Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kai Løseth

[#70111] Rovviltpremie på bjørn

Recommended Posts

Gjest Kai Løseth

Eg har ein del stoff om siste bjørnen som vart felt i heimbygda mi, og vurderer å skrive litt omkring det. Dette var i Ørskog Kommune, Romsdal Amt (no Møre og Romsdal). Eg manglar opplysning om eksakt årstall for hendinga. Truleg var det i perioden 1890-1892. Vil tru at det vart utbetalt rovviltpremie, og at det må vere registrert ein stad. Har prøvd i Ørskog kommune, men dei har ingen protokoll. Har også prøvd i Fylkeshuset på Molde utan resultat. Evt. protokoll er sendt vidare ein eller annan stad for oppbevaring - men kvar? Har høyrt at premieutbetaling vart innført i Tingbøkene. Men eg finn ikkje Tingbøker så seint. Dei som felte bjørnen var Karl K. Ramstad og Ole K. Melset. Er det nokon som har forslag kvar eg skal leite? Mvh Kai Løseth, Ålesund.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Det må være i Statsarkivet i Trondheim svaret ligger. Amtmannen (fylkesmannen) har trolig hatt med saken å gjøre, og jeg ville trodd at Fylkestingsforhandlingene også ville ha hatt opplysninger. Jeg har ikke tilgang til registeret for Møre og Romsdal, men ser av registeret for Søndre Bergenhus (Hordaland) at 'Om præmier for fældede rovdyr' var oppe blant annet i 1899. I 1899 var et av temaene 'Om skudpremie for dompap'.I tingbøkene vil det være tingsvitner om felte rovdyr.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai Løseth

Takk for hjelp! Då prøver eg Statsarkivet i Trondheim. mvh Kai Løseth

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×