Gå til innhold
Arkivverket

[#71872] Børre Paulson Heen


Gjest Tor Stallvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Tor Stallvik

Ved folketeljinga i 1801 for Grytten finn vi på Heen plassfolka Børre Paulson, 50 år, og Guri Trondsdotter, 49 år, med barna Trond, 17, Hans 12, Endre 8 og Ragnild 3 år. Dei har og ein son Paul fødd omlag 1779, som tener på Torvik. Guri var frå Straume, dotter av husmannen Trond Jonson. Men kor var Børre frå? Dei er ikkje vigde i soknet, og sønene Paul og Trond har eg ikkje funne døypte i Grytten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aud Sandbu

Hei Tor,Dette parfolket finn eg omtalt i Bygdabok for Lesja, band 2, side 381 under Jønson-Brenna (72/4):Guri Trondsdtr. frå Bryggja f.ca. 1751 gift 23.02.1777 i Lesja med Bøllog Paulsen f.ca. 1746 frå Uti-Brenna, Rudi.Born:Paul f. 06.04.1777 på Belle, gravlagt 11.05.1777 frå Brenna.Paul f. 02.11.1778 i Orderlykkja.Trond f. 02.01.1782 i Lialykkja.Deretter fortel bygdaboka at familien budde i Lialykkja kring 1782, reiste til Hen i Romsdalen kring midten av 1780-talet, og var husmannsfolk der i 1801. Sonen Paul var da tenestkar i Torvika under denne teljinga.Om Guri finn eg i same bygdabokverket, band 1, side 455 under Bryggja (21/1-4):Trond Endresen - kanskje frå Håmåren, Kvam (ca. 1698-1785) g. 1731 m. Marit Haldogsdtr. frå Brandlie (ca. 1706-1778). Trond var håmårsmed ved Verket.Dei hadde borna Brynhild f. 1731, Ingrid f. 1734, Marit f. 1737, Endre f. 1738 - d. 1743, Anne f. 1743 - d. 1743, Anne f. 1744, Endre f. 1747 - d. 1748 og Guri f.ca. 1763(!) som den yngste av borna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Stallvik

Takk Aud, dette hadde eg oversett, men det var ikkje heilt uventa, for sonen Paul hentar kona si frå Rånå i neste generasjon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.