Gå til innhold
Arkivverket

[#72186] Otto Johannes og Margit Ludwig - døde i Orkdal 1980 og 1983 - livslagnad?


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Eg tillet meg å poste ei etterlysing frå desember i fjor på nytt, og under ny overskrift sidan eg no kan vere meir presis: Lenke'65196: Margit Lutvik/Ludwig f. 1893 – Tinn og Sør-Trøndelag Fylke: Brukarforumet Anfinn Bernaas, Asker/Tinn/Telemark, 13.12.2008 22:13 (1) Margit Olsdotter Volland f. på Såem i Tinn 10. august 1893 er ved farens død (Ola Andresson Volland) 4. mai 1939 namngjeven som Margit Lutvik, Sør-Trøndelag. Eg finn ingen Lutvik ved søk på gravminne eller Google. Derimot finn eg Margit Ludwig f. 11. august 1893, død 20. januar 1983 og gravlagt i Orkdal. Ho er gravlagt ved sida av Otto Ludwig f. 29. juli 1901, død 29. oktober 1980.Truleg er ho rette Margit, men kan nokon stadfeste dette?Bjørg Hukkelberg, Aukra, 13.12.2008 22:32 (2) Det er en familie i Trondheim i 1900 med etternavn Ludwig LenkeBjørg Hukkelberg, Aukra, 13.12.2008 22:44 (3) Denne familien får Otto Johannes 29.juli 1901 Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeJeg vet ikke om dette hjelper ??Anfinn Bernaas, Asker/Tinn/Telemark, 13.12.2008 23:02 (4) Bjørg: Det kan knapt vera tvil om at du her har funne opphavet til Otto i Trondheim. Da blir neste nøtt å fastslå sambandet mellom Otto og Margit og deira tilknyting til Orkdal. Bjørg Hukkelberg, Aukra, 13.12.2008 23:33 (5) Adressebok for Trondheim 1920: Otto Ludwig, agronom, Nedre Møllenberggt. 80'I tillegg til det som kom fram sist har eg no sett dødsannonsene (i avisa Sør-Trøndelag) til høvesvis Otto Johannes Ludwig og Margit Ludwig. Av dødsannonse og takkeannonse går det fram at han døydde 29. oktober 1980 på 'Orkdal sanitetsforenings sykehus' etter ei tids sjukdom. Han er nemnt som ektemann, bror og onkel. Men berre kona Margit er nemnt med namn.Ho er død 20. januar 1983 i Orkdal. 'Vår inderlig kjære tante døde plutselig'. Ho er oppført som fødd Vollan. Takkeannnonse er underteikna 'Familien'.Ingen barn er nemnde ved korkje hans eller hennar bortgang. Minneord finn eg ikkje i avisa.Sidan Ludwig er eit såpass spesielt namn undrast eg på om det likevel ikkje skulle vere mogleg å finne ut noko meir om dette paret. Det er jo heller ikkje meir enn knappe tretti år sidan dei levde i Orkdal. Det må derfor utan tvil vere folk som bur i distriktet i dag som kan hugse ekteparet. Eg skulle gjerne ha visst meir om dei, når og kor dei blei gifte, arbeidsplass, bustad, innflytting til Orkdal mm.Utgangspunktet mitt er Tinn, der Margit kom frå. Der eg arbeider med lokalhistorisk materiale, og eg skulle gjerne ha hatt nokre fleire haldepunkt i Margits liv for å knyte henne til opphavet sitt i Telemark. Finst det kjelder eg kan ha oversett, når eg da unntek nolevande Ludwig-ar i telefonkatalogen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John Tore Kvernmo

Hei!Etter Norges bebyggelse,Sør-Trøndelag, vestre del side 579, bygde Otto Ludwig seg hus på Follo i Orkdal i 1949. videre at han var født i Trondheim 29.7.01. Hustru Margit, født 10.8.1893 i Tinn.Gardtales i Orkdal bd.I, side 109 omtaler kort denne heimen, Foto 15-55:Otto Ludwig f.1901 frå Trondheim bygde dette huset i 1949. Kona heiter Margit Andersen f.1893 frå Telemark. Otto Ludwig er fotograf av yrke, men har for det meste drive som rekneskapsførar for gardsbruk.Dette er alt jeg finner om familien, men det er sikkert noen som husker paret. Mvh John Tore

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John Tore Kvernmo

Jeg finner familien til Otto Johannes i Ft 1900 her, og da har du hans opprinnelse LenkeCarl Johan Ludwig født 14.3.1895 Frits Ludwig født 5.4.1896Håper dette er til hjelp.Mvh John Tore

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.