans Stokka, f. ? - død ?, og foreldrene hans: ?Lars Stokka og Kaja. Tidsperiode: ca 1880 - 1920.Hans Stokka var gift (år?) med Ragnhild Josefine Kristofersdtr. Blom, 1911 - 2005 (gravsted Gamle Stord).M.v.h. Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Hans Stokka f.1909. Foreldrene er Lars Magnusson Stokka f.1876, d.1946 gift med Kari Helene (Kaia) Hansdtr.1879 på Langeland, Stord, d.1946 på Stokka, Moster. Jeg har også mange av forfedrene deres. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Hans Stokka som er min femmenning døde i 1972. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Takk for verdifulle opplysningar, Johan Arthur.Hans Stokka er bestefar til ei ung dame som eg hjelper med å finna forfedrane til. Dersom du kan dela opplysningane om forfedrane vidar med oss så tek eg i mot på: hreppr@live.noPå førehand mange takk for god hjelp :-)Mvh Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug R. Petit

Fra B IV, s. 589:'20 Lars Magnusson Stokka (nr. 19), f. 1876, d. 1946. G.m. Kari Helene Hansdtr. Langeland, Stord, f. 1879, d. 1946. Born: a. Magnus, f. 1907, g. Stokka (nr. 21). b. Hans, f. 1909, d. 1972, g.m. Ragnhild Blom, Stord. c. Aasa, f. 1910, g.m. Johannes J. Eldøy, Stord. d. Aasta, f. 1913, g.m. Nils Sortland, Sagvåg, Stord. e. Anders Langeland, f. 1916, g.m. Berta Lunde, Åmøy, b.p. Stord, f. Lars Konrad, f. 1917, g. Stokka (nr. 26). Lars var brukar frå 1914. Kjøpte bruket i 1920. Selde i 1942. I 1940 skilde han ut b.nr. 4.''19 Magnus Larsson Folderøy (nr. 40), f. 1850, d. 1927. G.m. Aase Halvardsdtr. Digernes, Stord, f. 1853, d. 1943. Born: a. Lars, f. 1876, g. Stokka (nr. 20). b. Halvard, f. og d. 1878. c. Eli Kristine, f. 1879. Reiste til Amerika. d. Halvard, f. 1881, g. Sagvåg, Stord. e. Rebekka Kathrine, f. 1884, g. Røyksund, ytre (nr. 44). f. Bernt Hermann, f. 1886, g. Skogadalen, Ørevik (nr. 23). g. Magnus Gregorius, f. 1889, g. Stokka (nr. 22). h. Asa, f. 1891, g.m. Jens L. Vikanes. i Hans Fredrik, f. 1892, g. Stokka (nr. 24). j. Maren Kathrine, f. 1895, g.m. Bernt Solvang, Rubbestadneset (nr. 50). Magnus kjøpte Stokka i 1876. Han var brukar til 1913. Selde i 1920. I 1913 delte han garden mellom dei to sønene Lars og Magnus. Dei to bruka er b.nr. I og 2. I 1917 skilde han ut b.nr. 3 frå b.nr I og 2. I 1920 selde han alle 3 bruka.' s. 644:'40 Lars Aadnesson Ersland (nr. 50), f. 1823, d. 1905. G.m. Rebecca Cathrine Magnusdtr. Magnusen, Folderøyhamn (nr. 14), f. 1829, d. 1898. Born: a. Bernt, Hermann, f. 1849, g. Follerøy, øvre (nr. 41). b. Magnus, f. 1850, g. Stokka (nr. 19). c. Aadne, f. 1852, g. Eldøy, Stord. d. Lars, f. 1854, g. Hiskjo (nr.51). e. Elen Birgitte, f. 1856, g.m. Ola K. Rydland, Sagvåg, Stord. f. Maren Malene, f. 1860, g. Rubbestadneset (nr. 5). g. Rebekka Kathrine, f. 1862, g.m. Jens K. Rydland, Fitjar. h. Marianne, f. 1864, g. Innvær (nr. 61). i. Bolette, f. og d. 1867. j. Bolette Abilgael, f. 1868. k. Berta Serine, f. 1871, g. Follerøy, øvre (nr. 44). Lars kjøpte bruket av faren i 1846. I 1882 skilde han ut b.nr. 2 og selde b.nr. I til sonen. B.nr. 2 brukte han sjølv til 1896. Lars fostra hest, 8 kyr, 16 smaler og gris. Sådde 3 t havre, 4 t poteter. I 1849 fekk Lars Esparøyno av verfaren.'B II, s. 265:'50 Ådne Ådneson Grov, Stord, f. ikr. 1792. G. m. 1. Herborg Larsdtr. Kloster, Fjelberg, d. 35 år gl. i 1830. Born: a. Lars, f. 1823, g. Folderøyno. b. Malene, f. 1827, g. m. Ola K. Brokenes. c. Siri, f. 1829, g. m. Elling G. Twit, Stord. d. Herborg, f. 1830. Ådne vart oppattg. m. Anna Jonsdtr. Sakseid, dotter til «klokkaren». Ho var f. ikr. 1808. Born: e. Jon, f. 1833. Reiste til Amerika. f. Ådne, f. 1834, d. 1835. g. Ådne, f. 1836. Reiste til Amerika i 1854. h. Halvard, f. og d. 1837. i. Mari, f. 1838. j. Simon Peder, f. 1840. k. Halvard, f. 1842, d. 1845. 1. Anna Kristine, f. 1844. Ådne kjøpte 1/6 part i Mostrakyrkja i 1823 og med denne parten fylgde so bruket i Ersland og kyrkjeparten i nora Sele. Ådne var brukar til han selde i 1856. Han tok då vilkår for dottera Herborg og flytte til Sætre i Fjelberg. Ådne var ein drivande mann. I 1834 kjøpte han Lindøyno saman med Anders E. Tormodsetre. Han selde i 1841. I 1839 kjøpte han og Anders E. Tormodsetre 9/160 partar av «Stordøens Prestegjelds Kongetiende». Denne selde han att i 1841. So kjøpte han eit bruk i Folderøyno, 12 mrk. smør, 16 skill. pengar, i 1844. Dette bruket selde han i 1846 til sonen Lars. I 1845 kjøpte han 1/8 part i Bremnes kyrkje som han selde att i 1853. I 1847 fekk Ådne og Haldor D. Setre grunnsetel på ei sjøhustuft, frå Ådnanesmennene, der det alt var sett opp eit sjøhus. Eit av vilkåra var at dersom Ådne og Haldor leigde huset til salteri, skulle eigarane ha førsterett til arbeid på salteriet. Ådne og Haldor salta truleg sild. Det vart halde skifte etter Herborg i 1831. I buet var noko sylv, m. a. eit staup «med 5 runde Fødder», eit snørekjæ, 2 forgylte skålsyljer med 6 skållauv, I forgylt «ansigtsølje» med lauv, ei taggesølje med lauv, 6 kyr, 3 stutar, 8 smaler. 1 merr, I Møllers huspostill og I Guldbergs salmebok. Husa var dei same som i føremannen si tid.' B IV, s. 656: '14 Magnus Bernt Magnusen, Folderøyhamn (nr. 12), f. 1803, d. 1877. G.m. 1. Elen Birgitte Iversdtr. Kobbervig, d. 48 år gl. i 1851. Born: a. Bernt Johan, f. 1825. Kom bort på sjøen ved Sætraneset med 4 andre ungdommar frå Folderøyno, på veg til Mostrakyrkja søndag 29. oktober 1842. b. Iver Jonas, f. 1826, d. 1828. c. Rebecca Cathrine, f. 1829, g. Follerøy, øvre (nr. 40). d. Iver Johan, f. 1831, d. 1832. e. Berta Malene, f. 1832, g. Nesse, nedre (nr. 18). f. Ellen Margrete, f. 1835, d. 1837. g. Torkel Olai, f. 1837, d. 1840. h. Magnus, f. 1839, d. 1842. i. Elen Birgitte, f. 1841, g. Bjørnevik (nr. 14). j. Magnus, f. 1842, d. 1845. k. Bernt, f. og d. 1843. 2. Inga Tomasdtr. Ekornsdtr. (nr. 3), f. 1827, d. 1905. Born: 1. Bernt Magnus, f. 1853, d. 1869. m. Elen Margrete, f. 1855. Reiste til Amerika, g.m. Halvard H. Digernes. n. Karl Tobias, f. 1858, g. Under Flatnes (nr. 15). o. Peder Johan, f. 1861. Farmar i Amerika. p. Bolette Abigael, f. 1865, g. i Bergen. q. Magnus, f. 1869, handelsmann i Amerika. r. Bernt, f. 1872. Magnus kjøpte Under Flatnes og Folderøyhamn med underliggjande husmannsplass og helvta av landsluten i Klubbevågen i 1827. Han selde i 1875. I 1865 fostra han 11 smaler og 1 gris. Sådde 3/4 t havre, 21/2 t poteter. I 1832 fekk han løyve til å driva gjestgiveri. I 1849 skriv han gåvebrev til versonen, Lars Aa, Follerøy, øvre, på Esparøyno. Magnus var velstandsmann. Var fyrvaktar. I 1856 skilde han ut b.nr. 2. Magnus dyrka mykje ny jord. M.a. dyrka han opp plasset Gamlestølen, og på b.nr. 2 som Fyrvesenet åtte. Han fekk premie for jorddyrking av «Det nyttige Selskab» i Bergen.' Foreldra til Magnus Berent var: Bernt Magnussen Mosse og Rebecca Cathrine Lyneberg Køster:Utdrag fra Bømlo Bygdebok IV: s. 664 Bernt Magnusen (Mosse), f. 1743 i Bergen, d. 1810. G.m.1. ekkja Kristi Torgjersdtr. frå Egersund. Ho døydde før Bernt kom til Folderøyhamn. Born: a. Marie Magnianne, f. 1768, g. Spissøyhamn (nr. 8). b. Ingeborg, f. 1772, g. m. Peder Monsen i Bergen. Gift 1768: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=117&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=3769&merk=3769#ovre>Lenke2. Maren Marie Christensdtr. Faye, d. 1790. Barnlause. gift 1780: Lenke3. Hedevig Nicoline Biering, d. ikr. 1792. Born: c. Maren Margrete, f. 1790, g.m. Knut M. Hegranes, Førde. d. Bolette Abigael, f. 1792, g. Follerøyholmen (nr. 10).4. Rebecca Catharine Lyneberg Køster. Born: e. Bernt, f. 1798, oppfostra hjå morbroren, apotekar Jacob Køster i Danmark. Bernt var prest i Danmark. f. Cathrine Nicoline, f. 1800, d. 1816. g. Lyneberg, f. 1801. h. Magnus Bernt, f. 1803, g. Under-Flatnes (nr. 14). i. Anna Christine, f. 1806, d. 1807. Gift: LenkeBernt tok eksamen som styrmann i skipperlauget i Bergen i 1767. Han reiste seinare som skippar. Bernt kjøpte Folderøyhamn og Under-Flatnes i 1784, og var gjestgjevar og brukar til han døydde. Ekkja gifte seg oppatt med Tørres Olsen Hauge, som tok over etter Bernt Magnusen. Bernt fostra 8 storfe og 4 smaler, men hadde ikkje åker. I tillegg til dei husa som Jan Meyer brukte, vor no kome til stabbur, ei stor løe, smalehus, hestestall, eit lite eldhus, kvernhus på Gamlestølen og eit naust. I buet var elles noko sølv, storparten merkt med Bernt sine forbokstaver. Elles var det mykje steintøy, linklær, trefang og møblar og noko gangklær. Av bøker fanst 1 bibel, 1 Lykken 'Hellige Opmuntringer', Johan Arnt 'Den sande Kristendom', 1 bønnebok, 1 'Naadens aandelige Markeds Tid', 1 'Gudelige Betenkninger af Pontoppidan', 1 Mossins 'Historier og samtaler', 1 'Det Hollandske Skattkammer', 1 'Sømands Regnebog', 1 'Styrmands haandbog paa Hollandsk', 1 hollandsk reknebok. 1 marine kompass, 3 sjøkart, mykje jernfang, 1 mortanot, 1 sildanot. Bernt var velstandsmann trass i at han hadde skift frå seg 3 gongar. Bruttoeiga var 3 580 rdl. Netto 1 361 rdl., men pengane var noko ringe i verd då.Jorunn Hollund Aasland 'Av Foldrøyslekt' frå s. 14: 'To år etter at Barbra Cathrine blir døypt i Korskirken, er det ein liten gut som blir boren til dåpen i same kyrkja. Bærendt er det namnet som står i kyrkjebøkene. Bakgrunnen er rimeleg lik for han og for vesle Barbra Cathrine. Mora hans er fødd og oppvaksen i Bergen, mens faren kjem frå utlandet. Pike Anna Marie Nielsdtr. og ungkarl, matros Magnus Berentzen kallar dei seg då dei gifter seg i Domkirken i januar 1743, same året som vesle Bærendt blir født. Han er såleis eldst i barn eflokken. Seinare (iflg. skifte) skal han få systera Anne Johanne og brørne Magnus og Isak. Det blir sagt at far hans, Magnus kjem frå Gøteborg og skaffar seg borgarskap som høker i Bergen. Seinare skal han ta familienamnet Mosse. Då han døyr i 1771 blir han kalla stuer.Felles for desse to familiane er det også at dei ser ut til å ha flytta ein god del. Vi finn dei i Nykirken, i Korskirken, i Domkirken og i Mariakirken. Døypte er likevel både Bærendt og Barbra Cathrine i Korskirken, så det kan sjå ut ti l at dei i desse første barneåra leika omkring i dei same smuga, og det er ikkje urimeleg at familiane har kjent kvarandre. Lite skulle dei to små likevel ana at dei eit halvt hundreår seinare skulle flytta under same tak i Foldrøyhamn. Ikkj e som mann og kone, slik alderen skulle tilsei, men som svigerson og svigermor. Herifrå skulle dei begge bli førte til gravplassen ved Gamlekyrkja på Moster, han i 1810 og ho i 1812. Mykje vatn skulle likevel renna i havet før deira lagnader var t knytta saman.Det var sjøen som skulle bli Bærendt sin arbeidsplass. I 1867 fekk han borgarbrev som skipper og seinare reiste han omkring, mykje på eigen båt. Omlag samstundes med at han fekk borgarbrev, gifte han seg i Bergen med ei ekkje, Kirsti Torgjerdsdt r. frå Egersund, og fekk to døtre, Maren Magnianne og Ingeborg, med henne. Truleg er det saman med desse døtrene og kone nr. 2, Maren Marie Christensdtr. Faye, som han ikkje fekk born med, at Bærendt Magnussen Mosse kjem til Foldrøyhamn for å se tja bu i gjestgjevargarden der. I 1784 kjøper han eigedomen og får rett til å driva med handel og gjestgjeveri. I 1790 døyr den andre kona, og same året gifter han seg og får ei dotter, Maren Margrete med kone nr. 3. Denne ser ut til å døy alt 2 år seinare då ho har sett den fjerde av Bærendt Magnussen sine døtre, Bolette Abigael, til verda. Søner ha r han ikkje fått. Etter at han er blitt nærare femti år og har fylgt tre koner til grava, er utsiktene til søner små. Men søner skulle det bli.'FT 1801:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug R. Petit

Foreldra til Bernt Magbussen Mosse 1743-1810 var Magnus Berntsen Mosse ca 1710 - d. 22/11-1771 i Bergen og Anne Marie Nilsdr 1722- d. 12/8-1755 i Bergen. De ble gift 27/1-1743 i Bergen.Matros ved giftemålet i Domkirken i Bergen 27.jan. 1743. Borgerbrev som høker med rett til å handle i Bergen.Hennes foreldre var:Nils Andersen og Anna MariaDette har jeg fra samme boka som nevnt over.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Kjellaug, mange takk for god hjelp :-) Det er utruleg kor god hjelp ein får på dette forumet.Mvh Per.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Øystein Ask

Nå er vel denne strengen avklart forlengst, men jeg kan ta med noen opplysninger om foreldrene til den Elen Birgitte Ivarsdatter som ble gift med Magnus Bernt Magnusen den 22.7.1824 i Finnås pg..Elen Birgitte var datter av paret Ivar Asgautsen (1774 – 1849) og Berta Malene Torkelsdatter f. 1776 som vi finner under Kopervik 80 i bygdeboka for Stangaland og Kopervik.Ivar var los i Kopervik og i 1816 er han også kalt gjestgiver.Elen Birgittes dåp den 30.33. 1803 i Avaldsnes:Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Avaldsnes i Avaldsnes, Ministerialbok nr. A 3 (1801-1817), Fødte og døpte 1803, side 25. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8624&idx_id=8624&uid=ny&idx_side=-25>Lenke Permanent bildelenke: LenkeElen Birgittes flyttemelding fra 1824 (nr 15):Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Avaldsnes i Avaldsnes, Klokkerbok nr. B 1 (1816-1825), Utflyttede 1824, side 291. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeVielsen i Finnås den 22.7.1824 (nr. 23): Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Finnås, Ministerialbok nr. A 5 (1823-1835), Ekteviede 1824, side 266. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Alle opplysningar vert mottekne med takk :-) Eg er alltid takknemleg for nye innlegg.Mvh. Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Alle opplysningar vert mottekne med takk :-) Eg er alltid takknemleg for nye innlegg.Mvh. Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Alle opplysningar vert mottekne med takk :-) Eg er alltid takknemleg for nye innlegg.Mvh. Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Ser ut som maskina mi har fått hikke, sorry :-)Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.