Gå til innhold
Arkivverket

[#71575] Fotoarkiveringsprogram – mange å velje blant – fordelar og ulemper


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Eg held for tida på med å skanne ei stor lysbiletesamling med over 1000 foto. Resultatet, dvs. dei digitale bileta er strålande, og skaper ikkje spesielle problem med arkivering. Eg treng derimot råd og røynsler om ulike program som kombinerer lagring av foto og tilhøyrande tekst, og som dessutan er søkbar ut over teksten i filnamnet. Søking berre på nykelord er heller ikkje fullt ut teneleg.Programmet bør vere slik at foto og tekst som er lagt inn kan transporterast uendra over i andre program om det skulle vere ønskjeleg i framtida. Eg har blitt tipsa om nettbaserte tenester som Flickr, Picasa (eit adoptert barn av Google), Iphoto og Bridge (eit tilleggsprogram til Photoshop Elements).Sidan eg brukar Mac kjenner eg Iphoto godt. Dei andre programma kjenner eg lite til. Om Iphoto er å seie at det er særs brukarvennleg til rein lagring og oversikt, men den tilhøyrande vesle boksen der ein kan skrive om motivet er lite funksjonell, og eg veit ikkje om teksten følgjer fila ved transport. Men dette er kanskje blitt betre i nyare versjonar?Eg er takksam for innspel og røynsler som gjeld dette temaet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Anfinn Bernaas

Er det verkeleg ingen som har røynsler frå fotoarkivering på datamaskinen sin? Eg held for tida på med skanning av over 1000 historiske foto, og har eit stort behov for eit program som kan halde oversikt og som dessutan har plass for skriftlege data om kvart einskilt foto.Kanskje skremte eg vekk mogelege 'svararar' i startinnlegget mitt sidan eg nemnte Mac. Sjå no heilt bort frå det. Eg ynskjer svar om arkiveringsprogram heilt uavhengig av dette!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnstein Rønning

Jeg bruker Picasa til mine bilder, men lagrer de beste 'ute' på Flickr (de ligger sikkert dersom PC'n streiker). Picasa er gratis og ligger på min egen PC, men på Flickr må du betale årsavgift når du når et visst punkt.Fra Picasa kan du sende bildene direkte ut pr mail. Du kan også legge bildene ut slik jeg har gjort med mine heraldiske sider: [url="http://heraldikk.blogspot.com/>http://heraldikk.blogspot.com/Picasa er enkel og helt gratis.På Flickr kan du laste ned svære bilder, og bestemme selv om de skal være private eller offentlige. De offentlige får man kommentarer på fra andre, se mine offentlige her: http://www.flickr.com/photos/eaglestein/På alle bildene får du en egen URL (er det ikke det det heter) slik at du kan sende lenker til hvem som helst når det gjelder både offentlige og private bilder. Her er ett som ligger privat hos meg, som jeg tok av meg selv på Blefjell nettopp, som jeg kan sende som lenke til hvem som helst

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnstein Rønning

Alt du skriver av tekst ved et bilde på Flickr, får du opp dersom du søker på Google. Prøv f.eks. å skrive inn på Google 'Frithjof II was built in 1896' (med hermeteiken), og du får opp mitt bilde av båten 'Frithjof II'. I tillegg kan du legge in 'tags' som gjør at bildene popper opp på Google. Jeg tror jeg betalte kr 130 for 2 år når det gjelder Flickr - eller var det 230?, og da kan jeg laste opp så mye jeg vil i full størrelse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnstein Rønning

..og hver morgen ligger det klar (på Flickr) en statistikk over hvilke bilder som er blitt sett på dagen før og hvilke søkemotorer som er benyttet (og søkeord). Du får også opp en oversikt over hvilke bilder som har fått nye kommentarer, dessuten mailer, dersom du har åpnet for å motta mail.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Takk til Arnfrid og Arnstein. Her fekk eg iallfall eit par knaggar å hengje spørsmålet mitt på.Oppfølgingsspørsmåla blir da: Både i Picasa og Flickr ser eg at de har sett på tekst til bileta. Veit de om denne teksten blir hengjande fast ved biletfila dersom de skulle flytte eller transportere heile biletsamlinga over til eit nytt program? Det ligg jo mykje arbeid bak tekstinga, og å starte på nytt ein annan stad er jo både surt og leit.Eg lurar også på ein mogeleg søk-funksjon. Når biletsamlinga har nådd opp i hundrevis eller tusenvis er det nesten heilt naudsynt å kunne søkje på ord som er brukt i biletteksten (til dømes namn) for å finne fram raskt. Går det?Dessutan eksport av foto igjen: Kan heile biletsamlinga transporterast i eitt til anna program, eller annan harddisk?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Heljar Westlie

Jeg har kikket litt på aktuelle program gjennom årene uten å ha bestemt meg for hva jeg skal satse på.Vil ikke gå for en webbasert løsning av div årsaker.Ovennevnte FotoStation er meget bra, har sett det demonstrert. Det har bare den bakdelen at det koster altfor mye til privat bruk. 600$

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.