Gå til innhold
Arkivverket

[#70169] Anders Christenson Qvale (1805) og Bertha Pedersdtr Bøe (1812) i Bergen -lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

I tema #69838 er mellom anna drøfta ætti til Peder Christopherson Qvale frå Luster. Denne Peder hadde ein spennande FETTER som eg òg har hatt store vanskar med å finna att:Anders Christenson Qvale, døypt i Luster 25.3.1805, flytte i 1826 til Bergen, og der gifte han seg 24.6.1832 med Bertha Pedersdotter Bøe, fødd i Bergen 12.7.1812. Anders var tømmermann, og han og Bertha budde fleire stader i Bergen, mellom anna på Vestre Muralmenning og i Tyskesmuget, men me kan ikkje sjå noko meir til huslyden etter 1846. Om dei døydde i Bergen eller flytte nokon annan stad, er soleis uvisst. Dei skreiv seg elles stort sett for CHRISTENSEN, medan dei budde i Bergen. Eg har funne fire born etter dei:* Christian Andreas Andersson Christensen, fødd i Bergen 2.7.1834.* Jørgine Alette Sarenne Andersdotter Christensen, fødd i Bergen 17.4.1840.* Johan Bertel Andersson Christensen, fødd i Bergen 22.5.1842.* Andreas Martin Andersson Christensen, fødd i Bergen 31.7.1846.Heller ikkje borni ser eg noko meir til. Kanskje ogso denne huslyden flytte nordover slik Peder Qvale gjorde??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kirsti Rye

Jørgine gifter seg i Bergen i 1864.Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. D 2 (1861-1883), Ekteviede 1864, side 27. Permanent sidelenke: Lenkemvh Kirsti

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.