Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#72312] Naustdal (Førde) S/Fj: Kor er Malina Andersdtr Hamre i 1801.

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

I følge BB for Naustdal skal Malina Andersdtr være fødd på garden Hamre kring 1780. Foreldra er Anders Olsson og Ingeborg Danielsdtr. Desse fekk fleire barn, men frå BB Naustdal tar eg her med Alet f. kr. 1779, død 1782 og Matias f. kr. 1781. Malina blir gift i 1811 med enkemann Ola Jakobsen på garden Gryta (Grytten).Det manglar kirkebøker for Førde kring 1780, difor har eg ikkje funne dåpen hennar. Det er oversikt over døypte frå juli 1781 og konfirmantar fram til 1797. Eg har ikkje funne ho i nokon av dei. Ut frå dette, samt dei opplysningane som finnes i BB Naustdal, så er ho sannsynlegvis fødd i 1780, eller kanskje mest truleg tidleg i 1781. Matias er heller ikkje med blant dei døypte etter 1. juli 1781, og han er vel dermed også truleg fødd første halvdel 1781 (var dei tvillingar?)Familien finn vi igjen her i FT 1801 for Førde [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f1801&gardpostnr=42347&merk=42347#ovre>LenkeMalina er fadder for ei niese, Helle Danele, i 25. oktober 1800. Ho er då namngitt som Mallene Andersdtr. Hamre. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 4 (1781-1803), Fødte og døpte 1800, side 408-409. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeI skifte etter faren i 1807 er ho oppgitt å være 26 år. LenkeHo dør blir begravd i juni 1820, og er då oppgitt å være 40 år gamal. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Døde og begravede 1819-1821, side 120. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Kan Malene ha vært utenbygds i 1801? Finner ei 22 år gammel tjenestejente i Lærdal i 1801 som heter Malene Andersdatter - [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=f1801&gardpostnr=40835&personpostnr=588295&merk=588295#ovre>Lenke I Leikanger finner jeg også ei tjenestejente på 24 år som heter Malene Andersdatter -

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk til dåke begge for innspela.Berit: Dessverre nemner ikkje dette sjeleregisteret barn. (nokre få unnatak utan at eg veit kvifor).Grethe: Eg har sett desse, men det er litt utanfor det distriktet desse pleidde å reise til, men ikkje umogeleg.Eg skal sjekke dei litt:Leikanger: Det finnes kun ei Malene Andersdtr i byrjinga av 20-åra i FT 1801, og det er den du har funne. I 1777 blir det fødd ei Malene Andersdtr på garden Eithun. Denne blir gift i 1805. Eg trur difor dette må være ho du har funne.Lærdal: Også her er det berre ei i høveleg alder i FT 1801, som då er den du har funne, og som då var 22 år. Det finnes også ei som er 26 år, men denne er allerede gift. Den yngste av desse Malenane i 1801 blir gift i 1807. Eg oversikta over fødde i Lærdal/Årdal finn eg berre ei som er aktuell, og ho er fødd i 1877. Med litt feilmargin, kan det være begge desse to som er funne i 1801. (Dessverre ikkje oppgitt kva gard ho var fødd på). Det betyr at det oppheldt seg ei Malene Andersdtr i Lærdal/Årdal i 1801 som ikkje var fødd i det prestegjeldet. Uansett kven av dei to det var, så er ho litt i eldste laget, og blei dessutan gift der inne.Eg ser difor på desse som lite trulege kandidater, men takk for tipset.Ein liten tanke begynner å svirre i hodet. Det er noko rart her: I BB Naustdal så er Mathias Andersen kun nemnd som fødd kring 1781. Han står oppført i FT 1801 som Matias Andersen 20 år ugift, ellers er han ikkje nemnd nokon stad som eg kan finne. Eg veit ikkje om det er frå FT 1801 forfattaren har henta han frå, men eg kan i alle fall ikkje finne han andre stadar. Mathias er ikkje nemnd i skifte etter faren i 1807. Eg finn han heller ikkje som gravlagd i Førde/Naustdal mellom 1801 og 1807. Han kan sjølvsagt være flytta, og døydd ein annan stad, men i så fall har han ikkje gifta seg. Litt rart dette. Desse tre barna som eg tok med innledningsvis er jo også fødd så tett at det er litt mistenkeleg, men det kan som sagt være tvillngar. Endå meir rart er det at Mathias står etter dei andre gutane i oversikta på FT 1801, endå han ikkje var yngst. Han står forran dei andre jentene som budde heime i 1801, og han var eldre enn dei. Eg legg inn at familien i FT 1801 her LenkeKan Matias Andersen eigentleg være Malina Andersdtr?Er det nokon som har tilgang til orginalane (eller kopiar av desse) som kan sjekke kva som står der?mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Martes konf 1788 [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=kf14321748&gardpostnr=1188&personpostnr=1188&merk=1188#ovre>Lenke Dortes konf 1790 Lenke Ingvalds konf 1792 Lenke Olines dåp 1783 Lenke Oles dåp 1786 Lenke Alis dåp 1788 Lenke Anne sofies dåp 1790 Lenke Moses dåp 1793 Lenke Pernilles dåp 1795 Lenke Sjeleregisteret 1789 Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

lenken til skifte var feil. Legger det inn her:'Yngve Nedrebø, SAB / DA, 14.9.2009 07:05 (2) Dato 11. juni 1807, enke Ingeborg Danielsdatter og barna Ingvald, Ole, Moses, 14, Marthe, g.m. Ole Olsen Ulleland, Dorthe, g.m. Lars Torstensen Aae i Nordfjord, Malene, 26, Oline, g.m. Nils Andersen Emhjellen i Nordfjord, Alis, 19, Anne Sophie, 17 og Pernille, 12 år.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Arnfrid. Fint at du ordna med skiftet, eg veit ikkje kva som gjekk gale der.Oversikta di stemmer bra med BB Naustdal. Det skal være ein Henrik fødd kring 1774 og Olina f. i 1783, i tillegg då til Mathias og/eller Malina.Familien til Malina er for så vidt ikkje så aktuell, med mindre det er opplysningar som kan kaste lys over Matias/Malina problemet.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Olina har jeg med. 4. lenke i (5).Malene kan være konfirmert etter 1797 og døpt etter 1781. Da er hun ikke med i databasene. Ingen Mathias finnes blant døde, f ca 1780, så vidt jeg kan se, så da kan vel Mathias i 1801 være feilskrevet for Malene. Vet ikke hvor originalen er, men Fylkesarkivet har vært hjelpsom overfor meg når det gjelder originaler på enkeltgårder.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Beklager Arnfrid, eg oversåg den.Takk for tipset om fylkesarkivet. Eg sender ein epost til dei,så får vi sjå.mvh egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

På nettsidene til Arkivverket finner du en oversikt over folketellinger LenkeHer opplyses det at folketellingene 1875, 1885 og 1900 finnes i original i statsarkivene, de andre tellingene finnes i Riksarkivet. Det betyr at den originale 1801-tellingen er i Riksarkivet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

(11) Jeg tenkte helst om der var kommunale kilder.Ellers dør det en Mads Andersen f 1781 d 1802 på Sygna i Gaular. Det er den eneste jeg finner, men han kan jo være flyttet ut av fylket.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for tipset Grethe.Arnfrid: Ja, det er ikkje godt å vite kor han blei evt. blei av. Denne karen på Sygna kan vel være denne Mads Andersen 19 år 1801. Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

her er Mads Danielsen i 1801 LenkeDersom han er Ingeborgs barnløse bror så tror jeg at Mathias (Mathes) overtok bruket hans i 1812.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for interessante innlegg Arnfrid.Eg har litt vanskar med sånn i farten å klare å finlese alt som står i linken i innlegg 14. Det er rett at Mads er ein yngre bror av Ingeborg. Det eg i farten ser ut av linken er at Mads Danielsen virkar som formyndar for ein kvan og at noko då blir tinglyst i Førde i 1812, men denne les eg som Moses Andersen (Eller står det noko meir namn inn i teksten?).I følge BB Naustdal blir Mads Danielsen gift med Helena Bendiksdtr på Byrkjeland i 1790, og dei to blir buande på Byrkjeland bnr 3 som dei driv frå 1790. Mads dør i 1818, og Helena giftar seg opp at i 1819 med Moses Andersen f. Hamre 1793 (kan det være han som er omtalt i linken ovanfor). Helena dør i 1843 og Moses giftar seg opp at med Synneva Hansdtr i 1844. Moses dør i 1856 og Synneva i 1876. Det er ikkje oppgitt nokon barn av nokon av desse ekteskapa.Denne Moses som gifta seg med enka på Byrkjeland, er som du sikkert har skjønt bror til Malina Hamre.Sidan Mads Danielsen døde før Ingeborg (ho døde i 1822), så er det vel lite truleg at barna til Ingeborg er nemnde i skiftet hans. Kanskje meir truleg i Helene sitt skifte, dersom det var noko igjen.Som sagt trur eg dette må være snakk om Moses, men du får ha takk for at du leita. Og heilt fånyttes var det no ikkje, for den som leitar han finn, men ikkje alltid det han leitar etter. Denne Synneva Hansdtr som Moses giftar seg med, viser seg å kunne være interessant i ei anna sak eg jobbar med.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.