Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Odd Arild Vik

[#70106] Familien til gjestgjevar Karl Iversen og løytnant Baade i Sande

Recommended Posts

Gjest Odd Arild Vik

Eg er lite kjend i området, og håpar på hjelp.Fredrik Iversen (f. 1844) og Oline Olsdotter (f. 1845 eller 46) gifta seg 16. februar 1868. Er det nokon som er i stand til å tyda all informasjonen som står i kyrkjeboka for Sande? Ho var fødd i Refsnes. Kvar er det? Han var frå 'Voxø'. Kva er skrivemåten no for tida? Dette er ein gamal gjestgjevarstad, etter det eg skjøner.Veit nokon kor lenge Fredrik og Oline levde? I 1900 ser det ut som han budde på Gangstøløkken i Sande.Fredrik var son til gjestgjevar Karl Iversen. Mora var f. i København og dottera til løytnant Baade. Kva var løytnanten sitt førenamn? Mora Karen Baade hadde eit mellomnamn, som eg ikkje er sikker på. Det slutta på -helmine!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hilde Rossing

Legger inn vielsen Sande i Sande, Møre og RomsdalPermanent sidelenke: LenkeTror Refsnes er i Troms.-Hilde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Oline er 'F. Refsnes i Sellø', alstå Refsnes i Selje (rett sør for Stad).'Voxø' må vere Voksa. Det er ei øy (og ein gard) sør for Sandsøya. (Sande kyrkje ligg på Sandsøya.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hilde Rossing

Da er det vel Olines dåp her? Nr.3Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 10 (1844-1858), Fødte og døpte 1846, side 7. Permanent sidelenke: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hilde Rossing

Fra FS, Karen Guldhelminas far heter Fredrik Christian BaadeLenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hilde Rossing

Mer fra FS, Fredrik døde 1901. Må sjekkes i KBLenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hilde Rossing

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sande i Sande, Klokkerbok nr. 503C04 (1894-1915), Døde og begravede 1901, side 201. Permanent sidelenke: LenkeMye som ikke stemmer med opplysningene fra FS her (7)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Bygdeboka for Sande og Rovde, bd. 2 (1976-utgåva):A. Den første brukaren på bruk 5, Gangstøløkka, på garden Voksa på øya med same namn ser ut til å ha vore Karl Ivarson Takset (frå Takset i Syvde, f. 1804 og d. 22.10. 1878). Han og førstekona Karen Guldhelmina Baade (1807 - 24.08. 1849) fekk sonen Fredrik Anton Andreas (27.02. 1844 - 13.04. 1901). Karl var jekteførar, og dreiv elles gjestgiveri og den siste tida også litt handel.B. Som nemnt i innlegget til Odd Arild, gifta Fredrik seg 16. februar 1868 med Oline Olsdotter Refsnes frå Selje. Dei fekk tre born, og vart seinare skilde i flg. bygdeboka.C. Karen Guldhelmina Baade (1807 - 24.08. 1849) var dotter av Fredrik Christian Baade (son til prost Peter Daniel Baade i Borgund på Sunnmøre, men fødd i Danmark i 1774 og d. 04.01. 1852) og kona Anna Snorresdottir (frå Island, f. 1775 og d. 01.05. 1839). Dei gifta seg i 1806 og kom til Voksa frå Danmark i 1825. Det står ikkje kvar i Danmark Karen Guldhelmina vart fødd, men broren Peter August Gudmund Friis vart fødd på øya Langeland i 1815. Sistnemnde tok for øvrig over bruk nr. 2 på Voksa etter foreldra sine i 1847 og døydde 10.10. 1894. NB: I Family Search står det andre fødsels- og dødsår på Fredrik Christian: døypt 18.03. 1776, død 04.01. 1853.D. Kvifor flytta Fredrik Christian og familien hans til den vesle øya Voksa på Sunnmørskysten? Hovudgrunnen var nok at faren hadde kjøpt øya i 1798.E. Bruk 2 på Voksa har vore i Baade-familien sitt eige heilt opp til vår tid og er det framleis.Elles ser eg at du har fått ein del nyttige innspel frå Hilde Rossing som du kan halde opp mot opplysningane i bygdeboka.Med venleg helsing frå Gunnar Ellingsen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

(9): Den nyaste bygdeboka, 'Sandesoga' (1997) har ikkje så mykje å legge til. Eit svar på D: 'Kvifor flytta Fredrik....' kan vere lægjet. Om du ser på kartet, er Voksa strategisk plassert rett nordom Stad, men likevel 'innaskjers' i livd. For ein ung embetsmannsson utan andre, meir lukrative tilbod, kan ein slik lagleg plass for handel m.m. vere eit lokkande alternativ. Son og soneson dreiv også med handel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Arild Vik

Mange takk for innlegga!Står det noko i desse bøkene om borna til Fredrik? Årsaka til at eg leitar etter desse opplysningane, er at den yngste dottera kom til Bergen og Herdla. Olufa Petrina Johanna heitte ho (1876-1933); ho brukte det siste av desse namna.Det står i 1901 at Fredrik var fødd i 1857. Det gjer jo at ein må tvila litt på om det er rett person, men det er det vel. Kanskje feilen skuldast at han var 57 år? Dottera Johanna vart forresten også 57, og begge døydde av 'hjartefeil', som det står.Og so er spørsmålet om det skal vera Gudhelmine eller Guldhelmine... På Yahoo får eg ingen treff på det første, og berre eitt på det andre! Og etter det eg kan sjå var det ingen i landet med namnet i 1865!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

(11): I Sandesoga (b.III, s.274, Voksa bnr. 5) er det nemnt tre born; Kornelius 1868-88, Anne Josefine 1870, 'g. og busett Oslo', om Oluffa Petrine Johanne står berre fødselsdatoen, 7.11.1876.Karn Gu(l)dhelmine vart g. 1843 og d.24.8. 1849, ifl Sandesoga. Du kan vel slå opp å sjå kva som står der. Likeins kan du slå opp i originalen (skanna) for lenkja i (3). Kanskje står ho i ei innflyttingsliste til Sande også (ca. 1825-26?).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Berre eit lite praktisk tips i tilknyting til siste line i innlegg 12: Om du skal leite i scanna gamle kyrkjebøker, så må du vere merksam på at Sande før 1861 ligg under Herøy/Sande.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Arild Vik

Takk igjen. Satsar på Guldhelmine, som eg trur det står då ho gifta seg. Men då ho døydde er det Gudhelmine, etter det eg kan sjå. Vil tru det også på den tida var skilnad på desse namna, og at det var anten det eine eller det andre. Dvs. at truleg var berre eitt av dei eit brukande namn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Arild Vik

Tek opp att denne for å høyra om nokon veit korleis slektsforholdet mellom Peter Daniel Baade nemnd ovanfor (1774-1852) og ein person med same namnet, som også var prest i Borgund og prost på Sunnmøre (1737-1823). Sjå Wikipedia http://no.wikipedia.org/wiki/Peter_Daniel_Baade.For meg som ikkje har kjennskap til dette området og denne slekta er dette litt forvirrande.I eitt av innlegga ovanfor står det at han var prost i Borgund, men det må vel vera prest i Borgund og prost på Summøre (eller noko større enn Borgund)?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Frank Pagh

Det er samme mand.Årstallene 1774-1852 hører til sønnen Fredrik Christian.Vh, Berit Pagh.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Du viser til ein 'Peter Daniel Baade nemnd ovanfor (1774-1852)'. Eg finn ikkje ein person med dette namnet i innlegga ovanfor, men derimot ein Fredrik Christian Baade (1774-1852). Er det han du meiner? I så fall var han son til Peter Daniel Baade (1737-1823) som var prost i Nordre Sunnmøre prosti som på den tida omfatta dei store prestegjelda Borgund og Haram. Dessutan var der to andre prosti på Sunnmøre, Østre Sunnmøre prosti og Søre Sunnmøre prosti, men dei kjem vel ikkje denne soga ved.I Johan Fredrik Lampe si bok 'Bergens stifts biskoper og prester etter reformationen' (Digitalarkivet - Digitale bøker nr. 35) står det for øvrig på s. 278 at Fredrik Daniel Baade var fødd i 1776, ikkje i 1774 som nokre andre kjelder har oppgjeve.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Frank Pagh

Det ser ud til, at Karen Guldhelmine er indført i kirkebogen som Karine Gudheldmine:1807'd 17 Sept. Landværns Lieutenant Frederich Christian Baade og Hustrue, Fru Anne Baade, fód Johnsen, deres Datter, fódt d. 3 aug: kaldet Karine Gudheldmine. Fad. Mad: Finne, Madame Bóÿe, Comissair Coldvig, Studiosus Bull'København, Sokkelund, Helligånd 1780-1813, opslag 181.Jeg finder ikke vielsen - og heller ikke broren Peter August Gudmund Friis døbt på Langeland.Vh, Berit Pagh.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Arild Vik

Takk for oppklaring av misforståelsen! Og takk til Berit for opplysninger fra kirkebok.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×