Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#70553] Forsvunnen frå Askvoll, dukkar opp i Bergen, så borte igjen.

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Eg må be om litt hjelp igjen.Det gjeld Henrikke Hermansdtr (fødd Nille Henrikke 1846 på Underset i Askvoll S/Fj) og Søren Karstensen (fødd 1837 på same gard). Eg følgt dei fram til 1865 då begge bur på Grimelid i Askvoll. I 1875 dukkar dei opp i Bergen. Dei er då gifte og fått tre barn. Dei tre barna er fødde i Torvestad Prestegjeld (Dette må vel være i Rogaland). LenkeEg har lett etter dåpen til dei tre barna i Torvestad, men ikkje funne dei. (må kanskje audmjukt innsjå at eg har klart å oversjå dei, men eg synest det er rart at eg har bomma på alle tre)Kva har skjedd med familien mellom 1865 og 1875, og kva skjedde etter 1875. (Eg finn ein Søren Stang f. Askvoll 1836 i FT Bergen 1900, men dette er ikkje same person).Takknemleg for hjelpmvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Johannessen

Henrik Mathias døpt 19. sept 1869 i Avaldsnes Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Avaldsnes i Avaldsnes, Ministerialbok nr. A 10 (1857-1876), Fødte og døpte 1869, side 117. Permanent sidelenke: Lenke (nr 65)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Johannessen

Oliane Konstance døpt 3. sept. 1871 Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Avaldsnes i Avaldsnes, Ministerialbok nr. A 10 (1857-1876), Fødte og døpte 1871, side 131. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1581&idx_id=1581&uid=ny&idx_side=-142>LenkeJosefine Marie døpt 3. juli 1873 Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Avaldsnes i Avaldsnes, Ministerialbok nr. A 10 (1857-1876), Fødte og døpte 1873, side 145. Permanent sidelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Øystein Ask

Søren Karstensen var verksarbeider ved ” Wigsnes Kobberverk” fra 1869 og utover i 1870-åra. Se Slektsforum Karmøy under Visnes i Avaldsnes Ao-81.http://www.slektsforumkarmoy.no/

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Tusen takk. Då såg dei vel litt stort på det når dei brukte Torvastad som fødeplass, eller har det tidvis vore same prestegjeld? No har eg også dei verkelege namna deira, og det kan gjere det lettare.Fann også giftemålet i 1868. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6252&idx_id=6252&uid=ny&idx_side=-104>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Øystein Ask

Avaldsnes og Torvestad er begge to gamle prestegjeld og inngikk i det som var Avaldsnes skipsrei i gamle dager.Etter at ”Wigsnes Kobberverk” startet opp i 1865 vokste det opp et stort gruvesamfunn med mange hundre ansatte der. Blant de ansatte var det også en del folk fra Askvoll og blant dem min meget unge farfar som var ”skeidegutt” der ca 1870.[url="http://no.wikipedia.org/wiki/Vigsnes_Kobberverk>http://no.wikipedia.org/wiki/Vigsnes_Kobberverk

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Det var bra funne Lars. Eg dreiv nett å lette etter Josefine i 1900, men då heiter ho altså Marie igjen. Det skal visst ikkje være lett dette.Øystein: Dette passer jo fint inn, sidan Grimelid i Askvoll også var eit kopargruvesamfunn, og Søren var 'Kobberværksarbeider' der i 1865.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Dette var jo litt interessant da Søren Karstensson var søskenbarn til min oldefar som også jobbet i gruvene på Grimelid i 1865. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Josefine og Hans hadde en sønn - Sverre som ble født 8.10.1899 og som døde 12.2.1900. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Ser at Søren Underseth er mekaniker på Skjerstad i Nordland ved FT 1900. Lenke Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Johannessen

Søren Underseth født 19.01.1837 død 31.03.1921 i Fauske, ifølge DIS Gravminner. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk til Johan og Lars. Då har vi også funne igjen Søren. I 1900 er han enkemann på Skjerstad i Nordland.Eg har lett etter Henrikke. Den einaste av familien som eg finn i Bergen i 1891 er Henrik Mathias. Resten av familien bur då truleg ein anna stad. Under dåpen til dattera til Josefine i 1893 (I Bergen) er Søren blant fadrane. Det er vel lite truleg at han budde i Nordland då. Han må altså ha flytta til Skjerstad ein gong mellom 1893 og 1900. Eg har ikkje funne Henrikke død verken i Bergen eller Skjerstad. Truleg har dei budd ein stad nær Bergen i 1893. Det er usikkert om Søren har flytta direkte til Skjerstad. Henrikke har då truleg dødd mellom 1875 og 1900 ein stad nær Bergen, eller ein annan stad dei har budd før dei flytta til Skjerstad mellom 1893 og 1900.Det gir jo litt mulegheiter.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Ved dåpen til Anne Henriette i 1887(datter til Henrik Underseth) i Bergen er Søren Underseth en av fadderne. Kona er ikke nevnmt der, så hun er vel kanskje død før 1887. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Det er nok litt rart ja, at kun far er fadder til begge desse barna.Når vi ser på dei barna som vi no kjenner, og går ut frå at det ikkje er fleire, så var Henrikke berre 27 år når ho fekk siste barnet i 1873. Eg ville vel tru at ho vanlegvis ville fått fleire barn. Det er vel difor mest sannsynleg at ho dør ganske rett etter FT i 1875.Eg prøver no å leite etter konfirmasjonen til Henrik i prestegjelda rundt Bergen, men har ikkje lukkast. Forhåpentlegvis blei han konfirmert same plass som mora døde.Det blir litt nåla og høystakken dette. Hadde eg berre vist kva høystakk eg skulle leite i.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Det var sannelig vanskelig å finne plassen de bodde på etter 1875. Når vi er på Underset så ser jeg at Nille Henrikke sin farmor ble gift med min tipptippoldefar Desiderius Nilson på Hollevik.Har ikke registrert noen barn i dette forholdet. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Nei, det var ikkje lett Johan.Anna Hermundsdtr Hest og Desiderius Nilson fekk ikkje barn (Dersiderius hadde for så vidt rikeleg frå før av) Herman Nilssen (Nille Henrikke sin far) var frå Anna sitt første ekteskap. Herman Nilsen sin farfar var min 4-tippoldefar, og det er på hans side eg jobbar for tida.Tilfeldigvis så er også Desiderius Nilson sin bestefar, min 5-tippoldefar, så då er vi i slekt der, sjølv om det blir eit stykke ute. (Anna var søskenbarn til Herman Nilssen sin far, slik at Anna Hermundsdtr sin bestefar, også var min 5-tippoldefar, men det er ikkje nokon samanheng mellom mitt slektskap med Anna/Herman og med Desiderius)Litt rart med Oliane Konstanse også. Kor er ho blitt av. Ho kan sjølvsagt være død i 1900, og før det er ho gøymt i ei eller anna kirkebok som vi ikkje veit om? Heller ikkje er det heilt avklart om dei hadde fleire barn etter 1875.Jf innlegg 10: betyr det at Søren Karstenson og Desiderius Nilsson var i slekt. Eg har ikkje søkt på dette, men du veit det kanskje.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Nettopp hjemkommen fra Elton john konsert! Rasmus - sønn til Desiderius Nilson ble gift med Trine Pedersdtr. - bror til Karsten Pedersson Underset. Trenger du flere opplysninger, så kan jeg sende deg det. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for informasjonen. Eg lurte på om eg kunne være i slekt med Karsten Pederson også, men det er eg altså ikkje, og då er ikkje hans historie bakover så interessant, men takk for tilbudet. Desiderius og Rasmus har eg kontroll på.Eg trur vi får legge saka på is så lenge. Det stoppar visst opp her. Dersom det er nokon som kjem over familien etter 1875, så er eg takknemleg for innlegg.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vibeke Lund Åhling

Familien von der Fehr emigrerer. Magda v d F f 1893 i 1907 fra Stavanger (bruker v d F i 1900-tellingen) Marie, Halfdan og August (f. 1902) i 1906 fra BergenEn Anna Henriette Henriksen Mjåseth emigrerer 1903. Hun er i Askvoll i 1900 sammen med moren. Hun passer godt. En mulig Ingeborg Mjåseth d. 1952, begr. Askvoll, i Gravminner i Norge.Da var det Henrikke og Oliane Konstance igjen...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Flott Vibeke.Trur nok du har rett Anna Henriette. Mjåsetnamnet (nabogarden til Underset er nok kome på seinare).Eg legg ut linkar til funna dine om Anna Henriette.Emigrasjon 1903: [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=48849&merk=48849#ovre>LenkeFT Askvoll 1900: LenkeI følge BB Askvoll om garden Røyset, blei Anna Mjåset gift i 1909 med Jens Andreas Kristiansson Stubseid. Familien flyttar til Gjerde i Askvoll og BB Askvoll om Gjerde har åtte barn av desse to f. 1906-1925. Det ser ut som om dei flyttar litt rundt omkring i Askvoll og også ein periode i Bergen. Det kan jo tyde på at Anna Henriette kun var ein kort periode i USA.For ordensskuld: Ingeborg Mjåset i 1865

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg har kome eit lite stykkje lenger i jakta på Henrikke og Oliane Konstanse sin skjebne, men dessverre ikkje noko gjennombrot. Det blir mest å rote rundt i diverse høysåter.Henrikke si søster, Anne Severine Hermansdtr Underset, blei gift med ein mann frå Askvoll i Bergen 1880. Ho fekk 6 barn i Bergen i perioden 1881-1894. Verken Henrikke eller Søren Karstensen er nytta som fadder for nokon av desse. Dette styrker teorien om at Henrikke og Søren har flytta frå Bergen rimeleg kort tid etter 1875, og at Henrikke har døydd i løpet av dei første åra.Eg har lett etter Henrik Mathias Sørensen Underset i 1900, men ikkje funne han (trur helst at han då framleis budde i Bergen). Innlegg 12 viser til konfirmasjonane til to av barna etter han. Eg har funne fødselen til den første, og der er det oppgitt at barnet er ektefødd i april 1902. Det betyr at Henrik Mathias blei gift før han døde i 1906. Det er i 1906 også oppgitt at han etterlot seg ei enke, fødd 1880. Dette må være den same som er mor til dei to gutane. Ho heiter Olufine Alette Rasmussen. Ho er fødd i Bergen i 1880. Far hennar er Bendik Rasmussen, som opprinneleg er frå Førde (då naustdal sokn). Olufine er ugift i 1900. Det skulle då bety at ho og Henrik Mathias blei gifte ein gong mellom 1900 og april 1902. Eg har søkt i databasen for gifte i Bergen, og lett i kirkebøker for Bergen, men ikkje klart å finne giftemålet. Forhåpentlegvis kan giftemålsregistreringa i kirkeboka gje svar på kor og når Henrik blei konfirmert.Far til Henrik Mathias var flytta til Nordland i 1900, kor han og døde i 1921. Når den første ektefødde sonen til Henrik Mathias var fødd i 1902, så var far til Henrik Mathias fadder. Har han flytta tilbake, eller er han berre på besøk. Dersom han var på besøk, kunne det være fristande å tru at ekteskapet blei inngått rimeleg nært opp til april 1902, då det vel er meir sannsynleg at han har reist tilbake til Bergen for å være med på brylløp enn å være fadder i barnedåp.Denne sonen, som blei døypt Søren Bendik Underset i 1902 blei seinare drosjeeigar. Ut frå det eg har funne, kjøpte han første bilen i 1928. Han var gift når han døde i 1967 til Bergen. kanskje det er nokon som kjenner til han?Eg tar framleis imot tips, spesielt knytt til Henrik i FT 1900 og giftemålet hans.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.