Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#71430] Ingeborg Nilsdtr Berge på Voss f. 1756 - sakna 1900

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Ingeborg Nielsdtr Berge blei fødd på Oppheim på Voss i 1756 [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=dp12351752&gardpostnr=742&personpostnr=2389&merk=2389#ovre>LenkeHo blei konfirmert i 1773 framleis busatt Berge. LenkeI 1889 er ho nemnd i skifte etter faren, utan bustad, så eg reknar med at ho då også budde på Berge.I 1807 giftar Pige Ingeborg Nielsdtr Berge seg med enkemannen Ole Samsonson som bur på Sælland på Oppheim på Voss. (Ho har såleis ikkje vore gift før. Ole Samsonson var forøvrig tidlegare gift med søstra til Ingeborg)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Obs: Det er vel ikkje rart at ho er sakna i 1900. Det rette skal være 1801. Beklager.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Det bur ei Ingeborg Kirstina Nielsdtr. (48 år) i Bergen i 1801. Søk på nr.581408. Ho har ei dotter Andrea Andersdtr. på 20 år (nr. 581409), og er fattigunderstøttet. Det er lite hjelp å få i 1801-tellinga. :)Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Johannessen

FT 1801 Lenke Ole og Martha har en tjenestepike som står som Ingebiør Olsdtr, 43 år. Kan det rett og slett være at etternavnet er feilskrevet? Alderen stemmer jo ganske bra.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Torbjørn. Eg såg denne, men blei litt usikker i forhold til dette med Kristina. Ho er kun døypt Ingebor (det stemmer også med kirkeboka). Er det truleg at ho ville ha tatt dette tilnamnet seinare? Eg finn ikkje dette namnet brukt i denne slekta. Eg klarer heller ikkje å finne dåpen til denne Andrea.Lars: det kunne jo ha passa godt med den vidare historia. Eg får høyre med Yngve om han kan sjekke orginalskrifta.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg har fått tilbakemelding frå Yngve. Han hadde dessverre ikkje orginalen tilgjengeleg. Han opplyser at det er skrivefeil i orginaelen og også avskriftsfeil på nett. Ingeborg Olsdtr kan difor være Ingeborg Nielsdtr.Eg finn berre ei Ingeborg (eller likn) Olsdtr f. på Voss i slutten på 1750-talet, og ho er då i Wang sokn. Likeeins i oversikt over konfirmerte i byrjinga av 1770-talet. I 1801 er det plutseleg to i aktuell alder. Den eine bur då i Wang sokn og er gift. Den andre bur då tilfeldigvis på ein av dei gardane der det kanskje er mest sannsynleg at Ingeborg Nielsdtr ville ha budd, og er ugift som Ingeborg må ha vore i 1801.Ho kan sjølvsagt være tilflytta, men ...Eg trur eg får gå ut frå at det er den same. Takk for tipset Lars.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Veit ikkje om dette er av interesse, men i fylgje Ættebok for Vossestrand døydde Ingeborg i 1823. Ole gifta seg oppatt i 1825 med Marta Eiriksdtr Løn. Dei fekk berre 4 år i lag, for han døydde i 1829 og Marta gifta seg oppatt.Når det gjeld Ingeborg og 1801-teljinga, så er det vel store sjansar for at det er ho som er i teneste hjå syster si?Pleiebarnet Jorond på 7 år er forresten ei uekte dotter til Ole si syster Gjertrud. Gjertrud fekk også ein uekte son, Knut i 1786.Marianne Bakketun

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for det Marianne. Dødsåret til Ingeborg har eg ikkje registrert, men no fekk eg lagt det inn.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Ho døydde 7. nov 1823. Sjå her: LenkeMarianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×