Gå til innhold
Arkivverket
Gjest mari lien

[#72512] Barthold Baarstad Meignaud. Kvar voks han opp?

Recommended Posts

Gjest mari lien

Han var født i Oslo 1912.Foreldra var ikkje gifte og Barthold vart oppfostra hjå ein prestefamilie,men vi yngre hugsar ikkje kvar. Han vart sjøkaptein. No 'dukkar' ein son fram i Wales og spør etter slekt og opplysningar. Slekta har han funne,men kvar voks faren opp? Det einaste han veit er at det var ei som heitte Marie. Nokon som har høyrt om Barthold? Faren var fransk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Har du dåpsregistreringa/evt.fødselsregistreringa? Kanskje det kan vera ein stad å byrja?Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest mari lien

Barthold var fødd 6.august og døypt 20.oktober. Namna på fadrane var:Chauffuer Henri Coste og hustru,musiker Barthold Baarstad,fru Emilie Baarstad.Dåpen var anmeldt av mora,Inga Baarstad,så guten var vel framleis hjå mora.Hennar opphaldsstad var Eikersbygd(noko utydeleg).Linken har vi fått frå Wales. Familien Baarstad budde da i Oslo,men flytta seinare til Elverum og sist attende til Oslo.Barthold er tremenningen min og vi høyrde om han medan vi var barn. Årnes eller Åsnes 'dukkar'opp når vi tenkjer på kvar fosterfamilien(presten)budde,men det er lite å lita på. Det var truleg ikkje nokon formell adopsjon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Norges håndverkere 1934: Johannes Baarstad, malermester, Elverum, f.6-1-1862 i Vågå. Foreldre: Peder Baarstad og Ingebjørg Myhrum. Utl. 1884 i Nordre Fron, Gudbrandsdalen, sv.pr. i Oslo 1896, flyttet til Elverum 1912. Utført meget kom. arbeid i Oslo og Elverum. Deltar i håndverkets organisasjonsarbeid. Gift 2.gang 1903 med Emilie Larsen. Foreldre: Oljetøifabrikant G.Larsen og Agnes. 3 sønner og 1 datter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest mari lien

Takk til Carsten! Vi visste ikkje etternamnet til Emilie og heller ikkje når familien flytta til Elverum.Fyrste kona til Johannes heitte Kristine Bartholdsen,mor til dei fire borna.Vi har kontakt med etterkomarane deira. Somme av dei har høyrt om Barthold,men ingen veit noko. Ja,Inga hadde både ein bror og ein son med namnet Barthold. At sonen hadde det namnet visste vi fyrst då sonen hans att 'fann' oss. Går det an å finna noko i sjømannslister?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Jeg finner ikke dåpen hans i Oslo (kan ha oversett det), heller ikke spor av han på gravminner i Norge. Bodde han her i landet i sitt voksne liv? Han er heller ikke omtalt i Norges skipsførere (utgitt 1954).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Inga giftet seg i 1914 med musiker Osvald Julius HansenLenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Hei Carsten :-) Eg trur du gjer feil når du kopierar krk.bok sider. Du må opna kirkeboka, så klikkar du på den vesle pila der det står 'bildeinformasjon', klikk på 'øverst'.Då får du fram 3 linjer, merk den midterste, og kopier som vanleg. Legg den inn i temaet, eller der du vil :-)Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

ØH, no virka det, istad stod det det same som det gjer når nokon har gjort feil.Beklagar!Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddrun Løkken

Ifølge sønnen gifta Barthold seg 23. oktober 1947 i Newport. Barthold hadde ofte seilt inn til denne havna etter krigen, og var 'Merchant Marine Officer'. Tre sønner, 1949, 1959 og 1952. Barthold returnerte til sjømannslivet sent på 1950-tallet. Døde bare 53 år gammel i 1965. Forble norsk hele livet, ble altså ikke britisk statsborger. Etter hans død ødela kona omtrent alt (foto, dokumenter) pga sorg. Hun døde i 2007. Eneste sønnen husker at faren nevnte om barndommen var navnet Marie/Maria, og han hadde noen sølvskjeer med bokstaven M, disse skulle ha tilhørt hans mor. Er noe av dette til hjelp?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Sidan du/de no veit kvar han gifta seg, så er det kanskje noko notert i eit eller anna arkiv i Newport eller omegn?Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest mari lien

Eit spørsmål noko til sides og som Carsten Schanche truleg kan svara på. Kristine Baarstad døydde 1899.I ft.1900 bur familien i Trondheimsveien. Kva kyrkje sokna dei da til? Gravstein over Kristine er vel ikkje til lenger?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddrun Løkken

Sonen har leitt i arkiv i Newport, men ikkje funne noko. Einaste opplysninga på vigselsattesten er navnet til Barthold sin far. Har fått undersøkt på Årnes og Åsnes etter ham, men fann han ikkje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest mari lien

Petrus menighet omfattar vel mange kyrkjer? Går det i så fall an å finna kyrkja der Kristine er gravlagt? Eg greier heller ikkje tyda bopeladressa til familien når Kristine døyr.Det er eit namn som ikkje er til idag? Oslo er vanskeleg for meg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Her har du Herslebsgt 4 i 1900-tellingen: LenkeMvh. Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddrun Løkken

Har spurt frelsesarmeen, men dei kunne ikkje hjelpe. Legg ved eit bilete av det vi trur er Barthold og fosterfar hans. Kanskje det kan hjelpe? Nokon som har ide om kva vi kan gjera vidare for å finne han?

bilete7987.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest mari lien

Vi tek fram att temaet og kjem med eit nytt spørsmål: Familien flytta til Elverum i 1912. Dei måtte vel da melda utflytting? Barthold var døypt i Frogner kyrkje, men eg finn ikkje utflyttarliste i kyrkjebøkene der. Spørsmålet er om han(og mora)var med til Elverum og at det da laut vera i disrtiktet der han vaks opp. Las nett i ein annan debatt her om Oslo byarkiv. Kva går det ut på?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.