Gå til innhold
Arkivverket

[#71167] Prost Erich Anker Bruun avsett


Gjest Jon K. Valebjørg
 Del

Recommended Posts

Gjest Jon K. Valebjørg

Ikb for Bygland 1808 blir det 21. april 'kastet jord' på hr Prost Erich Anker Bruun. Så er det tillagt i ettertid som fotnote: Først prest i Evje, Siden Forflyttet til Suledal (Straffekald); Afsat 1806, levet siden hos sin Søn.Kva hadde denne prestemannen gjort? Det må vel liggje føre ein rettskraftig dom, mannen var då embetsmann.Bh Jon

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

Han ble suspendert 03.02.1798 og fradømt sitt embete ved høyesterettsdom av 6. mai 1805 - dette følgelig da han var sogneprest til Suldal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arnvid lillehammer

I eit eldre Ætt og Heim, årboka til Rogaland Historie- og Ættesogelag, som eg nå i farten ikkje minnest årstalet på, har Samuel V. Vinje ein fylldig artikkel om Erich Anker Bruun. Artikkelen trur eg heiter eller har som undertittel 'Historien om en trettekjær prest'. Han var ein stri person, men etter det dei fortel i Suldal, var han god 'på stolen' (som talar). Han var først prest i Aure på Nordmøre, om eg ikkje minnest feil, før han kom til Setesdal, der han skal ha 'lege i sak med setesdølene i tjuefem år' før han vart 'forvist' til Suldal. Der let han mellom anna ein av husmennene sine selja brennevin til bygdefolket preikesundagane, vart det påstått, og då det skulle skiftast mellom han og etterkomarane (han hadde mellom anna ei dotter og dotterdotter med seg til Suldal, som eg sjølv ættar frå, men han døydde hjå sonen Simon i Bygland) prøvde han å behalda det meste av arven sjølv ved å gøyma verdfulle ting i høystaden. Leit opp den nemnde artikkelen. Den er vel verdt å lesa. Vennleg helsing Arnvid L.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.