Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#72320] Om bruken av framandord i nynorsk bygdebokskriving

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Som bokskrivar i eit sokalla nynorskherad (Luster i Sogn), der målsetjingi er å skriva eit tradisjonelt og godt nynorsk med lokal ''vri'', har eg stundom vanskar med å omsetja einskildord som meir eller mindre har teke plass i det norske målføret. Eg vil gjerne få nemna nokre døme...:IT-konsulent; kva er det? Datarådgjevar?Forsikringsagent; kva er det? Trygdeseljar?Serviceprovider; kva er det? Tenesteytar?Eg er vel ikkje åleine om å ergra meg over slike unorske uttrykk, eller...? Kommentarar og andre framandord - med omsetjing - vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ola Ljødal

Om du finner nynorske ord som sikkert er gode nok og sier hva ordene står for idag - og du bruker dem i dine skrifter - KAN det bli problemer for fremtidige lesere å fatte hva titlene står for. Fordi de betegnelsene du nevner, og mange flere, er kommet for å bli, enten man liker det eller ei.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ola for nytt innlegg!Diverre har det norske landsmålet i alle år måtta kjempa ein hard kamp mot påverkingar utanfrå, men eg meiner det vil vera feil å bøyga seg for desse framande uttrykki i det norske målet. Her er det ikkje tale om å vera sta, men heller om å vera stolt av det flotte målet me har i dette landet. Er det so feil å uttrykka ønskje om å føra dette målet vidare til kommande ættledd?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Hålåsæter

Datarådgjevar ? Data er vel også et fremmedord ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Helge for kommentar!Jau, data er eit dårleg ord i nynorsk, men her har me eit døme på eit ord som er vanskeleg å omsetja. Data er vel ei ''Samling av kunnskap'', men dette er jo utan meining...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Tillegg til siste: Me seier datamaskin på norsk. På godt tysk heiter det ein ''reknar'' (Rechner). Uansett er ord samansett med data betre enn ''computer''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Hålåsæter

Informasjonshandsaming er vel enda bedre nynorsk. Data er ikke informasjon, men kryptiske biter. Program oversetter disse bitsene til informasjon som mennesket kan lese.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Lars, du kan ikkje sette om yrkesnemningar som folk har gitt opp sjølve (trulig på eigne skjema); det har du ikkje noke med...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Hildrum

Vær også klar over at IT-konsulent kan romme mange ulike tng innen IT-bransjen. Sett at du oversetter det til Datarådgjevar, mens i virkligheten var personen faktisk programmerer.Forsikringsagent, han kan da like gjerne formidle bilforsikring, brannforsikring som evt trygdeforsikring. Det er en person som formidler en eller annen forsikrng. Men nå kan selvfølgelig en som kjenner til yrket komme og si at han også selger, og at det er like mange ulike arbeidsområder der som det er med IT-konsulent.Serviceprovider, ja hva er det? Er det de som leverer Internett etc til folk eller er det noe helt annet. De yter ihvertfall ikke alle mulige tjenester.Jeg skal høre litt med de jeg kjenner som er nynorsk folk og se om de har noen forslag. Men kanskje må selv nynorske bygdebøker akseptere at de må ha med ett og annet som ikke er nynorsk.Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Lars, i (1) skriv du 'tradisjonelt og godt nynorsk med lokal 'vri'.' Dette tyder eg slik at du skriv bøkene på nynorsk iblanda noko frå talespråket i Luster. Der brukar dei vel endå i-endingar, og kanskje det er det du vil ha med frå talespråket. Når det gjeld nyare yrkesprofesjonar som t.d. IT-konsulent og forsikringsagent, så vil eg tru at til og med lustringane seier det. IT er dessutan berre ei kortform for informasjonsteknologi, eit svært langt ord.Så blir vel spørsmålet kva dei seier i Luster no for tida.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Eg er ikkje så sikker på at det er så klokt å utstyre nolevande folk med 'tidsrette' yrkesnemningar - først og fremst fordi dette endrar seg. Noko av det dummaste eg har sett i denne litteraturen er ei bygdebok som gjekk så langt som å titulere folk som 'kontordame', 'student', 'skuleelev' m.m. (hugsar ikkje om 'pensjonist' vart nytta). Dette er nokre år sidan, så 'kontordama' er kanskje 'dagleg leiar' eller 'konsulent', studenten er vonleg ferdig utdanna, og skuleeleven har vorte vaksen.Det er litt meir langliva om ein heller seier kva dei held på med - men det er ikkje så enkelt det heller. Ein 'IT-konsulent' held på med informasjonsteknologi, som kanskje heiter noko heilt anna om 20 år. Ein forsikringsagent formidlar forsikring/trygding og kan vel kallast forsikringsagent?Ein 'serviceprovider' må vel først og fremst vere ein person som er dårleg i engelsk, og nesten like dårleg i norsk.... Men han/ho driv tydelegvis i tenesteytande næring, utan at tittelen fortel noko særleg meir.Ver varsam-plakaten gjeld kanskje ikkje bygdebøker, men punktet om at folk skal vernast mot eigne utsegner kan sikkert gjere teneste her også: '3.9 [...] Vis særleg omsyn overfor personar som ein ikkje kan vente er klar over verknaden av det dei uttaler til pressa. Misbruk ikkje andres kjensler, kunnskapsløyse eller sviktande dømmekraft. ...'Mange av oss vil skifte både fag og bransje gjennom yrkeslivet. Det som er rett for ein 30-åring i dag, kan vere misvisande om 30 år for den same personen. (Fleirtalet av bygdebøkene eg har er nær 30 år eller meir....)For dei som nermar seg slutten av yrkeslivet (i den grad ein veit det... eg har fleire framleis aktive kollegaer over 70) er det litt enklare. Då kan ein seie kva bransje eller fagområde han/ho arbeidd med.Ola (2): Titlar i dag vil vere nettopp det. Titlar frå 1970-talet kan vere ukjende for ungdom no. I dag finst det kanskje fleire legat etter disponentar enn det finst disponentar...., til dømes.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest André Martinsen

Lars Øyane, du har min uforbeholdne støtte til å fornorske eller å norvagisere utenlandske ord, og herunder yrkesbetegnelser som kommer fra engelsk.Jeg anbefaler likevel at du godtar klassiske latinske ord, f.eks. 'datum' (flertall: 'data').IT er således greit, da det betyr informasjonsteknologi. Konsulent er rådgiver. Det blir IT-rådgiver (-rådgjevar).En agent er en selger (seljar) eller salgsmann (salsmann). Det blir forsikringsselger.En serviceprovider kan være alt fra kundebehandler til tjenesteyter, avhengig av innholdet i stillingen.Jeg skal med glede forsøke å bistå deg videre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Ove Wangensteen

En fellesnevning av de tre eksemplene Lars gir i 1:'Tjenesteytende virksomhet'(oversettelsen til Lustersk får andre da jeg tror jeg var syk i nynorsk-timene)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.