Gå til innhold
Arkivverket

[#70744] Slekt Agledal/Løkkebø


Gjest Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Eg har tidlegare lett etter slekt i området etter mi fire-tippoldemor Gjø Olsdtr. Eine barnebarnet hennar flytta bl.a. til Langedal på slutten av 1840-talet, og etterkommarar etter han har seinare busett seg på Løkkebø/Agledal og dei andre gardane i området.Eg ser no også at bror til Gjø Olsdtr., Simon Olsen Kalland f. Nedre Kalland i Naustdal 1737 må være den same som Simon Olsen Agledal som dør i 1814. Også han har etterkommarar etter seg på Løkkeb/Agledal, og sikkert på gardane rundt.Eg prøver på denne måten å komme i kontakt med Lars Løkkebø eller andre med god kompetanse på Agledal/Løkkebø. Målsettinga mi er å finne koblingar mellom henholdsiv Gjø og Simon sine barnebarn, som då altså var tremenningar, og evt. etterkommarane deira. Eg ser at ein del av Simon Bertelsen Langedal sine barn har fadrar som må være barn av Morten Simonsen.Det eg har funne ut om etterkommarar av Simon Olsen etter ei rask jakt, er om lag som følger:Eg har funne fem barn av Simon: Søren, Martin/Morten, Ole, Lars og Ole (er dei to siste tvillingar?)Dei tre siste har eg ikkje funne at i 1801 i Kinn. Omkomne?Søren tar over farsgarden og blir gift i 1794 med enka Johanna Andersdtr, men eg har ikkje funne nokon etterkommarar etter dei. Ser Søren sit med garden i 1838 og dør 1850?, og at det er ei Anna Sørensdtr. på Agledal i 1865, som er fødd kring 1820, men eg har ikkje funne stadfesting på kven som er foreldra hennar, men truleg ikkje rett Søren.Martin/Morten blir gift på Løkkebø med Inger Berendtsdtr i 1799, og her har eg funne fleire etterkommarar: Abelone, Ole, Berte, muleg og Søren Iver og Jørgen Johan, Gjertrud?Dersom det er nokon som har full oversikt over Simon sine barn, barnebarn og gjerne barnebarnsbarn også (fødselsår o.l.), så tar eg gjerne mot det. Så slepp eg å bla gjennom alle kirkebøkene igjen.På forhånd takk.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug R. Petit

Det er og en Søren Simonsen på Løkkebø som får en datter Inger Johanna døpt 11/6-1815. Mor er Mildri Erichsdtr.Fant dem på Fylkesarkivet: http://fylkesarkiv.no/En Anna Sørensdtr er f i 1822 i Kinn med foreldre Søren Mortensen og Massij LarsdtrDet går ikke å lage lenker ti Fylkesarkivet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Jo takk, Torodd. Eg har allerede nytta føremiddagen til å søke gjennom oversikta på nettsida di, og den var til god hjelp. Eg trur såleis at eg har oversikt over Morten Simonsen på Løkkebøen sine barn og barnebarn. Barna til Morten som eg har funne er:f. 1799 Abelona, 7 barnf. 1802 Ole – død 1829 (ikkje funne barn, har truleg ikkje)f. 1807 (Berte) Malene, 5 barnf. 1815 Simon, 9 barnf. 1817 Jørgen, 1 barnf. 1820 Gjertrud, 2 barnf. 1823 Søren, 1 barnDette er då tal barn fødde før 1865. Det kan då være nokon som er fødde etter det, men til mitt bruk er det ikkje særleg interessant. Sånn sett trur eg at eg har kontroll på Mortens Simonsen Løkkebø. Det eg ser er at fleire av barna til Simon Bertelsen har barna til Morten Simonsen som fadrar, medan Simon Bertelsen og kona hans ikkje har vore nytta som fadrar når barna til Morten Simonsen har hatt barnedåp for sine barn i same perioden. (for å unngå at det blir rot i generasjonane, så er altså Simon Bertelsen tremenning med barna til Morten Simonsen).Den 'einsidige fadderordninga' kan nok sikkert forklarast ved at barna til Morten Simonsen har hatt sitt nettverk på Løkkebøen og gardane rundt, medan Simon Bertelsen er komen nytilflytta til området, og der desse tremenningane då har vore viktige nettverk, saman med andre slektningar (eg har funne søskenbarn og firemening også som budde der).Når det gjeld dei andre barna til Simon Olsen, så står eg like fast. Det kan framleis sjå ut som om Ole, Lars og Ole (igjen) er død før 1801. Ut frå innlegg 2 kan vi stryke Anna Sørensdtr frå lista (takk for at du fann den Kjellaug), og då ser det ut som om Søren Simonsen Agledal ikkje har etterkommarar (Søren Simonsen Løkkebø er ein annan person). For å gjere forvirringa total, så er det også ein Søren Simonsen på Agledal i 1856, men han har heller ikkje noko med dette å gjere. Er truleg etterkommar av Simon på Knapstad.Eg har lagt inn ei oppgåve på arkivforum, som forhåpentlegvis kan avklare litt meir for meg. Når det gjeld skifte etter Søren Simonsen Agledal som døde i 1850, så ser eg at det har vore etterspurt tidlegare, utan å finne noko, slik at det ikkje er noko hjelp å hente der.Eg avventer difor tilbakemelding frå Yngve. Ikkje leit meir etter desse. (dersom det er nokon som har liggande oversikt over desse andre barna til Simon Olsen, altså utanom Morten, så tar eg sjølvsagt i mot, men altså ikkje leit).(Eg fann også at far til første kona til Morten Simonsen tilfeldigvis var fadder til Simon Bertelsen sin far i 1780, berre litt morsomt, men kanskje mest for meg)mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Då har eg fått dei tilbakemeldingane frå Yngve som eg trengte.Av Simon Olsen sine barn, er det kun Søren og Morten som veks opp.Morten hadde ikkje fleire barn enn dei eg har funne.Ole Mortensen hadde ikkje barn.Utfordringa blir då om Søren hadde etterkommarar etter seg. Søren blei som tidlegare skreve, gift i 1894 med Johanna Andersdtr. I 1801 har dei ikkje felles barn, Søren er då 31 år og Johanna 49. Ut frå Johanna sin alder, er det vel ikkje så sannsynleg at dei fekk barn etter dette. Det føreligg ikkje noko skifte etter Søren eller Johanna. Søren dør på Agledal i 1850. Om Johanna dør før dette (det er vel truleg), og om Søren giftar seg opp at, har eg ikkje funne.Eg trur ut frå dette at eg legg til grunn at Søren ikkje har etterkommarar, og at eg har oversikta som eg treng på Morten.Dersom nokon har andre opplysningar om Søren, så tar eg gjerne i mot.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Egil Russøy

Jo takk Lars. Eg trur eg har kontroll. Kan i alle fall ikkje minnast at det var noko meir eg stod fast på av betydning. Eg fekk jo også hjelp av deg på epost.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.