Gå til innhold
Arkivverket

[#69591] Johannes Eriksen Sandal f. 1833 - forsvunne ca. 1875?


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Hei!Johannes (Ludvig) Eriksen Sandal, f. 1833 på Myklebust i Jølster. Flytta seinare til Sandal og tok difor dette etternamnet.Han vart gift 1858 med Helge Olsdtr. Moe(flaten), ho døydde i 1863 og han vart gift på ny 1865 med søstera hennar Cecilie Olsdtr. Moe(flaten).I folketeljinga av 1900 Lenke er det oppgitt at ho bur i Florø og er gift; dvs. er ho ikkje oppgitt som enke. Johannes derimot blir borte ca. 1875. Johannes budde også ei stund i Bergen og barna Edvard Olai (1859 - 1895)og Oline Thaline f. 1861 er døypte der. Boletta Helga (1862 - 1863) er døypt i Kinn.Johannes E Sandal er elles omtalt i 'Florø gjennem 75 år' s. 108.Veit nokon kvar Johannes vart av?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann-Mary Engum

Har ikke funnet ut hvor Johannes ble av.Legger lenker til noen av barnas konfirmasjoner.Johannes Eriksen Sandal og Cecilia Olsdatter's sønn Ludvig Elias ble konfirmert i Florø i 1883:(nr 5) [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6902&idx_id=6902&uid=ny&idx_side=-26>LenkeJohannes Martin ble konfirmert i Florø 1885(nr 1) kalles LenkeOle Harald ble konfirmert i Florø i 1888(nr 1) LenkeSigurd ble konfirmert 1890(nr 1): LenkeDåpen til Sigurd. Født 20 juni,døpt 1 august 1875(nr 97):

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Tusen takk for informasjon! Ja - dåpen var siste spor eg hadde etter Johannes. Det var flott å få lenker til konfirmasjonene - der hadde eg ikkje leita. No sparte eg mykje tid til leiting.Eg har ikkje funne han under gravlagde/døde i Kinn/Florø etter 1875 - og heller ikkje i FT1900. Men eg leiter fortsatt :-). Ein skulle tru mannen hennar Cecilie Olsdtr. levde i 1900 - sidan ho står ført som gift og ikkje som enke i 1900. Kanskje han har vore på sjøen under teljinga?Eg har sett at nokre fiskarar andre stadar ikkje har kome med i 1900-teljinga.Det synes å vere ei vanskeleg nøtt dette!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Cecilie burde jo normalt vært i stand til å få barn helt fram til ca.1880, men det eneste, antar jeg, ble født i 1867. For meg ser det ut som om at Johannes kanskje var ute av bildet allerede rundt 1867-70.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Ikkje lett denne her, men sånn er det no med vanskelege saker. Eg er litt på same tanken som nr. 6. Kan grunnen til at ho er oppført som enke i 1900, være at ho er oppatt gift. Har du sjekka giftemåla i Kinn, og kan det evt. være den nye mannen som er forsvunnen i FT 1900.Til innlegg 4. Har du sjekka i skipslistene. Du finn dei ved å søke på heile landet (i staden for eit fylke) under 1900 tellinga. Eg har sjekka litt, men ikkje funne noko.Eg har og tatt føre meg BB for Førde for å sjå om der står noko. Reknar med at Moe(flaten) må være Mofleten, ein tidlegare husmannsplass under garden Moe. Dessverre står det ikkje noko som kan forklare forsvinninga til Johannes. Dersom du er interessert, kan eg skrive av det som står om Helga og Cecilie.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Sorry, ein liten feil i innlegg 7, det skal sjølvsagt være at ho ikkje er oppført som enke i 1900mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

I 'Flora-minne' 2006 er det ei oversikt over dei som budde i Florø i 1865. Her finn vi Johannes omtalt under hus nr. 8 hushold nr. 13. Her er oversikt over kor dei kom i frå osv. Her er Johannes sine foreldre på Jølster oppgitt, og ein sjekk i 1865 viser at dei begge er i live då, og bur hos Erik Eriksen i Sandal, som då sikkert er ein bror av Johannes. Lenke. (person nr. 27 og 28).Det skulle jo bety at dei døde etter 1865. Kan vi finne dødsdato for dei to, så kanskje skifta kan opplyse om Johannes var i live eller ikkje.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Takk til Ann-Mary, Berit og Egil for god hjelp.Eg skal sende ein førespurnad til akrivforumet - kanskje ein kan få vite om Johannes var i live eller om det var etterkomarane hans som var arvingar. Det var ein god ide.Eg har leita i felle søk på Digitalforumet utan resultat - brukt uttallige namnekombinasjonar - einast Johannes Eriksen Sandal eg finn er i FT1865. Ikkje finn eg han i skattelister, borgarrullar, emigrantprot. eller skipslister, dommar, Bergens sjukehus osb. Som handelsborgar burde han finnast i eit eller anna byarkiv i Florø.Tanken om at Cecilie kan ha ein ny ektemann i 1900 har også streifa meg.Utan at eg har kome noko vidare der.Litt frustrerande detta her. :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Hei John. Eg var innom biblioteket i dag, og sjekka om det står noko interessant i BB for Jølster.Under bruk nr. 11 i Sandal, står det omtalt Erik Erikson frå Simatunet, Myklebust f. 1792, g.m. Talina Myklebust f. 1797. Borna etter Erik Erikson og Talina: (Eg tar kun med det som står om Johannes no)- Johannes Erikson Sandal, handelsmann i Florø. Arveskifte etter han 1865, enkja heitte Helga Sissel, dei hadde desse borna: a. Edvard 6 år ved skiftet. b. Olina Talina.Eg veit ikkje heilt korleis vi skal tolke dette. Det kan jo sjølvsagt stå feil i bygdeboka, eller kan det være snakk om to ulike Johannes Erikson Sandal, som tilfeldigvis har gifta seg med med desse to søstrene.Eg skal sjå litt nærmare på det som står i BB Jølster og BB Førde i kveld, for å sjå om det kjem fram noko meir.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Tusen hjerteleg takk Egil! Då får eg finlese det som står i kyrkjebøkene. Eg trur eg må starte på nytt - kanskje eg har tenkt feil - det er jo nemnt fleire Johannes Sandal.Ein skulle jo tru at skiftet i 1865 gjeld Helga Sissel - eg får nesten håpe at det er BB for Jølster som tar feil. :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Her er nr. 95 Madame Helge Secilie Sandal 29 år gravlagt. Død 17/8 1863. LenkeOpholdssted Florø ladested. Spedalsk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Ja, det må være eit eller anna som er feil her. Det kunne sjølvsagt være sogeskrivaren som ikkje har fått med seg at Helga Sissel har dødd, og at det er søstra Cecilie Helene som står oppført som enka, og så har sogeskrivaren prøvd å rette 'feilen'.Likevel: Det må være den same Johannes som giftar seg i 1865 (nr. 27) Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6894&idx_id=6894&uid=ny&idx_side=-75>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Hei! Takk nok ein gong!Eg har leita i kyrkjebøkene til St. Jørgens Hospital om han skulle fått same skjebne som 1. kona - men innførslane for gravlagde stoppar i 1902.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Dessverre ikkje meir å få ut av BB Jølster.Eg trur eg kan ha funne noko anna interessant. Edvard Olai Sandal som var eldste barnet til Johannes, fekk ei datter i Bergen i 1894. Blant fadrane: Sømand Johannes Sanddal, faderen. (jente nr. 58) Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7150&idx_id=7150&uid=ny&idx_side=-274>Lenke Permanent bildelenke: LenkeBegrepet 'faderen' går igjen på fleire av fadderregistreringane, og viser vel då til at den er far til ein av foreldra, så vidt eg kan sjå.Edvard døde i Bergen 20. mars 1895, og blir gravlagd i Florø 26. mars 1895. (litt usikker på dødsårsak, men kan det være 'hjerneskadd'?) (mellom nr. 23 og 24)Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: Lenke Enka etter Edvard bur i Florø 1900 (dette veit du sikkert, men eg tar det med)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Ein liten tanke i forhold til 'faderen'. Det er vel kanskje ment å skulle bety at far til barnet òg var fadder? Uansett, så er jo namnet på fadderen interessant.Eg ser i FT 1900 at det finnes 4 Johannes Sandal i Bergen. 3 av desse er i yngste laget. Ingen av dei er registrert som sjømann. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f01301>Lenke I 1891 er det oppgitt to Johannes Sandal i Bergen. Heller ingen av dei er sjømenn (den eine ser vi og igjen i FT 1900).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Når den første jenta til Edvard blir døypt, er typograf Ludvik Sandal fadder. (nr. 46) Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7150&idx_id=7150&uid=ny&idx_side=-244>Lenke Permanent bildelenke: Lenke Ludvik Sandal finn eg ikkje i FT 1891 i Bergen, men han er der i 1900. Lenke Han er fødd i 1869 i Florø, og dette må då være bror til Edvard.Ludvik gifta seg i 1893 i Bergen (nr. 55)Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Du står på du - du finn mykje spennande!Når det gjeld yrket hans Johannes Eriksen Sandal veit eg berre at han var nemnt som handelsborgar.At han skulle ha vore på sjøen var berre ei gjetning frå mi side av di eg ikkje fann han i FT1900 - men eg finn han heller ikkje i 1885.Eg har prøvd å leite på dei ulike institusjonane i Bergen om han skulle vere der - men førebels ikkje funne noko. Lepramuseet kunne heller ikkje hjelpe.Ellers er det vel mest truleg at 'faderen' er meint barnets far som du er inne på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Ann-Mary: Ja, der var han jo. OK, det betyr at han reiste til Bergen før 1891.John: Eg ser at når Ludvik giftar seg i oktober 1893, står faren oppført som handels..... Det var kanskje litt raskt yrkesskifte til sjømann i mai 1894.Ludvik får først ein son i 1894 (nr. 96) Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=276&idx_id=276&uid=ny&idx_side=-153>Lenke Permanent bildelenke: Lenke Ikkje nokon Johannes her som fadder. (Trygve er då truleg død før 1900, sidan han ikkje er med i FT 1900)Sigrid f. 1896 (nr. 97) Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Jo - alt er interessant om familien. Trur ein må vende mange steinar for å finne ut skjebna til Johannes Eriksen Sandal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.