Gå til innhold
Arkivverket

[#72336] Andreas Jørgenson Haukås f. 16.3.1865 Lindås Rømt i land frå båt i Mobile i 1906


Gjest Per Utne
 Del

Recommended Posts

Andreas Jørgenson er bror til bestefar min, Peder Jørgenson Haukås f.10.7.1862 på Lindås, og busett der. Jørgen må ha kome bort litt tidleg for det er ingen av vår generasjon som har høyrt om han. Vi finn Jørgen i folketeljing i Bergen i 1891, sjømann og fyrbøtar. Vidare finn vi han i sjømanns-protokollane på statsarkivet i Bergen. Han har mønstra på og av båtar mange gonger i tidsrommet 1882-1905. Siste gongen han mønstrar på er 3.3.1905 i Kristiania til USA. Namnet på båten klarar vi ikkje å tyda på kopien som vi har. I kolonnen for avmønstring står '16.4.1906 rømt i Mobile'. Det må vel vera Mobile i Alabama i den Meksikanske gulf. Eg finn ikkje nokon som pasar på Ancestry. Kor vart det av han? Har nokon tips kor eg kan leita vidare. Med helsing Per

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skal koma med nokre tilleggs-opplysningar. Vi finn på Ancestry 2 Andreas Jorgenson gått i land i New York. Ein den 12.6.1905 frå båten 'Hellig Olav', men på den tid var han på ein annan båt. Men vi finn ein Andreas Jorgenson f. 1865 gått i land frå 'St Paul' 14.5.1917. På lista står det at vedkomande hadde budd i USA, New York, New Jercey 1899-1902 og 1905-1916. Han vi søkjer kan ifølgje mønstringane ha vore i USA i desse periodane. Hadde det stått frå 1906 hadde det klaffa heilt. Men eg finn han ikkje vidare. Eg er svært takksam for tips om kor eg kan leita vidare. Med helsing Per

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Arvid Skogseth

Her er litt opplysningar om Andreas, henta frå Bygdebok for Lindås, Band 3 (2008): Andreas Jørgensen f. 1865 Haukås (bnr 2), var fyrbøtar til sjøs med bustad Bergen i folketeljinga 1891, budde i Amerika då mora døydde i 1905. Han fekk skøyte på (Haukås) bnr 9 i 1896 for 1300 kr etter odelsløysing (faren Jørgen Monson var opphavleg eigar). Han selde bruket i 1900 for 600 kr til Hans Jakob Anderson Laastad f. 1834 d. 1914 (jf Løtveit 97/3).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Utne

Takk for opplysningane og interessa. Bygdebok for Lindås Bd. 3 har gitt oss eit godt spor å leita vidare etter. Med helsing Per

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.