Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Alf Steinar Nekstad

[#69662] Nekstadslekt frå Averøya

Recommended Posts

Gjest Alf Steinar Nekstad

Dette vart lagt ut og sendt til alle med etternamn Nekstad på facebook. Det er ein mann i USA som heiter Olof Nekstad som stiller fylgjande spørsmål'Min oldefar Lars Nekstad, var en norsk fisker som var gift med en kvinne som heter Torrie. Når Lars og hans kone var født er ikke kjent men en slektning hadde informasjon om at Mrs. Nekstad døde i 1894 og Lars døde i 1885. De hadde fem sønner, bare én av dem oppholdt seg i Norge. Hans navn var John. De andre sønnene var Oluf (også kjent som Olaf og Olof), som er min oldefar, Peder (også kjent som Peter), Anders og Ole.'Har forsøkt å lete litt ifolketelljing og kyrkjebok utan å lykkast noko særlig. Er det nokon som kan finne ut noko om dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Her er familien i 1865Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Nesset har bygdebøker

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Steinar Nekstad

Tusen takk Bjørg, no blir nok Oluf glad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Her er Lars sin far i 1801Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Ingunn Selnes

I Ottar Roaldset: Gards og ætesoge for Nesset b. 2 s. 480-81 står det om familien til Asbjørn Andersson og Gjertrud Andersdtr. Lyster. Men, Lars Asbjørnson, sonen dei fekk i Vistdalen før dei gifta seg, er ikkje tatt med.Dei vart plassfolk i Jordfallsgjerdet under Eidsvåg (nær kommunesenteret i Nesset).Sitat: ' Denne plassen var ein utteig av Eidsvåg. Den låg på grensa mot Jordfall, og eit jordstykke der ber enno namnet Asbjørnplassen. Asbjørn Andersson, som hadde denne plassen var født i 1794 på Lyster. Han vart i 1831 gift med Gjertrud Andersdtr. Åsen f. 1803. Ho var dotter til Anders Endreson Åsen på garden Åsen i Grytten (det er i Isfjorden i Rauma, Hen er i Isfjorden også og i same boka under Lyster står det at Asbjørn gifta seg med Gjertrud Andersdtr. Hen) Asbjørn og Gjertrud hadde desse borna: 1. Lars f. 1829 (tilføydd av underteikna) 2. Anders f. 1832. g.m. Anne Pedersdtr. Rød, kjøpte Gjerdet under Rød. 3. Knut f. 1835, flytta til Averøya i 1853. 4. Guri f. 1838, flytta til Averøya i 1865. 5. Gjertrud f. 1840 6. Endre f. 1843, flytta til Tingvoll i 1869.(dette syner at det var fleire enn Lars som for til Averøya, og der er det ein del bygdebøker)Etter tradisjonen skal Asbjørn ha vore med i krigen i 1814, og han vart skadd der. Han vart først såra av ei kule, og etterpå overkøyrd av ei kanonvogn. Den siste gjorde størst skade. Han fikk varig mein i ryggen og eine hofta og laut gå med stav og krykkje. Den krigspensjonen han fekk, var at han kom på legd, og han døydde som legdslem i Eidsvåg i 1855.I 1841 gjekk Erik og Ole Hansson Eidsvåg til sak mot Asbjørn. Det var desse to som åtte plassjorda i Jordfallgjerdet, og saka galdt først 3 gjerde som Asbjørn hadde sett opp utan deira vitande og vilje.Men verre var det at Asbjørn fleire gonger hadde teke inn leigebuarar på plassen, og slike som naboane ikkje sette pris på. Naboane Ørger Pederson Hagen og Aslak Toreson Jordfall vart innkalla som vitne, og dessutan møtte Ola Gunderson Eidsvåg frivillig.Dei to grunneigarane møtte med sakførar Bjørseth til å føre saka for seg. 'For indstevnede møtte prokurator Jordhøy og oppfordrede citanten til at oppgive hvem den påklagede inderst skulde være, - om det var mand eller kvinde, Per eller Paal'.Ørger Pederson var første vitnet, og han vitna at 'noen havde opholdt sig paa pladsen hos indstevnede over 1/2 aar, og andre et par maaneder, ogsaa tvende piger der havde født uægte børn,....' Dei andre vitna sa omlag det same. Det var tydeleg misnøye med forholdet, og dei hadde lova på si side. Men det endte med at saka vart utsett, og noko endeleg resultat er ikkje kjent' (sitat slutt).Elles står det skrive i same boka under Lyster om fleire generasjonar av slekta til foreldra til Asbjørn, Anders Knutson Lyster f. 1754, g. 1783 m. Gjertrud Iversdtr. Lyster f. 1752, født på Ivagarden og Albrigtgarden på Lyster i Nesset. Lyster er utafor Eidsvåg i retning mot Molde. Bøkene kan lånast på biblioteket eller kjøpast ved Servicetorget i Nesset kommune.Lykke til!Mvh. Randi Ingunn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.