Gå til innhold
Arkivverket

[#70916] Dykker Ole P. Skriubakken


Gjest Odd Jan Skriubakken
 Del

Recommended Posts

Gjest Odd Jan Skriubakken

Ved kyrkjemuren ved Sør-Fron kyrkje er det reist opp ei vakker skiferhelle med denne påskrifta:Dykker Ole P. Skriubakken født 5. januar 1849 død 21. september 1880Hella og bokstavane er fint forma. Det var vel noko uvanleg at husmannssøner vart gravlagde med tittel, og tittelen er uvanleg i seg sjølv.I kyrkjeboka er han skriven inn som 'veiarbeider', fleire opplysningar om han har eg ikkje. Eg veit det meste om slekta hans, men ikkje noko om Ole sjølv.Korleis vart ein dykkar på den tida? Kan han ha omkome ved ei arbeidsulykke t.d. ved muring av brukar nokon stad? Finns det arkiv eller protokollar der det er mogleg å finne ut noko meir?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Kyrkjeboka seier ikkje noko om kvar han døydde eller om årsaka?Frå ca. 1870 var det omfattande hamnearbeid langs kysten; og dei mange arbeidslaga måtte ha dykkerar. Dette er ikkje arbeid som har kome godt fram i særleg mange historieverk. (I beste fall står det noko om kven som vedtok utbygginga...)Jostein Nerbøvik: 'Holmgang med havet 1838-1914' er eit bind i Volda-soga. Framstillinga er rett nok konsentrert om voldingar i arbeid med fyr, hamner, m.m. langs heile kysten, men du får eit godt innblikk i aktiviteten.Dersom han deltok i offentlege arbeid (veg, bruer, hamner, ...) er han nok nemnt i ein eller annan protokoll... Dersom han omkom ved ei ulukke, kan det også tenkjast det er spandert ein liten notis i ei avis.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.