Gå til innhold
Arkivverket

[#71128] Tydehjelp Askøy 1819 - Oppslag Askøy bygdebok


Gjest Marianne Bakketun
 Del

Recommended Posts

Gjest Marianne Bakketun

Treng litt hjelp med å tyde alt som står om par nr 2, høgre sida, Niels Pedersen og Giertrud Olsd. LenkeLurer også på om det står noko om dette paret i Bygdebok for Askøy.Truleg er denne Giertrud frå Voss og vart gift på Voss første gong i 1804.Marianne Bakketun

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Takk Grethe. Dette hjelpte litt, ja. Får iallefall stadfesta at denne Giertru er enke i 1819 og alderen høver bra. Ho var fødd i 1776.Men om nokon har bygdebøkene og kan fortelje meg meir, er eg takksam for det.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Veit det finns bygdebøker, men altså ikkje slektsopplysningar der? Eg har iallefall ikkje spurt om desse folka før.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Det finst heradssoge, men ikkje gards- og ættesoge. Eg sit på eit slektsregister for alle som er gift og døypt i Askøy pluss mykje meir. Desse folka var det einkvan som leita etter kring påsketider, difor spurde eg.Det som er klårt, er at det ikkje finst ei Gjertrud Olsdotter i Askøy i ft1801.Denne Nils Pedersen som ho vert gift med, kjem opphaveleg fra Hop i Fana (ikkje Askøy). Han vert gift med ei Marte Thomasdotter frå Haugland i Askøy, men buset seg fyrst på Skare i Laksevåg, sidan på Kollevågseidet i Askøy. Dei har to born, Elen og Peder. Marte døyr i 1816 og han vert oppattgift med GO, som då er i Strusshamn som enkje. NP flutter dit og set seg til - framleis som fiskar. Dei får ein son like etter at dei vert gift, Martines Andreas. NP døyr i 1823 utan at det vert halde skifte. Kor det vert av GO veit eg førebels ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Interessant dette, Bjørn. Giertru var i teneste på Voss i 1801. Sidan du har eit slektsregister, finn du då syster til Giertrud, Marta/Martha Ols. Ho vart fødd i 1781 og det står i Vossaboki at ho også reiste til Strusshamn. Men det står ikkje kva tid...Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg finn ei Marte Olsdtr. død i 1864 i Strusshamn kring 80 år gamal, men eg finn henne ikkje gift i Askøy. Dette er ikkje lett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Johannessen

Husmannsenke Giertrud Olsdtr. Strudshavn død 26. mai 1863, alder 87 1/2 år.Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Askøy, Ministerialbok nr. A 9 (1863-1877), Døde og begravede kvinner 1863, side 253. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8262&idx_id=8262&uid=ny&idx_side=-270>Lenke Finner også dåp til et barn i 1804 på Strusshamn (Michel, se høyre side)med foreldre med samme navn som de som gifter seg på Voss Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Askøy, Ministerialbok nr. A 2 (1801-1818), Fødte og døpte 1804, side 15. Permanent sidelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Johannessen

Marthe Olsdtr. Strudshavns dødsfall i 1864 Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Askøy, Ministerialbok nr. A 9 (1863-1877), Døde og begravede kvinner 1864, side 256. Permanent sidelenke: Lenke Oppgitt alder 85 år, dvs hun er født ca 1780, så alderen stemmer bra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Dette var skikkeleg spanande innspel. Visst Anders og Giertrud reiste til Askøy rett etter at dei gifta seg, ville det vera naturleg å finna Anders død der? Eg har leita på Askøy og, men kanskje oversett noko?Sidan far til Giertrud var Ole Mikkels, er det vel naturleg at dei kallar ein son for Michel?Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Her er innførsel frå klokkarboka, og her står det vel eit eller anna om at Anders Erichsen er avdød? Og mora er Giertrud Olsdtr. Kva seier de som les betre enn meg?LenkeMarianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Eg har kikka på denne karen også, men kan ikkje vera sikker når det står så lite opplysningar. Det er iallefall fleire aktuelle kandidatar i 1801-teljinga for Bergen. Og min Anders var iallefall på Voss i 1801.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Interessant med det første ekteskapet til Mikkel. Ei vossajente? Ser ut som Anders og Giertrud hadde 3 barn. Sjå innlegg 71130. Michel, Eirik og Ole. Eg nemde det var logisk at dei kallar den eldste for Michel, men det er vel i grunnen ikkje det? Det var farfar til Giertrud som var Mikkel.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Takk Arnfrid. Bø er nok heilt sikkert på Voss. Far til Mikkel var frå Rekve, nabogarden til Bø. Houge/Hauge finns på Voss også, men dei har nok budd ein eller annan stad ved Bergenskanten? Eller har dei ikkje det?Ser ikkje ut som Mikkel og Margrete fekk born. Ikkje så rart, når ein ser at ho var 45 då dei gifta seg. Han ikkje fyllt 23 år.Mariane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.