Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#72427] Haugianaren Elling Hansen Høydal forsvunnen Sunnfjord/Møre ca. 1820

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Elling Hanssen Høydal er fødd Tune i Østfold 1776 Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7493&idx_id=7493&uid=ny&idx_side=-113>Lenke Permanent bildelenke: LenkeHan er søskenbarn av Hans Nielsen Hauge, og blir gift med Marie Gutormsdtr i Bergen 30. mars 1804, og har då Hans Nielsen Hauge som forlovar (nede høgre).Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeEg finn tre barn fødde i Bergen: Hans Henrich 1805 Lenke Gutorm 1807 Lenke og Elen Marie i 1809 LenkeDeretter finn eg ikkje meir om familien i Bergen. Eg finn dei ikkje der i FT 1815.I 1817 dukkar det opp ein Elling Hansen på Haugianargarden Svanøy i Kinn (Eg har ikkje noko holdepunkt for når han kom til Svanøy, men det må være før 1817). Elling Hansen Svanøy er nemnd som fadder for fleire av barna til Haugianaren Ole Torgersen Svanøy i perioden 1817-1826. Eg vil tru at dette er den same Elling Hansen som var i Bergen, men dette er ein periode der barna hans skulle ha blitt konfirmert, men eg finn dei ikkje konfirmert i Kinn. Litt rart.Ut over dette finn eg ikkje meir opplysningar om han eller kona.To av barna har eg funne at i 1865. Gutorm i Ålesund Lenke og Elen Marie på Tingvoll (Nordmøre)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Bjerkevoll

Ser at Guttorm fortsatt er i Ålesund 1875 uten at det hjelper deg da.LenkeEllers så liker nok ikke romsdalinger å bli plassert på Nordmøre :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Huff då, det var ikkje meinga. Det verste er at eg har budd så pass på Nordmøre at eg viste no det. Beklager. Eg får heller teie stilt neste gang eg blir omtalt som Sogning.Takk for at du fann Hans i 1875. Det skulle jo tyde på at han vart gift ein gong, sidan han her er enkemann. (Dei to andre barna var ugifte i 1865 og Guttorm framleis i 1875).mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Bjerkevoll

Det finnes også en Hans Henrik Høydal 23 år i Ålesund 1865. Han er oppgitt født på Tingvoll. Kan det være sønn til Hans 1805? I samme husstand også Ellen Marie Svabø f Høydal 35 år f ca 1830. Om disse 2 er søsken og barn av Hans så kan det jo tyde på at familien har budd på Tingvoll.Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Bjerkevoll

Født i Nesset jan 1844. Hans Hendrik Høydal med far Hans Hendrik og mor MaritLenkeNesset har bygdebøker som kanskje forteller mer om familien.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Flott Helge, og her er Elen Marie fødd i Ålesund 1831. Det kan sjå ut som det er same familien (nr. 23) Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Borgund i Borgund, Ministerialbok nr. 528A06 (1828-1839), Fødte og døpte 1832, side 38. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16004&idx_id=16004&uid=ny&idx_side=-35>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Elling Høidal døydde på storgarden Våge i Veøy, Romsdal, i 1833. Sonen Hans budde som fargar på Nordigård i Ålesund i 1832 og 1833. I 1865 budde han på Våge.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

TAkk for det Bjørn.Då finn vi Hans Henrik konfirmert Våge i Veøy 1822 (nr. 1), Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Veøy i Veøy, Ministerialbok nr. 547A04 (1818-1845), Konfirmerte 1821-1823, side 488-489. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16045&idx_id=16045&uid=ny&idx_side=-181>Lenke Permanent bildelenke: Lenke og Guttorm her i 1824 (nr. 1) Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Veøy i Veøy, Ministerialbok nr. 547A04 (1818-1845), Konfirmerte 1823-1825, side 492-493. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeElen Marie konfirmert Veøy 1824 (nr. 1) Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Veøy i Veøy, Ministerialbok nr. 547A04 (1818-1845), Konfirmerte 1822-1824, side 490-491. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeElling Høidal sin død i 1833, han er då oppgitt som 57 år gamal, og det passer jo bra. Dessverre står det ikkje om han er enkemann eller ikkje. Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Veøy i Veøy, Ministerialbok nr. 547A04 (1818-1845), Døde og begravede 1832-1833, side 212-213. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det er vel svært sannsynlig at det dreier seg om samme mannen. Elling Hanssen 'Stoer Høyedahl' fra Tune sokn fikk ellers 1. februar 1803 borgarskap som kjøpmann i Bergen. Fra 26. januar 1803 hadde han skøyte på hus 27 i 23. rode, der han budde.Fargar Hans Høidal (fødd 1805) var ellers i Ålesund enno i 1835, då han var forlovar for murmeister Lars Sandberg og Ingeborg Trulsdatter Aanning.Familien Svabø i/fra Ålesund er etterkommarar etter Høidal'ane (som Synnøve Svabø).Du må få tak i Veøyboka og finne ut meir om haugianarinvasjonen på embetsmannsgarden Våge.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

O. Olafsen: Veøy i fortid og nutid, Bind II, 1926, side 333 (om Høidal'ane på Nsdre Våge). Elling Høidal kjøpte garden i 1821 av major von Hadelen. Lang soge.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg har no fått tak i Veøyboka (bind I og II) og gått gjennom informasjonen om garden Vaage og informasjon om innflytta personar til Veøy. Mykje bra informasjon, men dessverre ikkje noko som kobler Elling Hansen Høydal til Svanøy. Elling Hansen Høydal kjøpte garden Vaage i 1821 og sat på den til 1833, då den blei overdratt til sonen Hans.Det mest interessante er vel at når sonen Hans må la garden gå på auksjon for andre gang i 1851, så er det Oluf Svanø frå Sunnfjord som kjøper den. Oluf er i Veøyboka oppgitt til å være son til Haugianaren Ole Torgersen Svanø (Det rette er vel truleg at dette er barnebarnet til Ole Torgersen Svanø, Oluf Torgersen Svanø som blir fødd i Bergen 1832).Eg har gått gjennom dåpane i Kinn på ny, for perioden 1821-1833, og Elling Hansen, Svanøy finn eg som fadder tre ganger i denne perioden (1821, 22 og 26). Eg finn han ikkje som fadder i Veøy i den same perioden, men derimot sonen Hans finn eg som fadder i Veøy både i 1824, 1825 og 1828.Vanskeleg å finne sikker dokumentasjon, men likevel kan det sjå ut som om Elling Hansen på Svanøy og Elling Hansen Høydal er same person, sjølv om ser litt rart ut at han både skal ha budd på Svanøy og i Veøy i denne perioden. Han kan sjølvsagt ha budd tidvis i Veøy og tidvis på Svanøy. Eg får ta det som eit utgangspunkt.Dersom nokon finn meir dokumentasjon, så tar eg gjerne i mot det.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg blir nøydd til å ta opp att denne oppgåva, då eg ser at eg har lurt meg sjølv trill rundt.Interessant med all informasjonen om Elling Hansen Høydahl, og dette har vore nyttig for meg. Eg kan fylle ut at han selde forretninga si og flytta frå Bergen i 1812.Når eg no har gått gjennom noteringane mine på nytt på leit etter noko anna, kom eg over at eg har registrert Elling Hansen Svanøy død på Svanøy 70 år gamal i februar 1856. (Hadde dessverre gløymt dette når eg la inn oppgåva) Det er difor truleg ikkje Elling Hansen Høydahl som var nytta som fadder på Svanøy kring 1820. (Elling Hansen Høydahl døde som det kjem fram ovanfor på Veøy i 1833).Spørsmålet blir då: Kven var Elling Hansen Svanøy? Han må være fødd kring 1786.Eg legg inn ein forespurnad på arkivforum om skifte etter denne Elling Hansen Svanøy, men dersom det er nokon som har andre opplysningar om han, så tar eg gjerne i mot.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Dessverre ikkje noko skifte å finne etter Elling Hansen Svanøy, som kan seie noko om kven han var.Eg har funne han første gang på Svanøy som fadder i 1817 og han er då nytta fleire ganger i alle fall fram til 1826. 30 år seinare døyr han altså, i 1856 70 år gamal, dvs. fødd kring 1786.I Sogn og Fjordane er det i FT 1801 to Elling Hansen som er fødd kring 1786, ein i Aurland og ein i Ytre Holmedal (Fjaler). Begge desse har eg sjekka ut av saka. Elling Hanssen Svanøy må difor være frå ein stad utanfor Sogn og Fjordane.Eg finn følgande kandidater i FT 1801.Lands Prestegjeld (oppland): Elling Hansen, Grime gard, 15 år.Nordrehaug prestegjeld (Buskerud): Elling Hansen, Løche gard, 17 år.Modum prestegjeld (Buskerud): Elling Hansen, Sporpin gard, 16 år.Bjelland Prestegjeld (Vest-agder): Elling Hansen, Kylland gard, 16 år.Ulfsteen prestegjeld (M/R): Elling Hansen, Stareyd gard, 14 år.Stadsbøygden prestegjeld (Sør-Trøndelag): Elling Hansen, Dahle gard, 17 år.Er det nokon som kjenner til nokon av desse?Det kan sjølvsagt være større margin på alder enn det eg har lagt inn, eller små varisjoner i skrivemåten, som gjer til at det er kandidater som eg ikkje har funne fram.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trine Barrusten Femtehjell

Hei Egil!Jeg sitter på boken 'Hans Nielsen Hauge og hans slekt' og starter med hans oldefar. Boken er det jeg kaller veiledende, da det er mange feil i den, men alikevel kan den gi pekepinn. Jeg kan gjerne se om jeg kan finne opplysninger for deg mtp barna, men trenger da noen flere fullstendige navn av deg, da boken ikke er mest oversiktlig. Kanskje den kan gi deg noen tips på hvor du bør lete? Boken er et 'slektstre' og starter i 1622 og går frem til ca 1967 da den ble utgitt. Mvh Trine

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for det Trine. Det kunne vært interessant å finne ut korleis det gjekk med etterkommarane til Elling Hansen Høydal.Først lurer eg på om du kunne hjelpe meg med å avklare nokre slektsforhold.I følge litteraturen skal Hans Nielsen Hauge og Elling Hansen Høydal være søskenbarn. Då burde jo to av foreldra deira være søsken. Foreldra til Hans Nielsen Hauge (f. 1771) er Niels Michelsen og Maria Olsdtr. Foreldra til Elling Hansen Høydal (f. 1776) er Hans Hendricsen og Ellen Hansdtr. Her burde det jo då ha vore nokre like farsnamn, men det kan sjølvsagt være snakk om halvsøsken. Klarer du å finne ut av dette.Anna Halvorsdtr Viste skal også være i slekt med Hans Nielsen Hauge, utan at eg har klart å finne koblinga. Ho er fødd i 1774 (døypt 1775) på Haugestein? og har foreldra Halvor Olsen og Siri Edskilsdtr. Dei flyttar seinare til garden Vister. Begge gardane er i Tune. Her kan sjølvsagt Halvor være bror til mor til Hans Nielsen Hauge, men eg har ikkje klart å finne det ut. Eg veit heller ikkje kor nær dei var i slekt.Så til Elling Hansen og etterkommarane hans (litt usikker på kor mykje du treng). Han er som sagt fødd på Høydal i Tune i 1776 av foreldra Hans Hendricsen og Ellen Hansdtr. Han blir gift i Bergen med Marie Gutormsdtr i 1804. Dei får tre barn. Hans Hendrich Ellingsen Høydal i 1805 (også omtalt som Hans Hendrichsen Høydal), Gutorm Ellingsen Høydal f. 1807 og Ellen Marie Ellingsdtr Høydal i 1809 (Vær oppmerksom på at Hans Hendrich Høydal får ein son kalla Hans Hendrich Høydal i 1844 og ei datter kalla Elen Marie Høydal i 1831, så det kan bli litt namneforvirring).Eg veit ikkje om dette er nok opplysningar til at du finn fram?mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Iver Mosvold

Det var vel Ellen Hansdatter (Elling Hansens mor) som hadde forbindelse til Hauge (i Tune). Men Nils Michelsen (H.N.Hauges far) – han var vel egentlig fra Rygge?Kan det derfor ha vært mødrene som har hatt en slektsrelasjon, som for eksempel halvsøsken.IM

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Egil (15): 'Ulfsteen prestegjeld (M/R): Elling Hansen, Stareyd gard, 14 år.'Her skal det nok stå Hareyd. Denne Elling Hansen, 1787-1861, kan vi identifisere som son til Hans Ellingson og Inge Larsd. Hareid. Elling var g Anne Marie Eliasd. Barstad, Ørsta og budde på (garden) Hareid. (Bygdebok for Ulstein og Hareid, b.5 s.195 og 192)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

(18). Du har vel mest truleg rett i det. Eg har som sagt ikkje funne fødslane til nokon av desse, men i og med at farsnamnet deira er forskjellig, så må det vel være på morsida dei er halvsøsken. I KB er dessverre berre namnet på fedrene oppgitt ved dåp, og det gjer det jo litt vanskelegare.(19). Takk for det, då kan vi vel stryke han av lista.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.