Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Aarset

[#71757] Anne Haavie og Børter i Enebakk

Recommended Posts

Gjest Terje Aarset

Anne Haavie og Børter i EnebakkEg har hatt god hjelp frå slektsgranskarar og lokalhistorikarar i Brukarforum tidlegare, så eg prøver meg igjen. Denne gongen utfordrar eg særleg lesarar i Enebakk.For tida er eg i innspurten med boka Den nynorske songskatten, femten artiklar om kjende nynorske songar, m.a. 'Blåmann' av Vinje. Tonen til 'Blåmann' er laga av Anne Haavie (1809-88), ei kvinne vi veit relativt lite om.I 2002 hadde Kristoffer Kruken ein større artikkel om henne i Dag og Tid. Ho voks opp på Vik i Enebakk. Då ho vart konfirmert, budde ho på Børter i Enebakk,'hos skyldfolk der' (Kruken). Foreldra hennar var Holm Holmsen (1785-1826) i Enebakk og Petrane (Petterane) Rør frå Høland 1784-1824). Sidan mor hennar døydde same året som Anne vart konfirmert, flytte ho kanskje til ei tante (eller ein onkel) på Børter.I samband med dette har eg to spørsmål:1. Kjenner nokon av lesarane til nokon slektssamanheng mellom familien Holmsen på Vik og folk på Børter i 1820-åra?2. Dersom ein slik samanheng let seg påvise, er dette på Børter østre eller vestre?Eg treng opplysningane for å tekste eit bilete frå Børter/Enebakk i boka eg held på med. Terje Aarset

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.