Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Tore Nordvik

[#70728] Døde i Fjell 1874

Recommended Posts

Gjest Tore Nordvik

Er arvingane etter Synneve Jensdtr Solhjem paa Fjeld død 11.07.1874 nemnd? LenkeSpesielt er eg interessert i opplysningar om dottera Dorthea Margrethe f. 1828.På førehand takk! Mvh Tore Nordvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Dette står i dødsmeldinga:'Arvinger: 1 Søn Nils A. Nordahl, myndig. 2. Sønnesøn Mons Mathias Andreassøn, umyndig. 3. Sønnedatter Synneve Andreasdat., umyndig 4. Datter Britta Oline, g.m. Ole Askildsen Heldahl 5. Datter Dorothea Enke etter Forvalter Christiansen. Lensmand Lies Anmeldelse af 22 Jul. 1874.' Buet vart registrert 17. juli 1874.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Nordvik

Hjarteleg takk for hjelpa.Dorothea var i live, men bustad ikkje oppgjeven. Forvalter Christiansen var forvaltar på sinnsykeasylet i Bergen, men har truleg flytta ein annan stad før han døydde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

I registreringa står det om Dorothea: 'bor formentlig i Christiania', og det er stadfesta i brev datert 31. juli 1874, der ho bad sorenskrivaren sjå til hennar tarv 'da jeg ei kan komme der nu fortiden'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Nordvik

Dette var svært interessante opplysningar. Det kan tyde på at dei budde i hovudstaden på slutten, sidan dei ikkje er å finne i databasar for korkje Fjell eller Bergen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.