Gå til innhold
Arkivverket

[#69842] Einar Gerhardsen


Gjest Terje Aarset
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Aarset

Einar Gerhardsen, som tala frå landsende til landsende i førti- og femtiåra, skal ein gong ha sagt at skulle han ta opp ein song på eit møte, var det berre å ty til 'Mellom bakkar og berg', for den kunne folk overalt. Er det nokon som veit om dette finst på trykk nokon stad, t.d. i skriftene etter Gerhardsen? Dette er vel i utkanten av det ein kan rekne med å få svar på i dette forumet, men eg prøver meg likevel. Eg treng opplysninga til ei bok om den nynorske songskatten, der 'Mellom bakkar og berg' har sin sjølvsagde plass.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Hei Terje,Håper det er framgang i prosjektet ditt. Eg gler meg.NRK har jo eit rikholdig arkiv. Kanskje du kan ta kontakt med dei. Det er vel kanskje teipa.Mvh Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarset

Hallo Arnfrid. Er du der igjen? Jau, det går framover. Går alt etter planen, kjem boka ut i oktober. Det blir ei praktbok, rik på illustrasjonar (mange faksimile), og med grundig dokumentasjon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.