Gå til innhold
Arkivverket

[#69455] Vossing forsvunnen i Kinn - igjen


Gjest Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Denne gangen er det Ingebor Nielsdtr Berge. Ho er fødd på Voss 1783, og blei gift med Gjert Olsen i Kinn i 1815. Dei budde på garden Tyvaag på Svanøy i Kinn, og fekk 5 barn i perioden 1815-1829. Den første og den siste jenta døde første året. Dei to gutane døde i 1860 og 1861.I 1838 er Gjert Olsen framleis drivar på garden Tyvaag, men i 1840 blir garden overteken av andre. Likevel ser det ut som om han fortset å bu der (eller i nærområdet) nokre år framover.Gjert Olsen bur i 1865 hos den dattera som budde på Langøen under Batalden i Kinn. Han er då enkemann. LenkeProblemet er altså Ingebor. Eg har ikkje funne noko om ho etter 1829. I 1865 må ho være død, i og med at mannen er enkemann. Spørsmålet er når ho døde. Er det nokon som kjenner til det?mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Takk Torodd. Den har eg vist klart å oversjå. Eg ser at ho bur på Qvalstad, same garden som eldste sonen budde på når han døde. Det betyr vel då at familien har flytta på Askrova ein gong mellom 1840 og 1845.Eg slektar òg etter Bertel og Anna (Gregorius). Så vidt eg hugsar er vi 6-meningar.Eg held på å samle opplysningar om dei tre søskena som flytta til Kinn frå Voss, Anna, Ingebor og Niels. Når eg no har fått tak i Ingebor sin død, så har eg fått ei bra oversikt.Takk skal du ha.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Berre hyggjeleg.Kanskje du berre 'forsnakkar' deg når du skriv 'Askrova' -- men Kvalstad er på Svanøya.Vennleg helsing, Torodd

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.