Gå til innhold
Arkivverket

[#71859] Kva reiskap er dette?


Gjest Helga Kallevik
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

I sommar har eg rydda i eit gammalt båtnaust bygd på 1800-talet. Der har eg funne nokre 'reiskaper' som eg ikkje veit kva vart brukt til. Ser at det tidlegare har vore slike spørsmål i dette fora, så eg tenkte eg kunne prøve om nokon veit meir om desse tinga. Har tatt bilete som eg skal prøve å leggje ut her om eg får det til.

bilete7495.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Reiskapen er 30 cm lang. Sjølve tingen er av tre, med ein 'krok' avjern. Denne er 'hengsla' fast til treverket og kan opnast og lukkast. Går då ned i ei 'grop' i treet.Legg inn eit bilete av same tingen når den er lukka.

bilete7497.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Takk skal du ha!Der er rester etter mange sildetønner på naustet også nokre få heile tønner.Farfar min var bøkker, og eg har det meste av bøkker-utstyret hans intakt. Men denne reiskapen her trur eg må vera eldre enn frå farfar si tid. Initialane stemmer heller ikkje med farfar sine.Kjem tilbake med bilete av nokre andre reiskaper seinare.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen! Her er fleire ting frå naustet mitt som eg ikkje veit kva er.Det er laga av tre, ca. 20 cm langt med handtak og eit 'holrom' inni. Håpar nokon kan hjelpe meg med å finne det ut. mvh Helga Kallevik

bilete7500.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Her kjem endå 2 ting er lure på kva er for noko. Kan det ha samanhang med bøting av garn eller not?Begge dei neste tinga er like i utforming, men har ulik lengd (35 cm og 75 cm). Dei er laga av tre.

bilete7501.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Her kjem det siste bilete.Ser ut som same reiskap som forrige bilete , men dobbelt så langt.mvh Helga Kallevik

bilete7503.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Her kjem det siste bilete.Ser ut som same reiskap som forrige bilete , men dobbelt så langt.mvh Helga Kallevik

bilete7503.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Hei Helga!Siste biletet ser ut til å vere ein lineklave. Ein set onglane inn i mellom og låser med den lista som er svinga til sides.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Eg la ikkje merke til biletet i (6), det òg er ein lineklave. Tingen i (5) kan sjå ut som ei form til å støype blysøkkjer i. Der er eit spor framme og bak til å leggje strengen i. Loket manglar. Tingen i (1) heiter bandhake.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Takk til både Gunnar og Trond for svara. Det er kjekt å få vite kva desse ting har vore nytta til.Far min som døydde i 2005 (82 år gammal) har samla mange reiskaper i ein gamal fjos. Det meste her er frå gardsdrift, men også noko frå sjø/fiske. No kan eg supplere med desse tinga og ta med forklaring på kva dei vart nytta til. Det var kjekt!Bur på eit småbruk, som i farfar si tid og før det, vart drive kombinert med fiske. Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.